I går var ein perfekt dag


I dag har eg to bloggetekstar i hovudet. Den eine er denne, og den andre handlar om psykisk helse. Grunnen til at eg vel å skriva denne teksten og ikkje den andre, er at dagen er så fin at eg ikkje har lyst til å skriva om mørke og lammande sinnstemningar som det er rett så vanleg å slita med her til lands. Sjølv om vakre dagar som denne, med sol på himmelen og vår i lufta, for somme er ekstra tøffe nett fordi alle andre blir så intenst lukkelege.

Teksten som vinn tida mi i dag, er bittelitt inspirert av både rosa-bloggarar og sisteplass. Vil frk. K no kopiera desse populære sjangrane for å få høgare lesartal? Nei, eg trur nok det blir med denne eine teksten, ein tekst for dei som av ein eller annan merkeleg grunn har interesse av å lesa om kva eg gjorde i går.

I går var det laurdag. Eg vakna av meg sjølv kvart på åtte. Kvelden før hadde eg gjort ein avtale med meg sjølv om at eg skulle ta ein joggetur dersom eg tilfeldigvis vakna tidleg nok til å rekka det. Det er eit grunnleggande prinsipp i avtaleretten at avtalar skal haldast, så difor var eg nøydd til å gjera det. Skjønt, eit ork var det ikkje, for laurdagsmorgonen var stille og fredeleg, og det er få ting som får meg i betre humør enn ein liten løpetur. Eg er heldig slik, for det er lenge sidan trening gjekk frå å vera eit ork til å vera ei sann glede. I same slengen kan eg nemna at smakslaukane mine er perfekt tilpassa råda frå Helsedirektoratet, så eg er nok nær ein ideal-borgar for Jonas Gahr Støre. På vegen såg eg til dømes hestar og gamle gardar med velhaldne hovudhus og raude og korngule låvar.

Etter joggeturen tok eg meg ein dusj. Og nett denne dusjen var ei aldri så lita vårmarkering; vinterpelsen skulle fjernast frå leggane. Vinterpels? Ja, for tenk! Når ein er singel, prinsipielt motstandar av tilfeldig sex, og når ein aldri er nøydd til å nytta fellesdusj, så kan ein la håret på leggane veksa ut i full lengd. Det har ein viss isolerande effekt som bidreg til å halda leggane varme når gradestokken held seg kring ti minus. Dessutan slepp ein bruka tid på noko av det mest keisame i heile verda; barbering av leggar. Den fyrste gongen eg gjennomførte dette feministiske frigjeringsprosjektet, varte det ikkje lenge. Eg såg på leggane mine og meinte sjølv at dei såg motbydelege ut. Eg prøvde å vurdera beina mine som nokon andre sine bein, og eg spurde meg sjølv om eg ville ha gjetta at det var kvinne- eller mannebein. Dei kulturelle konvensjonane for kva ei kvinne skal vera, hadde altså trengt seg så langt inn i hovudet mitt at eg ikkje eingong klarte å akseptera dei naturlege beina mine når eg var den einaste tilskodaren. I år gjekk det betre. Kvinneleggar er leggane til ei kvinne. Slik ser dei altså ut. Eg tok diverre ikkje før- og etter-bilete.

Grunnen til at dette vart gjort nett i går, var at det var ein av dei sjeldne dagane då eg faktisk hadde lyst å ha på meg ein av vintage-kjolane mine. Eg er sjeldan i humør til dette, for med slike kjolar er det fare for at eg stikk meg ut, og som regel liker eg å sjå ut som ei i mengda. Men når humøret er der, gjeld det å nytta det. Og til kjole må ein jo ha ei strømpebukse, og strømpebukser ser veldig usexy ut dersom det stikk hårstrå ut av dei.

Med nybarberte leggar og ein mørkeblå kjole med kvit krage, var eg klar for bytur. På toget las eg om jordbrukspolitikk i Morgenbladet. Vanskelege og viktige greier. Fyrste post på programmet var ei venninne som hadde laga fiskesuppe til meg. Andre stopp var Litteraturhuset saman med ein ven. Me var der for å høyra forfattaren Pål Helge Haugen snakka om originalitet, gjenbruk og sam-tale (bindestreken er ikkje eit av mine påfunn) i litteraturen. Eg frykta eit pretensiøst litteraturvitskapleg foredrag, men det vart heldigvis ein time med vakre og kloke lesningar av dikt frå ulike land og tider. Det einaste problemet var at eg vart så døsig av fiskesuppa at eg hadde vanskar med å halda meg vaken. Og då hjelpte det ikkje at Haugen las foredraget rett frå papiret og berre sjeldan såg opp. Foredrag er ein munnleg sjanger, og då bør ein anstrenga seg litt for å gjera noko ut av det faktum at publikum faktisk er til stades. Men om ein er ein gamal, anerkjend poet, så kan ein vel la vera å bry seg om slike konvensjonar. Det kan kan til og med tilføra ethoset deira endå meir ærverdigheit. Annleis er det for den som er lærar i vidaregåande. Hadde eg hatt ein time på det viset, ville vurderingsskjemaa frå elevane ha vore fulle av låge tal.

Ein kjole ein kan eta seg mett i.
Tredje stopp var Oslo City. Eg skal ikkje bruka stor plass på å skildra denne staden, då det er nok å lesa i eit tidlegare innlegg. Å vera målmedviten er eit must om ein skal overleva der inne. Eg var der fordi eg hadde behov for sko og kjole. Då eg kom levande ut att, var eg svært nøgd; to par sko med mjukt skinn og mjuke såler, samt ein kjole som kan brukast i bryllaupet eg er invitert i til sommaren. Det er flott at folk finn kvarandre og elskar kvarandre, og det er fint at dei vil feira det med slekt og venar. Det einaste negative med bryllaup er at ein må ha noko skikkeleg å ha på seg, noko som inneber at ein må ta ein handlerunde. Men eg klarte meg heldigvis med ein einaste butikk. Å prøva kjolar når ein shoppar aleine, er ikkje alltid like gunstig, for faren for å ikkje få kjolen av seg att, er alltid til stades. Ein av kjolane våga eg ikkje å ta på meg, i frykt for at han skulle bli sittande fast. Ein annan fekk eg ikkje over rumpa. Ein tredje framheva kor små pupper eg har. Ein fjerde var så tettsittande kring magen at alle ville ha sett kor mykje mat eg hadde spist. Men den femte! Ah! Perfekt! Ein farge som speler på lag med auga mine, eit snitt som framhevar at eg har ei slank midje, og eit skjørt som skjuler ein mage full av herleg mat.
Det bakerste paret er ikkje nytt, men det sneik seg med på biletet
fordi dei påstod at dei var nye og fine nok til å bli presenterte
for lesarane.
Eg hadde god tid før neste avtale, så eg kjøpte ein overprisa smoothie og plasserte meg på ein benk i Spikersuppa. Slik kan livet nytast. Mor mi ville sikkert bli glad for å høyra at eg hadde funne kjole, så eg ringde ho. Det stemte, ho likte det. Mor fortalte også at me er inviterte på middag til onkel og tante til helga (Ja, eg skal heim ein tur neste helg, så veit de det!) Mor sa me kanskje kunne få møta den nye babyen til kusina mi. Eg prøvde å forklara kvifor det er lite interessant å møta ein baby: 1. Babyen bryr seg ikkje om å sjå oss så lenge ho har gode omsorgspersonar kring seg. 2. Babyen kjem ikkje til å hugsa at ho har møtt oss. 3. Babyen kan knapt kommunisera med oss. Konklusjon: Babyar er ikkje spanande å møta. Mor var ikkje samd. Og eg vil sjølvsagd møta kusina mi og familien hennar. Det var berre dette med babyen eg fekk lyst til å kverulera litt på. Slik er det når ein er i godt humør.

På veg til neste ven, møtte eg Dag Solstad i eit fotgjengarfelt. Eg sa hei. Det er jo litt leit når ein innser for seint at den ein sjølv trur ein kjenner, ikkje aner at ein eksisterer. Men eg var for glad til å halda heiet inne i meg. Eg håper ikkje han vart sur. Han nikka i alle fall til meg og mumla eitt eller anna.

Eg og venen min åt laks og is. Me drakk kaffi og øl i fornuftige og ansvarlege mengder, for ein kan få vondt i magen av for mykje kaffi, og eg var allereie litt snodig i magen, det var i grunnen den einaste streken i rekninga denne dagen, og øl kan ein som kjend bli full av, noko ein i dei aller fleste tilfelle bør unngå, særleg når ein skal på ein konsert ein har sett fram til lenge. Dette var ein konsert med Farmers Market, med virtouse Stian Carstensen i leiinga. Korleis er det mogleg å traktera så mange kompliserte instrument samstundes som ein impulsivt slenger ut morosame vitsar? Om det er noko bygda eg bur i kan vera stolt av, så er det Carstensen og Grunnlova. Dei andre i gruppa er også imponerande dyktige musikarar. Den som ikkje er glad før han går på ein Farmers-konsert, kan ikkje unngå å bli det undervegs. Det er vanskeleg å skildra musikk i skrift, så det gidder eg ikkje, og teksten er allereie for lang. Musikken må opplevast.

Som regel speler Carstensen trekkspel, steel eller gitar,
men her har me han jammen på ei eksotisk fløyte som eg ikkje hugsar namnet på.

Og det var altså «i går med frk. K». I går var ein perfekt dag.

Biletet av Jonas har eg lånt får dn.no, og det av Solstad er henta frå dagbladet.no. Takk!


Kommentarer