Eit rikt, roleg og ryddig land



I Sveits er alt på stell. Toga kjem og går når dei skal. Gatene er rolege og reine. Hus og hagar er velstelte. Sveitsarane går ikkje fort fort, men i akkurat passe tempo. Kroppane kommuniserer ikkje stress, men heller ikkje latskap. Eg kjende aldri noko behov for å halda på veska mi for å unngå vesketjuveri. Kvar skal kriminaliteten koma frå? Alle ser rike og nøgde ut.

Fornuft står høgt i kurs. Etter klokka tolv var alle lys i nabolaget sløkte, for ein sveitsar skal vera opplagd på jobb neste dag. Så stille det er i gatene! Då me var på eit vineri på laurdagskvelden, fekk me beskjed om at dei stengde klokka sju. Rekningane vart delte ut til gjestane kvart på sju.

Det er fint at folk er fornuftige, men at eit heilt samfunn synast å vera så gjennomsyra av fornuft, er heller skremmande. Det var mange menneske som mangla om ein skulle kunne kalla samfunnet for mangfaldig. Heldigvis fann me nokre av dei til slutt. Me måtte leita i kveldsmørkret, på ein utestad som best kan samanliknast med Blitzhuset. På ytterveggen stod det nei til rasisme. På innsida var verda samla. Innvandrarar. Sosialistar. Unge gutar som teikna skisser av neste tagge-kunstverk. Eg vart letta. «Ni dieu ni maître» stod det på veggen i trappa. Korkje gud eller herre.

Sp- og Frp-mentalitet
I Sveits er det største partiet på nasjonalt nivå Schweizeriche Volkspartei. Kan hende blir Frp fornærma om eg seier at dei er søsterparti. For det sveitsiske partiet går lenger. Plakatane deira hadde eg møtt tidlegare, på forelesing om ekstreme høgrerørsler i Europa.



Det er mykje å seia om sveitsisk politikk. I nasjonale val fekk kvinnene røysterett i 1971. Eg gjentek: 1971. I kantonet Appenzell Innerrhoden fekk dei ikkje lov til å røysta før i 1991, og det var fordi ein føderal domstol sa at dei ikkje fekk lov til å nekta meir. Kor lite tak er det i kvinnene her? Det kan då umogleg vera vanskeleg å krevja røysterett når alle andre vestlege land har hatt det så lenge at dei ser det som sjølvsagd?

Sveits er mot EU, mot EØS, og dei baserer seg på bilaterale avtalar med unionen. Så langt har det ikkje vore nokon instans som kunne døma Sveits for brot på avtalen, men no har EU sett seg lei på at Sveits i praksis kan gjera som dei vil. Dei vil at Sveits skal få ein institusjon som kan spela ei rolle som liknar den EFTA-domstolen speler for Noreg.

I Sveits vernar ein om privatlivet. Ein sveitsar skal sjølvsagd få ha løynde bank-kontoar. No vert Sveits utsett for internasjonalt press. For andre land liker ikkje at borgarane deira får gøyma pengar i sveitsiske bankar. Andre land tapar skattepengar. I Sveits er skattenivået så lågt at dei ikkje ser på hemmelege pengar som eit problem. Men no må det kan hende bli annleis. Korleis går det med Sveits dersom den gigantiske finansnæringa vert mindre attraktiv på den internasjonale marknaden? Vil dei framleis vera like rike? Dei vil framleis ha klokkene, sjokoladen, landbruket og ein sterk legemiddelindustri. Det går nok bra. Dei er jo så ordentlege.

Sveits har 26 kanton. Desse har mykje å seia, for lokalt sjølvstyre er viktig for sveitsarane. Difor er det store skilnadar mellom kantona. Sveits er også kjend for alle folkerøystingane sine. Kva tid hadde me sist ei folkerøysting utanom dei ordinære vala i Noreg? Det var i alle fall før eg fekk røysterett. I Sveits røystar dei støtt og stadig, sjølv om valdeltakinga ikkje alltid er så høg. Om nokon ønskjer at ein skal ha ei folkerøysting, må ein samla saman nokre tusen underskrifter. På jernbanestasjonen i Basel stod to menn med lister og pennar i hendene. Venen min fortalte at dei var på jakt etter underskrifter for å få til ei folkerøysting. Sveits har nyleg stramma inn på asylpolitikken gjennom folkerøysting. Og for nokre år sidan vart det vedteke at ein ikkje skulle få byggja minaretar i landet. Det er særskild Schweizeriche Volkspartei som er ivrige etter å få i gang folkerøystingar.

Omsett til norsk politikk fekk eg inntrykk av at Sveits er eit land der Senterpartiet og ein ekstrem variant av Frp ligg nærast majoriteten sitt ideologiske standpunkt.

Fire offisielle språk
I Sveits snakkar dei fire språk: Sveitsartysk, fransk, retoromansk og italiensk. Bern og Basel er dominert av tysk. Det er frustrerande å lesa tysk, for det gjev ei kjensle av at dette er noko eg burde forstå, for nokre av orda er jo så like mine ord, men så glepp meininga frå meg før eg får fanga ho. Reisefølgjet mitt snakkar glitrande tysk. Men han kunne fortelja at sveitsartysk er vanskeleg å forstå, sjølv for tyskspråklege. Sveitsarane distanserer seg språkleg frå det store grannelandet sitt. På restaurant vart eg overraska over å høyra tyskspråklege seia "merci" og "adieu". Uttalen av "merci" var morosam, då intonasjonen skyt i veret på siste staving og ein har eit solid trykk på den fyrste stavinga.

Fransken i Sveits er mykje likare standard fransk. Difor kunne eg har forstått mykje om eg berre var litt flinkare i fransk og dersom eg hadde vore meir i franskspråklege område. På flyplassen vart eg overlukkeleg då eg klarte å bestilla meg mat på fransk, og då kjekkasen i innsjekkinga snakka fransk til meg sjølv om han visste at eg var norsk. Om ein spør meg kva som er det vakraste språket i verda, veit eg ikkje om eg skal svara nynorsk eller fransk.

Fri flyt og fangenskap
I byvåpenet til Bern er det ein bjørn. Venen min, som understreka at han ikkje er særskild sterk på historia, meinte at det kom av at grunnleggjaren hadde fanga ein bjørn. I dag er byen kjend for bjørneparken sin. Bjørneparken er eit lite område ved elva der skodelystne kan få sjå ein liten flokk deprimerte bjørnar. Det stod på eit skilt at bjørnar kan springa fort når dei kjenner seg truga, men at dei elles er rolege dyr. Prøver dei å fortelja meg at desse villdyra har det fint? Me vurderte ein nattleg frigjeringsaksjon, men slo det frå oss. Det er kvalmande korleis siviliserte menneske liker å visa fram at dei har overvunne naturen. Kva er poenget med å kontrollera noko om kontrollen øydelegg det ein kontrollerer?



Bern har ein fin rosepark. Eg trur roser trivest i fangenskap, så her fekk eg ingen kvalar. Dessutan fann eg ei svart rose, noko som gjorde opplevinga mindre sukkersøt. Eg såg også ein del rumpetroll. I tillegg til desse svært siviliserte naturopplevingane vurderte me å ta ein tur til Alpene. Men det var ikkje mykje som lokka då me såg at det i så tilfelle ville bli ein tur i sju gradar og sludd.


Bern har ei turkis elv. Sidan både kortbuksa, smykket, ringen og skjerfet mitt var turkis, følte eg at eg verkeleg hadde kledd meg rett. Elva heiter Aare. Straumen er så sterk at det ikkje nyttar å bada på vanleg vis. Nei, ein må la seg driva. Nokon driv til jobb. Eg såg det ikkje med eigne auge, men eg trur det likevel, for det høyrest så morosamt ut. Når ein driv til jobb, har ein tinga sine i ein vasstett pose.


Fargane
Sidan veret haldt oss unna naturen, hadde me heller ein urban kunstferie. På Paul Klee-museet såg eg øydelagde horisontar og labyrintar. I utstillinga var også tre nyare videoar som var laga av samtidskunstnararar. Her var det ting som rørte på seg utan at ein kunne sjå menneska som rørte dei. Kuler, støv, nøste. Filmane fanga meg, men ikkje spør meg kvifor. Eg kan ikkje seia anna enn at linjene, rørslene og tinga i seg sjølve var vakre. Det er herleg når kunsten får sansane til å slå ut tankane.

Paul Klee-museet

Me besøkte også eit museum i Basel. Der var det ei stor retrospektiv utstilling av surrealisten Max Ernst. Eg vart fascinert av dei små kollasjane hans. Når ein klippar og limar i det realistiske, opnar det seg ei ny, surrealistisk verd der alt er mogleg. Men utstillinga var elles for stor for meg. Korleis kan ein venta at eit stakkars, sansande menneske skal klara å ta inn alt dette på nokre timar? Ein har berre to auge og ein hjerne!



Då var det godt å koma til eit av dei andre romma i det velståande galleriet. Der hadde dei fire bilete av Rothko. I bileta hans er det fargane og materialet som speler hovudrolla, ikkje figuren. Han malte med brei pensel, lag på lag. Det får fargane til å gløda. Ein skimtar skjulte fargar i kantane. Bileta er fulle av energi og dei ber på ei stor tyngd.

Her set eg strek for reiseskildringa. ________

Eg er samd med meg sjølv om at det var ein fin tur. På fine reiser ser ein ting ein ikkje har sett før, ein lærer noko nytt, ein tenkjar nye tankar og er saman med minst eitt menneske som ein trivest godt med.



Kjelder
Kjeldekritikk er viktig. Difor vil eg gjera deg merksam på at eg har vore følgjande stadar i Sveits: Bern, togstrekninga mellom Bern og Basel, Basel, togstrekninga mellom Bern og Genève, og flyplassen i Genéve. Så når eg generaliserer og skriv «Sveits er…», så er det berre desse områda eg kan uttala meg om basert på kva eg sjølv har sett. I tillegg har eg lært mykje av venen som eg besøkte. Han er praktikant ved Den norske ambassaden i Bern, og må difor kunna mykje om landet. Dessutan har eg nytta landsidene til UD og SNL som kjelde.


Kommentarer