Direkte inne frå Sogn og Fjordane

Dette hadde eg ikkje trudd. At eg ein dag skulle sitja og sjå ut av vindauget på rommet mitt og sjå eit sju hundre meter høgt fjell med ein sti som er så bratt at ein stakkars jærbu har vondt i beina i fleire dagar om ho prøver å koma seg opp dit. Nei, eg hadde ikkje trudd at eg skulle koma til å endra adressa i folkeregisteret til 6800 Førde. Bryne-Åsane-Oslo-Eidsvoll. Dette er rekkja over tidlegare bustadadresser. Sjølv om ingen av desse stadane er like, så er det noko som gjer at Førde skil seg litt ekstra frå dei andre. 

Eit kvitt felt
Under ei forelesing om Sogn og Fjordane fekk me sjå eit kart over soner der næringslivet kunne rekna med vekst. Rogaland var raudt. Bergensområdet var raudt. Oslo og Akershus var sjølvagd raude dei også. Men Sogn og Fjordane var ein kvit flekk på kartet. Fylket veks ikkje i same tempo som vekstregionane. Denne veka meldte Firda at Sogn og Fjordane var det fylket som har lågast vekst i folketalet så langt i år. Dette gjer politikarane urolege. Folketalet må opp, for utan høgt folketal vert skatteinntektene låge, næringslivet ser ikkje potensial i området, og det vert mindre grunnlag for å prioritera området når ein skal bestemma korleis ein skal dela ut offentlege goder. Det vert ein vond sirkel. Ein vil ikkje flytta til eit nedprioritert område. (Med mindre ein er av dei som trivest best med få folk i nærleiken, og som ikkje bryr seg så mykje om å eiga ting og pengar. Sæle er desse!)

Mangelen på ein by
Folk som meg, er noko Sogn og Fjordane ønskjer seg. Unge kvinner som kan få barn. Vil eg bu her? Nei. Sjølv om fjella og fjordane er utruleg vakre, så vil eg ikkje det. Familien min og dei næraste venane mine er ikkje her. Det er den enkle grunnen. Men kvifor forsvinn dei unge som vert fødde her? Vel, dei skal studera. Men kvifor kjem dei ikkje attende? Det er jo så flott her! 



Førde er ein by. Men då snakkar me by i same forstand som Bryne. Altså ein by som strengt tatt er ein tettstad. Frå Bryne kan ein ta toget til Stavanger. Frå Åsane kan ein ta bussen til Bergen. Frå Eidsvoll kan ein ta toget til Oslo. Alle desse tre er transportetappar på omlag ein halv time. Så tidlegare har eg alltid hatt ein skikkeleg by i nærleiken. Frå Førde er det over to timar med buss til Bergen. 

Små byar har ikkje så mange spanande arbeidsplassar for den som har teke høg utdanning. Det er kan hende grunnen til at dei unge ikkje kjem attende. Ein vil bruka kunnskapen sin. Mangelen på ein større by i nærleiken kan vera ein del av forklaringa på at dei unge ikkje etablerer seg her. 

Noko må ein leva av
Stavanger hadde flaks då oljealderen gjorde sitt inntog, for i Stavanger vart arbeidsplassane lokale og området vart søkkrikt. Sjølv om store delar av norsk gass-produksjon går føre seg utanfor Sogn og Fjordane, ser ikkje fylket mykje til den rikdomen. Dei treng noko anna å leva av, dei kan ikkje kvila på Stavanger sine svarte laurbærblad. 

Ei heit potet i fylket er Engebø-saka. Dei aller fleste politikarane går inn for å sprenga bort toppen av Engebø-fjellet for å få tak i det verdefulle mineralet rutil, som mellom anna vert nytta ved framstilling av titan. Dette vil skapa arbeidsplassar i fylket. Det liker ein. Verdiskapning. Der verdi = pengar.

Sjølv om ein sprenger bort store delar av fjellet, så er det ikkje heile fjellet som er nyttig. Dette vert søppel. Og søppelet, i enorme mengder, det skal dumpast i Førdefjorden. Dei lærde stridast framleis om kor skadeleg det kjem til å vera for livet i fjorden. Men eg kan ikkje få meg til å tru at dette ikkje vil innebera eit gedigent verditap. Der verdi=liv. Vekst er bra, men kva slags vekst? Arbeidsplassar som fylket treng, eller livet i fjorden som veks og lever, og som kjem til å halda fram med det om me ikkje øydelegg for det?

Utanfor gryta
Eg sit og ser ut av eit vindauge som gjev meg eit nytt perspektiv på politiske skiljelinjer. Eg må oppsøka andre nyheitskjelder for å få informasjon om det som betyr mest for folka i området. Aftenposten vert sjeldnare besøkt på nett til fordel for Firda, NRK Sogn og Fjordane og Bergens tidene. Eg inntek posisjonen til ein vestlending i distrikta. Det er noko anna enn å vera ein student i hovudstaden, der Morgenbladet kan dekkja mesteparten av informasjonsbehovet.

Frå dette perspektivet går det opp for meg kvifor det kan vera ein god idé at fleire statlege organ flyttar ut av Oslo-gryta. (Sjølv om ein neppe kan gjera dette utan at samarbeidet mellom dei ulike organa blir meir komplisert, og det er jo eit argument ein vil leggja stor vekt på om ein bur til dømes i Oslo.) Dei kan trekka til seg dei høgt utdanna (kvinnene) som eigentleg liker seg der dei kjem frå, men som vel heimstaden bort på grunn av mangelen på relevante jobbar. Om fleire statlege organ flytta ut, flytta folk etter dei, og då vart det brått meir interessant for private aktørar å koma på banen. Folk er marknad. Og så er den vonde sirkelen gjort til ein god ein. Distrikts-Noreg lever vidare. Og det er jo ein fin ting.

(Eg tek meg ikkje tida til å diskutera urbanisering vs. distriktsutvikling nett no.)

Med lita skrift
Vekst vekst vekst. Mantraet som får verda til å køyra seg sjølv i grøfta. Men som alltid synest like naudsynt når ein zoomar inn på lokalt plan.

Kommentarer