Frk. K om læraryrket

Det er nest siste dag på jobben, og frk. K, som ikkje skal jobba som lærar meir og difor ikkje kan bruka tida på å laga nye årsplanar, har lite å gjera på. Skrivebordet er rydda, og ho har til og med prøvd å organisera teiknestiftane på korketavla i eit fint mønster. Ein blom, til dømes. Det gjekk ikkje, for der var for få stiftar i like fargar. Eg spør om ho har tid til eit lite intervju. "Ser du ikkje at eg er oppteken?" spør ho. "Nei", seier eg. "Nei, du har vel rett i det. Me får setja oss i sofakroken i hjørnet slik at ikkje dei andre på kontoret vert forstyrra. Skal eg henta ein kopp kaffi til deg?"


"Før du starta som lærar hugsar eg at du fortalde meg at du skulle ha dette som eit prøveår for å finna ut om dette var yrket for deg. Kva er du kome fram til?" "Du har rett i at det var utgangspunktet mitt. Eg har ikkje teke PPU, noko som er naudsynt for å få fast jobb som lærar. Eg har ikkje lyst til å studera meir om eg ikkje må, så difor takka eg ja til eitt år som vikar fordi eg var nyfiken på om eg var ein lærar." "Var du det då?" "Ja, eg vil seia at eg klarte å fylla rolla godt, sjølv om ein sjølvsagd ikkje kan forventa at ein gjer det perfekt når ein aldri har gjort det før!" "Men du vel altså å prøva noko anna til hausten?" "Ja, men igjen, det er fordi eg er nyfiken på kva eg kan få til her i livet. No veit eg at dersom eg tek PPU og bestemmer meg for å bli lærar, så  kan eg bli flink til det, og eg kan lika det." "Kva er det du liker ved yrket?" "Elevane! Ein møter så utruleg mange ulike, unge menneske. Ein får lov til å vera ein del av livet deira. Eg hadde om lag 100 elevar! Kvar og ein har krav på å bli sett og på å få tilpassa opplæring. Som lærar må ein ha fininstilte sosiale antenner for å plukka opp mest mogleg av det som skjer. Ein må ha opne auge som ser kvar enkelt, og ein må vera medviten om korleis ein uttrykker seg. Fører orda mine til at eleven føler seg respektert, eller snakkar eg dei ned? Får dei tru på seg sjølv? Korleis kan eg presentera ny kunnskap for dei på ein måte som vekkjer interesse? Læraryrket er krevjande og gjevande. Der er ingen fasit på korleis ein skal møta den einskilde eleven, for nett denne eleven har aldri vore eleven din tidlegare."

"Det høyrest då ut som du likte yrket?" "Ja, for eg liker menneske, og eg liker faga mine, norsk og rettslære. Men eg kunne ikkje takka nei til praktikantstilling som journalist. Det er denne skrivinga som alltid har vore så viktig for meg.... Og så er eg jo ein idealist som har ein haug med tankar om journalistane si viktige rolle i demokratiet. Men det kan me snakka meir om ein annan gong. La oss no halda oss til saka." "Ja, elles vert teksten lang som eit vondt år." "Nettopp", seier frk. K og tek ein slurk av kaffien med mjølk. "Eg må ha litt mjølk i kaffien, elles vert det for sterkt for magen. Som lærar er det naudsynt å få i seg ein del koppar til dagen. Det er ein grunn til at dei fleste lærarar har kaffiande."

"Eg reknar med at alt ikkje har vore ein dans på roser?" "Ha! Det har du rett i! Men som norsklærar vil eg nok helst at du skal halda deg unna slike klisjear." "Er du så streng?" "Streng? Det handlar vel meir om at eg vil gjera deg medviten om dei ulike mekanismane i språket vårt. Og du ligg på eit språkleg nivå der eg meiner at det er forsvarleg å vera så pirkete for at du skal kunna nå endå høgare nivå." "Greit. Men la oss no halda oss til rollene: Eg intervjuar, du svarer. For om du skal vera norsklæraren min, får du makt over meg, og eg ser helst at det er eg som har makt over deg." "Som du vil!"

"Du svara ikkje på spørsmålet, så la meg no omformulera: Kva utfordringar har du møtt?" "Vel, skulen er jo ikkje som då eg gjekk på vidaregåande. Teknologien har endra klasserommet. Pc-ane og mobilane kjempar om merksemda. Kva plass skal dei få? Mobilen skal sjøvsagd ikkje vera der, men kva med pc-en? I den største klassen var eg mest usikker. Dersom dei hadde pc-ane opp medan eg snakka, for å ta notater, så visste eg at alt for mange i staden ville vera på Facebook. Men då eg sa at pc-ane skulle ned, vart chattinga erstatta med småsnakk som øydela desto meir for dei som ønska å følgja med. I vidaregåande er det fristande å kvila seg på det at elevane trass alt snart er vaksne, og at dei difor har eit stort ansvar for eiga læring. Vil dei heller vera på Facebook i timen, så synd for dei. Dei viljesterke elevane som har lært seg at det løner seg å følgja med, har sjølvsagd ei føremon når dei skal på universitetet. Der er det ingen som passar på dei, og professorane treng ikkje å lytta til krav om meir variert undervisning om dei ikkje vil. Men på lågare utdanningstrinn må ein gjera det slik at sjølv dei som i utgangspunktet ikkje ser poenget med undervisninga, også får med seg nok til å få det verdefulle vitnemålet. Som lærar må ein prøva å legga opp timan slik at flest mogleg har lyst til å bli verande og ta aktivt del i læringssituasjonen. Det er ei utfordring, og det krev at ein ikkje køyrer seg fast i eit spor, men at ein klarer å varierera. Det var ei av dei største utfordringane for meg, særskild i rettslære, men i staden for å sjå det som eit problem at ein ikkje kan ha forelesingsform på alle timane, bør ein sjå på det som eit høve til å bruka kreativiteten. Dessutan kan ein få gode idear av kollegaene som ein har kring seg. Av og til fungerer opplegget godt, av og til fell det daudt til jorda. Ein må prøva og feila. Ein må prøva å sjå situasjonen frå eleven sitt perspektiv. Elevar har me alle vore! Då eg hadde det keisamt på skulen då eg sjølv var elev, hugsar eg at eg såg ut av vindauget og drøymde meg bort. Ein finn alltid ein utveg om ein ikkje vil vera tilstades." I rommet ved sida av oss høyrer eg lyden av ein flittig kopimaskin. Papiret er visst ikkje heilt ute av skulen. "Så du seier altså at teknologien er eit tviegga sverd i undervisninga." "Ja, du kan vel seia det slik. Eller ein boomerang."

 "Kva andre ting har vore utfordrande?" "At eg ikkje føler at eg har nok tid til kvar elev. Auka lærartettleik er nøkkelen til god undervisning. Og.... Vel, yrkesrettinga av fellesfaga på yrkesfag. Her er det mange ambisjonar som blir sende frå øvste politiske leiarskap og nedover i systemet. Ein ønskjer å gjera fellesfaga, i mitt tilfelle norskfaget, relevant for dei som tek yrkesfag. Det krev mykje ressursar. Eg hadde tre yrkesfagklassar frå linjene "Trafikk og logistikk", "Sal og service" og "Helse og oppvekst". For å driva yrkesretting på ein god måte, må eg kjenna desse fagområda. Ideelt sett burde alle fellesfaglærarar på yrkesfag få minst ein dag med undervisning i yrkesfaget. Og så burde ein ha mykje tid til samarbeid med yrkesfaglærarane. Det har eg ikkje hatt, men det fyrste året i læraryrket er alltid ekstra travelt. Eg følte at yrkesrettinga mi vart halvhjerta. Det vart til at elevane skreiv cv og søknad og hadde munnlege presentasjonar frå sitt fagområde. Eg las også loggar og rapportar og ga tilbakemelding på tekstane. Men er det dette som skal til for at yrkesfagelevar skal bli glade i norsk? Kan hende er ikkje det den politiske ambisjonen, for alt politikarane vil, er at yrkesfagelevane ikkje skal stryka. Som norsklærar veit eg at faget har mykje meir å by på enn korrekte oppsett av sakprosatekstar og skriveopplæring. Eg er redd for at danningsperspektivet vil detta ut av norskfaget på yrkesfag dersom ein vert for ivrig etter å gjennomføra dei gode intensjonane. Skal ein gå ut frå at yrkesfagelevar ikkje får noko ut av å lesa skjønnlitteratur? Skal ein tru at dei berre gidd å engasjera seg når tekstane dei møter gjeld fagverda deira? Skal ein gå ut frå at dei ikkje kan bli interesserte i poesi? Fleire av områda i norsken er ting ein ikkje får taket på før ein er moden nok. Det vert urettferdig om yrkesfagelevane ikkje skal få høve til dette etter ungdomsskulen. Korleis yrkesretta utan å hola ut faget? Lykke til vidare, kjære skuleverk!" Frk. K lener seg attende i sofaen.

"Det var ei heit, politisk potet. Kva med denne: Sidemålet?" "Det spørsmålet er vanskeleg! Eg likte i grunnen framlegget som nett vart forkasta, nemleg det at ein skal ha éin skriftleg karakter i norsk på studieførebuande og i staden ha ein obligatorisk, avsluttande sidemålseksamen i andre klasse. No er det slik at ein lærar må fiska inn minst to tekstar frå kvar elev kvar termin i både hovudmål og sidemål for å ha eit solid nok karaktergrunnlag. Det vert slitsamt for både elevar og lærarar. Men eg er viss om at elevane har godt av å læra to skriftspråk. Det gjer at ein vert meir medviten om språkelege strukturar og ordval. Om elevane mine hata nynorsk, så skjulte dei det godt." Frk. K ser at kaffikoppen min er tom og spør om eg vil ha meir. Eg seier nei takk, for eg har fått meir enn nok materiale til teksten min. Ho bør ikkje seia så mykje meir no, alt eg treng er ein siste punchline.

"Vil du anbefala andre å bli lærarar?" "Ja! Og det er ikkje sant at dei lange feriane er det beste ved yrket. Det mest verdefulle du får som lærar, er relasjonen til elevane dine."

Kommentarer