Prosjekt god: Yrke

I dag skal eg ta for meg eit ytre rammevilkår: Jobb.

Den gode sjukepleiaren

Kva yrke bør ein velja om ein ønskjer å vera eit godt menneske? Sjukepleiar er nok eit av dei sikraste korta. Mor mi er sjukepleiar. Ho bruker dagane sine på å hjelpa folk som verkeleg treng det. Ho jobbar i eit tungt yrke, utan å få betalt for det i form av høg løn eller status. Mor jobbar med demente, ei gruppe pasientar der sjukdomen gjer at dei ikkje alltid har høve til å visa takksemd. Kva får mor att for strevet? Vel, eg trur ikkje ho hadde orka det om ho ikkje var god.

Eg vart ikkje sjukepleiar. Kan hende burde eg det. Då ville kreftenene mine nesten garantert ha blitt brukt på ein god måte.

Sjølvrealiseringa

Generasjonen min har vekse opp med mottoet "sjølvrealisering er målet". Me er ein privelegert gjeng som blir oppmoda til å velja det yrket me føler at me verkeleg meistrar og liker. Dette har mellom anna ført til mangel på realfagleg kompetanse og ei overflod av unge som vil jobba med noko innanfor media.

Finanskrisa har gjort sjølvrealisering til ein vits for millionar av unge i verdsdelen som me sjølve er ein del av. Kva tid blir illusjonen om at individet kan velja yrke heilt fritt, broten i oljerike Noreg? Kor lenge har me råd til å tenkja på sjølvrealisering før kollektive behov? Behovet for lærarar og sjukepleiarar har alltid vore stort. Kor stort kan behovet bli før samfunnet raknar? I skulen merkar ein allereie at resultata er på veg nedover. I helse-Noreg er det vanskeleg å få kabalane til å gå opp.

Rett nok har samfunnet godt av at folk gjer ting dei er gode på, men ein kan bli flink til mykje som ikkje samsvarer heilt med den kjensla ein sit att med etter timesvis med meditasjon over spørsmålet "kven er eg, og kven bør eg bli?". Ofte blir svaret på spørsmålet eit yrke med høg prestisje, merkeleg nok.

Ein lærar er også god, men kva med ein journalist?

I fjor prøvde eg meg i eit anna yrke som eg vil plassera i kategorien "godt". Å vera lærar er å fylla ein viktig samfunnsfunksjon. Om ein er flink, kan ein bety mykje for elevane sine. Ein har høve til å gjeva vidare både kunnskap og omsorg. Men eg klarte ikkje å slå meg til ro med læraryrket. Kan hende burde eg ha gjort det.

No er eg på veg inn i eit yrke eg alltid har hatt ein draum om å få utøva: Journalistyrket. Her kan moralistane heva augebryna for journalistdraumen er nok ofte ein sjølvgod draum. Noreg treng ikkje fleire journalistar, det er kamp nok om arbeidsplassane som det er.

Eg er ein del av ein generasjon som er svolten på å bli sett. Som journalist har ein høve til å bli både sett og høyrt. Ein kan koma med meiningar frå toppen av eit sjølvstabla hierarki. Dessutan er det ein veg ein kan gå om ein har ambisjonar om å menga seg med dei "rette folka".

Trur eg verkeleg at eg kan tena til noko godt som journalist? Burde eg heller ikkje blitt lærar? Gjer eg dette berre fordi eg vil bli sett? Kan eg bli eit godt menneske som journalist?

Det er eit yrke med nok av feller. I jakta på overskrifter kan ein bli blind for kjenslene til dei som er involverte. Ein viser folk fram frå ein vinkel som ikkje alltid er i samsvar med deira eiga oppfatning av det dei driv med.

I klikk-tyranniets tidsalder kan ein koma til å skriva saker berre fordi ein vil gjeva folk noko å klikka på. Eit klikk er pengar i kassa. Ei klikk-sak i seg sjølv er ikkje ille, for viktige ting kan også gjerast til klikkplaster. Men om ein fôrar lesarane med meingstomt tull, bidreg ein til å dopa dei ned med dårskap. Å vera journalist er ikkje det same som å vera ein del av underhaldningsbransjen. God journalistikk kan vera underhaldande, men då er det noko som skjer fordi det ligg til grunn ei god sak som er godt skriven.

Om ein unngår fallgruvene, som det nok er fleire av enn dei eg har nemnt, er det fullt mogleg å vera eit godt menneske som journalist. Journalistar skal visa fram bilete av røynda. Bileta må vera så balanserte og sannferdige som mogleg, for det er desse bileta av røynda me skal bygga eit demokrati på. Ved å visa fram samfunnet, kan journalistar gjera det mogleg for folk å reagera på urett og gleda seg over det gode. Journalistar kan gjera folk i stand til å bli aktørar i samfunnet dei er ein del av.

Konklusjon: 

Som lærar og sjukepleiar har ein yrke som legg gode rammevilkår for at ein skal kunna utvikla seg til å bli eit godt menneske. Det er nok også mogleg å vera eit godt menneske som journalist, men rammene gjev ein ikkje like mykje gratis godheit som dei to andre yrka gjev.

Kommentarer

Anonym sa…
Mange ord.

Min mening av godhet er enkel, selv om jeg ikke er kristen: gjør mot andre som du vil at de skal gjøre mot deg.

Fru K sa…
Samd. For mange ord. Har i grunnen gått lei heile prosjektet. Kvifor skrive side opp og ned når alt kan seiast med ei setning? Nok prat. No: Handling.

hedda sa…
Tja, vet ikke om jeg er helt enig. Hvis det hadde vært så enkelt og greit å være god, hadde vi vel alle vært det. Det er vel nettopp betydningen av "gjøre mot andre.. " i praksis som er vanskelig å finne ut av. Jeg synes frk. Ks metodiske betraktninger er interessante. Hvis jeg anså "mange ord" for å være uinteressante, hadde jeg vært på instagram ;)
Fru K sa…
Takk for støtta, Hedda.

Eg merker forresten eit intenst insta-press på jobben, men veit du? Eg har faktisk ikkje lyst å vera der. For alt ein driv med, tek tid, og då må nye ting kunna rettferdiggjera at dei er viktigare enn dei gamle om eg skal gidda ta til med dei. Og for min del er ord viktigare enn små glimt.

Eg beklager låg publiseringsfrekvens. Det ligg eit par kladdar på skrivebordet mitt som aldri kom seg forbi det sjølvkritiske blikket, så det er ikkje fordi eg ikkje har prøvd at oppdateringane kjem så seint! Men eg publiserte ein liten petit i Firda i helga, og når den kjem på nett, passar han godt inn i prosjekt god.