Uttrykk for inntrykk

Full av inntrykk. Like full som alltid når kvelden kjem. Men som regel får ein seg til å tru at ein søv dei av seg i løpet av natta, slik at ein kan oppføra seg som ei blank tavle neste morgon, som eit glatt laken.

For ein gongs skuld krev inntrykka uttrykk. Ein mindre blasert dag.

Mediepulsen. Tusenvis av hjarteslag. Dundrar gjennom døgnet. Det meste renn inn øyra eller auga og ut att. Straumen er for sterk til at ein kan bli ståande og ta imot.

Dagens dose

Nettmølla går og går, men få saker kvernar seg fast. I dag, dette:

Tre omkomne i trafikkulukke i Jølster. 

Via Facebook: Ein bloggar fortel korleis det var å dela ut julegåver til fattige på julaftan.

Radioen som opnar munnen kvar gong ein skrur lyset på på badet. Ei P2-røyst pludrar om jul.  

BBC World Service akkompagnerer rydding av rom: Ein forskar har forska på kva effekt musikk har på demente. Ein journalist snakkar med arbeidarar som har mista jobbane sine fordi nokon meiner at fabrikken dei jobba for, dreiv med slavearbeid. 

Papiravisa Dag og Tid i sofaen: Nye flyktningeruter frå Afrika til Europa. Ein stjerne-pianist fortel om Beethoven. Ravatn skriv om kor lurt og vanskeleg det er å la vera å lystra lystene til bavian-hjernen, til dømes det å sjekka Facebook. Reportasje frå norsk kjøtproduksjon, grisane Gunnar og Knut døyr. Debattsider fulle av klimatankar: Norsk olje er ein del av problemet. Ein tekst om Prøysen som "var råka av framandgjerande angst"

Venninna som fortel historia om kuppet i Chile, og om dei som forsvann.

Film: Terraferma. Båtflykningar. Grensene mellom menneske som fortel kven som får vera kvar, og kven som skal kastast ut i havet att. 

Eit Pushwagner-bilete som eg har klistra på kommoden.


Samling av trådar/knute
Skal ein misunna dei som levde før? Dei som skjøtta garden sin og fekk høyra nytt frå grannen langs kjerrevegen?

Nei, det skal me då ikkje, me som er velsinga med kunnskaps- og informasjonsflaumen. Få druknar.

Overlevingsinstinktet i den nye jungelen: Me har lært oss å tåla liding og urett i store doser utan å bryta saman. Så sterke me er. Så maskinelt dyktige til å manøvrera gjennom den lynande og tordnande verdsveven, gjennom dei opprørte lydbølgjene, gjennom dei ausande lysdråpene frå tv-en og dei glødande bokstavane.


Kommentarer