Vinnarsak: Store såpebobler

Eg spør arrangøren av valet kva han trur gjorde utslaget for vinnaren.

- Partiet hennar freista veljarane med store såpebobler. I tillegg inviterte ho dei på besøk til seg, og under besøket skal det bli arrangert orientering. Det slo an. 

Under opptellinga vart røystene ført opp på powerpoint etter kvart som dei vart talde. Ingen visste korleis det ville gå. Den pedagogiske leiaren var spent. Kven skulle fylla skorne hans?

Like før valet vart gjennomført vart, spekulerte partia i om det kunne bli så jamt at dei måtte danna ein koalisjon for å få fleirtal. Hektiske forhandlingar. Men så fekk altså Hege-partiet reint fleirtal. 

- Eg vart i grunnen overraska. Dei andre partia lokka med mat. Ein skulle tru at det ville gjeve større uttelling. Men no vert det ingen vafler, sukkar arrangøren. 

Arrangøren av valet er førskulelærar. Han er tilsett som pedagogisk leiar for ei gruppe med femåringar. Men no gjev han frå seg makta. Demokratiet skal innførast, i alle fall for ei veke. Assistentane på gruppa kasta seg ut i valkampen. 

Barna fekk beskjed om at det også var lov til å røysta blankt. Det kunne dei gjere om dei syntest heile valet var ein dum idé, eller om dei ikkje likte nokon av alternativa dei fekk. To av veljarane røysta blankt. 

Dei fekk også høyre at valet var hemmeleg. Kva ein røyster, får ein halda for seg sjølv. Ei av jentene vart fortvila, for ho hadde fortalt mor si kven ho hadde røysta på. Ho fekk trøyst. Det er lov å fortelja det om ein vil. 

Barna fekk også vita at dei vaksne snart skal velja ny sjef for heile landet. Fleire av dei gjekk heim og spurde foreldra sine om kva dei skal røysta. 

Dei svært unge veljarane veit kva som ventar dei neste veke. Ein leiar som har lova såpeboblar. Hege vert nok halden ansvarleg om ho ikkje gjev dei det ho har lova. Ho fekk tildelt sjefsnøkkelen under ein høgtidsam seremoni. Det inneber ansvar. 

I morgon er det vår tur. Går du for såpeboblene eller vaflene? 

Godt val!

Kommentarer