JULEHOBBYBLOGG SPESIAL!

Hobbyblogg er ein sikker vinnar. Til tider har frk. K også lyst å vera ein vinnar. Difor kastar ho seg på bølga medan ho gisper etter luft.

Frk. K liker å laga julekort. Det har ho gjort i fleire år. Prinsippet hennar er: Bruk minst mogleg pengar. Ikkje fordi ho er grådig, men fordi ho ikkje liker kapitalismen og overforbruk og liknande.

I år har ho investert i ein pakke med farga ark frå Clas Ohlson til kr. 69, samt ein limstift. Blyant hadde ho frå før.

Korleis får ho inspirasjon? spør lesaren kanskje. Dagsnytt 18. Det er alltid greit å pusla med noko medan ein får med seg dagsaktuell debatt.

Som regel lagar ho kort pryda med Jesusbarnet m/fam, englar, juletre og hjarte.

I år var ho lei av det. Så ho prøvde noko nytt:



Ho innser at ho bidreg til av-kristninga og på-sekulariseringa av høgtida, og ho beklager. Det var ikkje meininga, jula er trass alt Jesus sin bursdag. Tenk om folk hadde fokusert på nissen på bursdagen til frk. K? Det hadde ho ikkje likt. 

Men det ligg diverre i kreativiten sitt vesen å bryta med tradisjonar og blanda saman ditt og datt. 

Frk. K håper med dette å ha inspirert til julekortlaging over heile landet. 

Ei formaning til slutt: Julekort og jula generelt handlar om å gleda andre. Ikkje om å gjera alt perfekt. 

God adventstid! 

Kommentarer