Ho som les bøker

Eit av frk. K sine høgdepunkt i den vanlege vekerytmen, er når ho kjem heim frå jobb på fredagar, opnar postkassa og finn ferske utgåver av Morgenbladet og Dag og tid. Frk. K set seg i den raude sofaen med ein kopp te eller kaffi og pustar ut med kjensla av at endå ei veke har gått veldig fort.

Denne fredagen var ikkje noko unntak. Men då ho opna Morgenbladet, ramla det ut noko glorete papir. Det same skjedde då ho opna Dag og tid:

Jammen hadde ikkje Bokklubben Nye bøker slått på stortromma! Frk. K vart såpass irritert over å få uønska reklame i posten at ho ikkje kunne la vera å gjera ein liten analyse av modellesaren av reklameteksten ho hadde fått i fanget. Eit analytisk sinn er det beste våpen mot invaderande kommersialisme.

Det fyrste som slår ein, er at den som melder seg inn i bokklubben er ei kvinne. Kvinna har på seg stråhatt, for ho er på ferie. Bøker er lett underhaldning som passar fint under ei palme, på ei strand eller på ein benk i ein park i Paris (ein kan vinna tur til Paris om ein melder seg inn I DAG). Bøkene krev så lite av ho at ho kan smile og lesa medan ho sminkar seg med sminka som ho har i den praktiske skinnpungen sin (alle produkta som står i kursiv, er slike som ein kan få i velkomstpakken sin frå bokklubben). Bøkene har ikkje gjeve ho ei einaste tankerynke sjølv om ho har lese mange av dei. Ein kan altså trygt lesa bøker.

Dersom ho ikkje er på ferie når ho les, sit ho heime i sofaen sin. På bordet har ho tent telys i telysestakene frå iitala eller Holmegaard. Ho drikk kaffi frå ei Stelton-kanne i iitala sine Origo-krus eller menu sine Marius termokoppar, og ho sørgjer for at væskebalansen er intakt ved å drikka vatn frå Eva solo kjøleskapskaraffel. Nøtter har ho i ei skål frå Kastehelmi. For ho som les, veit at ho vert sitjande lenge om ho fyrst opnar ei bok, og då er dumt å bli svolten. Tenk å bli dradd ut av handlinga berre fordi magen rumlar!

Det ho kan vera trygg på, er at denne litteraturen ikkje kjem til å gjeva ho eit nytt og kritisk blikk på hennar eigen forbrukarmentalitet. Bokklubben har som levebrød å finna ut kva som sel, og dei må for all del ikkje få ho til å bli ein miljømedviten biblioteksbrukar som ikkje let seg frista av diverse designdingsar som ho kan få saman med bøkene. Bokklubben jaktar kvilelaust etter litteraturen som vinn marknaden. Dei trur at kvinner flest liker å lesa bøker som rører ved kjenslene deira, bøker som let dei oppleva korleis andre elskar og lir. Dei trur ho som les bøker, vil lesa om drap og mørk erotikk. Dei trur ho vil ha ein livsstil som ei lesande kvinne med sans for lekkert design og langweekend i storbyar. Ho som les, vil vekk frå alt som heiter motstand, for det har ho nok av i heimen og på jobben. Ho vil ha ferie. Ho vil gå med stråhatt. Det er det som er poenget med litteraturen.

Frk. K kunne godt ha tenkt seg å bruka fleire ord for å skildra kva ho meiner om saka, men dersom ho sjølv ein dag skulle ha eit manus som ho ønskja å gjeva ut, er det dumt å ha brunne alle bruer til Bokklubben Nye bøker.

Kommentarer