Frk. K på Litteraturfestivalen på Lillehammer

Frk. K hadde sikra seg panoramaplassen fremst i andre etasje på bussen. Ho såg fram til å sjå Mjøsa, landskapet kringom og små stadar som det i grunnen var usannsynleg at ho nokon gong skulle koma til å sjå. Frk. K vart skuffa. Rett nok er Mjøsa fin, men elles var det tre, jorder og vegarbeid under ein grå himmel. Det er mogleg landskapet i grunnen er greitt, og at den dårlege opplevinga skuldast frk. K sin svevnmangel, kombinert med at buss for tog alltid er noko dritt.

Difor var ho smågretten då ho kom fram til Lillehammer. Ho hadde ikkje drukke kaffi før ho drog, i håp om å få sova på bussen, men no var behovet for koffein påtrengande. Etter å ha vandra fram og attende i gågata utan å finna fram, fann ho endeleg venninna ho var på leiting etter. Og ho fekk seg kaffi. Koffeinen gjorde sin verknad, og hjernecellene til frk. K bråstarta, det same gjorde det gode humøret. Då ho og venninna skulle inn for å høyra på eit foredrag av kjærasten til venninna, drog frk. K opp notatblokka for å få utløp for energien i det koffeinrusa hovudet. Ho følte seg skarp. Det er ei herleg kjensle, som ikkje alltid skildrar den objektive røynda heilt presist.

Frk. K er skeptisk til litteratufestivalar. Ideen om at "litteraturen skal møta folket" er fin, for god litteratur kan ein ha gode samtalar om. Men oftast går børs og den sekulære katedral hand i hand, ja, i nokre tilfelle klengar børsen seg til katedralen som ein blodsugande klegg, noko som inneber at det andelege rommet vert blodfattig. Ut frå det vesle frk. K såg, vurderte ho det slik at Lillehammer-festivalen klarte seg greitt i møte med kleggen.

Dessutan er det ikkje slik at alle som skriv, er gode til å snakka. Men snakka må dei, for elles kan det gå ut over boksalet. Heldigvis hadde årets Vesaas-prisvinnar noko å snakka om, i tillegg til at han kunne snakka for seg. Han tok mellom anna for seg korleis det er å vera tospråkleg, korleis ein då kan nærma seg det andre språket på ein meir leiken og medviten måte, og korleis ein kan formidla eit barn sine kjensler betre gjennom å skildra sanseinntrykk enn ved å nytta faste vendningar.

Sidan frk. K sin hjerne var på høggir, gjorde ho ein retorisk analyse medan ho høyrde på. Og om han etterpå hadde spurt ho om kommunikasjonsrådgjeving ville ho sagt:
  • Foredraget hadde fin og ryddig struktur. Det er bra at du bruker dine eigne røynsler, at du er passe open og personleg, men at du samstundes også hentar argument frå det lesarane dine har sagt til deg, og frå andre litterære røyster.
  • Innleiinga burde du ha kutta ned på. Når du snakkar så mykje om at du ikkje heilt visste kva du skulle snakka om, blir publikum sine forventingar svekte. Du startar med å snakka ned ditt eige ethos. Gå heller rett på sak, når du faktisk er så heldig at du har ei god sak!
Publikum stilte ein del gode spørsmål til slutt, men frk. K vrei seg i stolen då spørsmålet "Kaller du deg psykolog eller forfattar?" kom seglande. Kvifor i alle dagar er det eit interessant spørsmål? Om frk. K hadde fått eit liknande spørsmål, ville ho ha svara: "Fyrst og fremst er eg menneske, og eit menneske er så mykje!"

Neste post på programmet var Erling Borgen. Festivalen kalla det for eit folkemøte, utan at frk. K heilt er sikker på om kriteria for denne sjangeren var oppfylde. Men det høyrest jo fint, demokratisk og viktig ut. Borgen snakka om kor dårleg det står til med journalistikken. Han meinte at det er mange historier som ikkje blir fortalde, og mange viktige politiske spørsmål som ikkje blir drøfta til fordel for mindre viktige politiske spørsmål. Han snakka om fredsprisvinnaren som sender droner for å drepa eigne statsborgarar utan at dei får ein rettferdig rettergang, og om alle dei vene eufemismane politikarane nyttar i staden for å nytta ordet "krigføring". Det er ikkje farleg å vera journalist i Noreg, sa han. Sjølv om journalistikk handlar om å seia det som dei med makt ikkje vil at skal bli sagt.

Borgen fekk langvarig applaus. Det er lett å bli riven med av ein slik tale, men han nytta nok overdriving som retorisk grep, for fullt så gale står det ikkje til med journalistikken. Frk.K hadde høyrt om alt han snakka om før, og det tyder jo på at avisene ho les, tek opp nett desse spørsmåla som han hevda at det var for lite skriving om. Men ein kan retteleg bli uroleg for kvar klikk-journalistikken på nett vil føra hen. Det er ein kunst å laga gode overskrifter som gjer folk nyfikne, men ein journalist må vera medviten om på kva premiss han vinn lesaren sitt klikk.

På bussen heim, sovna frk. K. Då ho vakna, hadde nokon teke med seg avisa hennar, Dag og tid. Der er tydelegvis framleis ein marknad for solid journalistikk.

Kommentarer