Solo

For nokre år sidan fann eg ei bok på eit antikvariat. Ho er frå 1937 og heiter "Bo alene og trives - en guide for solokvinnen". Engelsk tittel: "Live alone and like it - a guide for the extra woman". Forfattaren er amerikansk, og heltinna i boka er "amerikanerinnen". Amerikanerinna, solokvinna, den ekstra kvinna, får kveldane til å gå med fancy drinkar, og ho har gjerne besøk av mannlege venar heilt til mjølkemannen kjem om morgonen. Forfattaren råder solokvinna til å få seg ein hobby. Slik får ein både noko å driva tida med, og noko å snakka om i selskapslivet. Smart! Amerikanerinna skaffar seg ein lidenskap: Antikvitetar. Og før ho legg seg til å sova, nyt ho kjensla av å greia håret sitt.

Flaks at eg har denne boka. Om eg ikkje hadde hatt ho, ville eg neppe ha vore så nøgd med livet mitt som eg er. For åra går, gitt. Venane mine tek til å bli foreldre. Medan eg, eg har ikkje kome lenger i kjærleikslivet enn at eg i det minste har opplevd å bli dumpa. Det er då ei røynsle å ha med seg det også.

Har du ikkje lyst på ein kjærast, frk. K?
Det er langt mellom filmane som framstiller sololivet som idealet. Og det er vel noko i det: Det er frykteleg fint å vera elska av ein som ein elskar.

Men tyder det at det ikkje kan vera ålreit å leva aleine?

Eg er solokvinne og trivest med det. Der er så mange bøker eg vil lesa, så mange tanker eg vil tenkja, og så mange tekstar eg vil skriva, at eg elskar å vera aleine. Sweet solitude. (Har me ein ekvivalent til solitude på norsk? Einsemd er loneliness, er det ikkje?) Om ein kjærast kom inn i livet mitt, skulle eg nok få rydda plass til han, men enn så lenge nyt eg det dei siste åra har gjeve meg: Ein ro i meg sjølv.

Sjølvsagd treng eg andre menneske. Eg treng venar og familie, eg treng eit arbeidsmiljø å vera ein del av i kvardagen. Den som har ein ven som forstår ein, er heldig. Eg har fleire. Og det fine med venar er at dei ikkje slår opp.

At samfunnet så til dei gradar dyrkar parforholdet som idealet, har også ein pris. Folk som ikkje burde dela liv, gjer det likevel. Og når to menneske fyrst deler liv, så blir det gjerne etter kvart til at dei deler liva sine med endå fleire. Når dei så til slutt finn ut at dette ikkje var optimalt, vert heimane rivne frå kvarandre.

Ein ting veit eg for visst: Eg vil ikkje ha ein kjærast for å ha ein kjærast. Om eg skulle få lyst på ein kjærast må det vera av denne eine grunnen: Fordi eg elskar. Og det blir i tilfelle ikkje kven som helst. Sjølv om friarane ikkje nett står i kø, så tillet eg med den luksusen det er å vera kresen. Det synest eg at eg kan ta meg råd til. For kva er der å tapa? Eit kjærleiksforhold til ein som ein eigentleg ikkje liker så godt? Det vert det berre kjenslekrøll ut av.

Heldigvis er eg ikkje nymfoman. Sex er fint, men eg er av dei trauste som ikkje kler av meg for andre enn ein kjærast. Ja, tenk at slike pripne frøkner framleis finst. Slepp ein nokon nær seg, fysisk så vel som emosjonelt, så risikerer ein å bli såra og å såra. Sjølvsagd skal ein våga det ein gong i blant, men ein er berre dum om ein slepp nokon nær seg som ein veit at ein kjem til å kasta ut.

Har du ikkje lyst på barn, frk. K?
Eg ser at folk er glade i barna sine. Eg høyrer at dei verkeg meiner at det er det mest verdefulle dei har. Så eg reknar med at det er eit gode for menneska å bli foreldre, sjølv om verda har meir enn nok folk som det er.

Men noko av det fine med å vera menneske, er at liva våre kan vera meiningsfulle sjølv om reproduksjonen uteblir. Ein kan vera glad i folk utan at dei er av same kjøt og blod som ein sjølv. Om ein ikkje må ofra mykje for eit barn, så har ein høve til å ofra mykje for noko anna ein meiner det er verdt å bruka tid og krefter på. Der er nok av ting å ta tak i.

Sjølvsagd er eg nyfiken på korleis eit barn som kom ut av meg ville bli. Og sjølvsagd ville det ha vore vedunderleg å erfara kor høgt og ubetinga ei mor elskar barnet sitt. Men sjølv om tanken på å stifta familie synest meir enn ok, så er det også herleg å disponera sitt eige liv heilt fritt. Så lenge eg har mat i skapet og tak over senga mi, treng eg ikkje uroa meg for at eg burde ha tent meir pengar. Dette gjev fridom. Kva kan eg få ut av fridomen, anna enn å hasta inn i det sporet som dei aller fleste andre går inn i, og risikera å havna i grøftekanten fordi eg hadde det så travelt?

Dessutan: Når eg er daud, så trur eg ikkje eg tek meg bryet med, eller i det heile har høve til, å sørgja over at genene mine gjekk i grava med meg.

Skål for solomenneska! seier Frk. K.
Dette har eg skrive til ære for dei av lesarane mine som er solomenneske. For etter kvart som me blir eldre, kjem folk stadig oftare til å seia at "ja, det er ho/han som er einsleg" når dei snakkar om oss. Tonefallet kjem til å indikera at dei synest synd på oss. Dette gjer dei fordi dei har dårleg fantasi. Fordi dei trur det å leva solo er det same som å vera lei seg stort sett heile tida. Då er det opp til oss å ha betre fantasi enn dei.

Kommentarer