Prosjekt god: Intro

Eg har lyst til å bli eit godt menneske. Med "eit godt menneske" meiner eg ikkje alle oss som er ålreite folk, me som i kan glimta til med litt godheit i ny og ne, men som eigentleg tenkjer mest på oss sjølve. Nei, eit godt menneske er tvers gjennom raust og klokt. Det er dei som ausar ut kjærleik over alle dei har kring seg, og som klarer å gjera det utan å vera påtrengjande eller sjølvutslettande.

Eg kjenner eit par slike. Det skin av dei. Eg skulle ønska eg var ein av dei, men gudane veit at det er mykje å jobba med. Eg skal ikkje fortelja lesarane alt gudane veit, det trur eg ikkje er bra for nokon av partane, men de skal då få vita litt om skitflekkane i sjela mi.

At eg er lysten på dette prosjektet, er kan hende ein abstinens etter kristenkulturen. Det skulle berre mangla. Ein tilbringer ikkje dei fleste formative åra sine innanfor slike strukturar utan at det set merke i hjernen. Eg jobba hardt i mange år for å bli likare Jesus. Eller, det var ikkje så veldig hardt, for Jesus hjalp meg heile tida. Til dømes var eg ein del av cellegrupper der me "delte liv", og det me ikkje våga å dela i gruppa, kom som regel fram i radarparet. Eit radarpar er to menneske som møtast fast for å fortelja kvarandre kva synder dei har gjort sidan sist. Så ber ein om tilgjeving saman, og om hjelp til å unngå å gjera det same ein gong til. Eg digga det.

Men no har eg ikkje folk rundt meg som oppmodar meg til å bli god. Eg har heller ikkje Jesus til å hjelpa meg meir. Difor tenkte eg å starta opp "prosjekt god". Sjølv om eit menneske aldri blir perfekt (ja, her heng arvesyndstanken att), så kan ein i det minste prøva å gjera det beste ut av det. For om ein blir god, så blir andre glade. Og eg trur at ein sjølv også blir gladare av det. Ein vinn-vinn-situasjon.

Kvar skal ein byrja? Eg starta med googling. På ordtak.no fann eg eit fint sitat:

"Det store er ikke alltid godt, men det gode er alltid stort."

Det var det N. Bonnevie som sa. Eg veit ikkje kven N. er/var. Men det var i alle fall godt sagt. Og eg vel det som utgangspunkt for fyrste sjølvransaking i denne serien.

Eg er klar over at eg ikkje er den mest vellukka bloggaren på verdsveven. Lesartala fortel meg det. Dessutan er ein bloggar som ikkje får kommentarar, ein daud bloggar. Eg har aldri vore på ei LISTE, og ingen har invitert meg til GOD MORGON NORGE eller liknande. Men her prøver eg meg på minst eit par grep for å bli betre likt:
1. Teksten er ganske kort.
2. Teksten er ein del av ein serie og sluttar på ein måte som skal gjera lesaren litt nyfiken.
3. Eg let meg inspirera av noko som er i vinden for tida, nemleg p3-serien "Prosjekt perfekt".
4. Eg har lagt til eit bilete.
5. Temaet opnar for diskusjon: Kva er eit god menneske? 


Men det er grenser for kor langt eg vil gå for å bli likt. Eg kjem ikkje til å laga ein videoblogg som viser at eg sminkar meg, til dømes. 

Kommentarer

Hedda sa…
God post, frk. K. Hvis jeg skulle komme med en innvending måtte det være at den var litt kort.

Jeg likte forresten definisjonen på et radarpar. Å møtes for å dele sine synder, det høres kjent ut.

Lykke til med prosjekt god. Hvis du får behov for å øve deg, stiller jeg meg gjerne til disposisjon.
Fru K sa…
Takk for innvendinga, det var nett det eg håpa å høyra. Nokre avisfolk eg jobbar med, meiner eg skriv for langt på bloggen, men heldigvis er ikkje alle som pressa. Neste tekst blir lengre!