Mannfolk og kvinnfolk

Ettersom eg har vore bak skranken på biblioteket på Nærbø denne veka, tenkte eg at det kunne passa med litt litteraturformidling. Dei fyrste ferievekene har eg mellom anna lese to bøker med likestilling som tematikk; Mannfolk (1886) av Arne Garborg og Egalias døtre (1977) av Gerd Brantenberg.
Eg kjøpte boka på biblioteksal,
og eg synest at denne
70-talsutgåva er finfin.
På tida då Garborg skreiv Mannfolk. raste debatten om seksualmoralen. Bjørnstjerne Bjørnson hadde vore ute med eit krav om at ein ikkje berre måtte krevja at kvinna var jomfru til ho gifta seg, men at også mannen måtte venta til bryllaupsnatta. Dette vart kalla hanskemoralen, og det var langt frå radikalt nok for Garborg. 

Mannfolk er ein kollektivroman der ein får innblikk i ulike karakterar sitt kjærleiksliv, eller mangelen på slikt. Garborg knytter likestilling til økonomiske skilnadar i samfunnet. Der er fattige mannfolk som ikkje kan gifta seg fordi dei ikkje har ein jobb som gjer at dei kan forsørgja ei kone, og der er fattige kvinnfolk som må ty til prostitusjon for å klara seg. Mannfolka som ikkje giftar seg, skapar ein marknad for prostitusjon, og slik fell mange ut i seksualiteten sitt skuggelandskap. Hanskemoralen til Bjørnson vert vifta bort, for seksuelt fråhald er eit urimeleg krav ifølgje Garborg. Den tradisjonelle mannlege forsørgjarrolla gjer det umogleg for fattige å vera så kyske som Bjørnson krev. Til dette er den naturgjevne seksualdrifta for sterk.

I boka er det også eit par som prøver seg på eit fritt forhold, det me i dag vil kalla for eit vanleg kjærastepar. Mannen i forholdet vil dyrka den frie kjærleiken, og han klarer også å overtyda kvinna om at dette er det beste. Ein kan ikkje lova å elska, men ein kan elska så lenge ein elskar. Ho er med på leiken ei stund, sjølv om det medfører at dei må leva ut kjærleiken sin i det skjulte. Men etter kvart klarer ikkje kvinna dette meir. For ho innser at dersom det tek slutt, vil ho for alltid vera ei fallen kvinne i samfunnet sine auge, medan mannen kan leva vidare med plettfri vandel. Dei giftar seg, men mannen synest at kvinna prøver for hardt å fylla rolla som kone, noko som gjer at han ikkje kan elska ho like høgt som han gjorde då dei elska kvarandre fritt. 


På 1880-talet var dette farlege tankar. Ifølgje Sveinung Time sitt etterord mista Garborg jobben som statsrevisor etter å ha gjeve ut boka (på snl.no står det at han ikkje mista jobben, men at han ikkje vart attvald året etter at boka kom ut), og ein rektor ved ein katedralskule brende ho. Det var visstnok også ein riking som ville kjøpa heile restopplaget frå forlaget for å brenna det, men då han fekk veta at forlaget kunne trykka opp fleire bøker, sparte han seg bryet.  

Egalias døtre er ein feministisk, satirisk roman. I boka får lesaren innblikk i eit matriarkat, eit samfunn der kvinnene herskar over mennene. Brantenberg snur språket i kvinnene sin favør. I staden for det upersonlege pronomenet "man", nyttar ho "dam". Der er sjøkvinner og føydalfruer, mødreland og frue/slave-forhold.

Den naturgjevne logikken er som følgjer: Det er kvinnene som føder barn, og då er det sjølvsagd mannen som skal vera heime og ta seg av barna. Som ei av kvinnene i boka seier til mannen sin: "Jeg føder, og du tar imot. Det er tross alt menn som avler barn!" Difor er det kvinnene som har maktposisjonane i samfunnet, og den mannen som ikkje finn seg ei kvinne å vera mone (den mannlege versjonen av kone) for, han blir ein stakkars herken (altså ei frøken) som folk ser ned på. Kvinnene kan gå topplause, dei kan ha så mykje hår på kroppen som dei vil, og heilt frå dei er små vert dei trente opp til å bli sterke nok til å passa på mennene. Den ideale mannekroppen er liten (ein stor penis er turn-off), rund og hårlaus. Når dei kjem i puberteten, må dei bruka PH, gjerne i lekre stoff og fine fargar. Mennene må gjera seg svakare enn dei er for å gjera kvinnene nøgde.

Men denne framsida er mykje
meir morosam enn den nye!
Mykje er endra sidan 70-talet, men romanen manglar likevel ikkje aktualitet. Slik mannekroppen skal gjerast svak og pynteleg for Egalias kvinner, slik driv kvinner framleis og pyntar seg og jåler seg til. Det er jo naturleg, er det ikkje? Ei kvinne utan sminke, eller ei som vel å la håret under armane veksa fritt, vert unekteleg lagt merke til, og i dei fleste auge med negativt forteikn. (Med mindre kvinna som vel å gå utan sminke, er så heldig at ho vert vurdert som slåande vakker i naturleg utgåve.) I tillegg stolprar me gjerne rundt på høge hælar som gjer oss hjelpeslause, i trange skjørt som gjer det umogleg å rømma frå eventuelle naudsituasjonar.

Desse konvensjonane er framleis så naturaliserte at alle har godt av å boka der tankegang er snudd på hovudet. Når det er som det er, så har det sjølvsagd med den tradisjonelle maktfordelinga mellom kjønna å gjera. Ein ting er kontrollen over utsjåandet. Mannen har då også venleiksideal å leva opp til, sjølv om kvinnekrava etter mitt skjønn er meir ekstreme. Eit anna spørsmål er kven som bør ha omsorgen for barna, og slik vera meir naturleg bunden til heimen enn til arbeidslivet. Mange brukar framleis kvinna sin biologiske funksjon som argument for at det er me som bør vera der mest når barnet veks opp, men i Egalia fører biologien til den motsette konklusjonen. Eg går ikkje inn på den diskusjonen, sjølv om mange menn har mykje å vinna på å fremma sitt eige kandiatur som naturlege omsorgspersonar, og mange kvinner framleis blir verande heime utan vidare drøfting.

Kjønnsroller vert ikkje endra utan kamp, og Mannfolk og Egalias døtre er begge kampskrift som har ført oss vidare. Så får ein etter lesinga vurdera om kjønnskampen er tilstrekkeleg ferdigkjempa no, eller om der framleis er slag ein burde ta seg bryet med å kjempa. Eg anbefaler uansett begge bøkene på det varmaste.

Kommentarer