Solosong, blues

I Førde går ein ikkje ut før midnatt på laurdagar. Difor hadde me puben omtrent for oss sjølve, eg og to av kollegaene mine. For å gjera teksten enklare, slår eg dei to andre saman til ein karakter, og eg gjev dei eit nytt namn. Slike grep kan ein ta seg lov til å gjera når det ein skriv, ikkje skal vera dokumentarisk, men snarare ein fusjon mellom fiksjonen og røynda.

Vilde og eg sit inst i eit hjørne av lokalet, på ein raud sofa med eit trekk av plast som skal minna om skinn. I sidesynet merkar eg at nokon nærmar seg oss frå døra.Vedkomande glir inn på plassen ved sida av meg.

Han er ein av desse alt for fulle mannfolka som er om lag midt i livet. Eg kallar han Fredrik. Ho som står i baren kjem bort og spør diskret om alt går greitt. Eg nikkar til ho.

Fredrik kjem frå vors. Kameraten som han vorsa med, ville heller heim til tv-en sin i staden for å bli med ut. "Eg skjønnar det ikkje", seier Fredrik. "Har han ikkje hormon i kroppen? Har han gjeve opp?"

Fredrik har gått ut på byen i Førde i femten år. To gongar har han fått napp. To gongar. Femten år.

"Men eg er ikkje ein slik som berre er ute etter eit ligg", seier han. "Eg ønskjer meg eit forhold."

Han har også prøvd lykka på verdsveven. "Eg tek meg tid til å snakka med damene, men dei stemplar meg som uinteresseant med ein gong", forklarer han.

"Ein gong åt eg pizza med ei. Seinare fekk eg vita at ho var blitt saman med ein av dei beste kameratane mine."

Fredrik går til baren. Han kjem attende til oss med eit glas vatn.

"Det var lurt", seier Vilde til han. "Kor mykje har du drukke?" "Ei halv flaske rom og ein halv liter øl", svarer han.

Fredrik peiker på døra og vindaugskarmane. "Om dei hadde hatt vit til å investera litt, så burde dei ha valt aluminium i staden for tre. Tre varer i 10-15 år, aluminium held i 20-30. Det løner seg på sikt." Han jobbar på lager.

"Har du alltid budd i Førde?" spør Vilde. "Eg gjekk eitt år på folkehøgskule." "Og kvifor valde du å koma attende hit?" "Folkehøgskulen var jo over", svarer Fredrik.

"Kva er det du liker best med Førde?" spør eg. "No spør du vanskeleg, la meg tenkja litt."
...
"Det blir dumt å seia at eg liker å sjå på tv, for det kan ein jo gjera alle stadar."
...
"Men eg liker å stå telemark", seier han. "Så du liker naturen her", seier Vilde. "Ja."

Vilde fortel at me er journalistar.

"Kan de forklare meg skilnaden på einstavings- og tostavingsord? Eg prøvde å finna det ut på nettet, men det gjekk ikkje. Er det det same som eintal og fleirtal?"

Eg klappar stavingane i "song" og "lesa". Ein og to klapp. Me viser til fleirtalsord som "sko" og "menn" for å forklara at det ikkje er nokon automatikk i at fleirtalsord har fleire stavingar. Fredrik nikkar. Me kjem også inn på dette med diftongar. Som regel utgjer ein vokal ei staving, men ikkje om vokalane står saman som i "øy" og "sau". To vokalar er blitt til ein lyd.

Eg har drukke opp ølen. Vilde ser på klokka og seier at ho er trøytt og vil heim. Fredrik skal vidare til neste utestad, for klokka er snart mange nok til at det tek til å livna til der borte.

Me går heimover langs ein grusveg med mørklagde lyktestolpar. Stødige på middels høge hælar.

Fredrik sjanglar vidare for å finna eit forhold. På jakt etter kjærleik i ein småby, år etter år etter år.

Kommentarer