Kvinnedagen får meg til å tenkja på at eg er kvinne


Kvinne, kvinne, kvinne,

Om eg tenkjer eller skriv ordet kvinne fleire gongar no, så gløymer eg kva det er, omgrepet går i oppløysing, og det vert til ein bokstavkombinasjon med ein hard og skarp konsonant i opninga.

Det enklaste er å seia at eg er kvinne fordi kroppen min har rundare formar enn ein mannekropp, og fordi eg har egg i meg, fordi eg får mensen, fordi eg må barbera leggane mine for å føla meg vel i sommarklede, og fordi eg av ein eller annan grunn ser slapp ut utan mascara medan menn kan sjå opplagde ut utan. Men sjølv desse trygge kriteria er ikkje absolutte, for der er kvinner som ser flotte og vakne ut utan mascara, der er menn som ser flotte ut med mascara, og der er kvinner som let håra gro fritt på leggane om sommaren. Der er også kvinner som ikkje har mensen. Er den einaste skilnaden på menn og kvinner kjønnsorganet og kroppsfasongen?

Gjer det meg til ei kvinne at eg liker å gå i kjole, skjørt og tettsittande bukser? Sidan kroppen min er rundare enn ein mannekropp, så kler han andre ting enn mannekroppar. Dette er estetikk og sosiale konvensjonar med seige historiske røtter. Så om kleda skaper ei kvinne, så er eg vel det då.

Kva meir er det som er kvinneleg ved meg? Eg liker å ha det ryddig, og eg klarer ikkje å la oppvasken bli ståande. Eg har ein plante som eg er glad i. Eg baker brødet mitt sjølv (men eg bruker posar med ferdigblanding). Eg har strikka meir enn tre par sokkar. Er det dette som er å vera kvinne? Eg kjenner då ryddige menn, menn med plantar som dei er glade i, og menn som kan baka brød. Eg trur ikkje eg kjenner nokon menn som kan strikka sokkar, men det er vel neppe det som er kjernen i identiteten min som kvinne.

Det er også frykteleg mykje kvinneleg eg ikkje liker, og feminine eigenskapar eg ikkje har. Eg hadde i grunnen skrive ei liste her, men så fann eg det lurast å stryka ho, for av sosiale omsyn er ein nøydd til å spela visse roller av og til og gjera ting som ikkje er hundre prosent i samsvar ein sjølv, noko som kan vera både triveleg og perspektivutvidande. Dersom eg skreiv lista her, så ville dei som såg meg gjera desse tinga anten tru at eg var falsk i gjerningsaugeblinken, eller at eg fer med løgn på bloggen min. 

Vel. Det er då noko som er kvinneleg ved meg, og det er at eg blir tiltrekt av menn. Og menn kan bli (ikkje at det skjer så alt for ofte, men det har hendt) tiltrekte av meg. Men det handlar vel meir om at eg er eit heteroseksuelt menneske som flørtar med menneske av det motsette kjønn, noko eg også har til felles med heteroseksuelle menn. Det at eg vert tiltrekt av menn, har eg til felles med homofile menn. Ei lesbisk kvinne er ikkje mindre kvinne enn det eg er. 

Har eg inga kvinneleg kjerne? Ja, ja. Er det så farleg då?

Eg skulle ønska at me slutta å snakka om feminine og maskuline eigenskapar, sjølv om det nok er ein utopi så lenge fleirtalet av kvinner har eigenskapar som skil seg frå dei som fleirtalet av menn har. Men fråveret av ei slik kategorisering ville vera frigjerande for oss båe. Tenk kor herleg for ein førskulelærar å sleppa å snakka om kvifor han valde å bli førskulelærar, han som er MANN, og tenk kor fint for ei som er toppleiar i næringslivet å sleppa å svara på spørsmål om korleis det er å vera ein KVINNELEG toppleiar. Kan me ikkje få lov til plukka oss dei eigenskapane me ønskjer oss sjølve utan at det heng kjønnsmerkelappar klistra på dei? Vidare får ein plassera seg i dei rollene som eigenskapane passar til, om det så er heimeverande omsorgsperson, snikkar eller intellektuell. Og når me då skal kritisera eller skryta av kvarandre så kan me seia: "Så omsorgsfull du er! Korleis klarer du det?" eller "Kvifor er du så opphengd i kva du har på deg?" I plassen for å seia: "Så typisk deg å vera omsorgsfull, du som er kvinne." Eller: "Så typisk deg å ha eit sterkt konkurranseinstinkt, du som er mann." 

Står eg no heilt forvirra att fordi eg ikkje heilt finn ut kva anna enn kroppen som gjer meg til ei kvinne? Nei. Eg er ikkje forvirra i det heile, for eg kjenner meg sjølv, og eg veit kven eg er. Eg er eit menneske som er glad i ting som å lesa, nyta natur, skriva, spela, springa og tenkja. Og når eg møter menneske som liker det same som meg, så hender det at me blir venar. Om det tilfeldigvis er ein mann eg møter, så kan det jo henda at det vert krydra med litt heterofilt føleri, men som regel så tek ingen til å føla noko særskild, og venskapen mellom to menneske som har liknande interessar, får veksa uforstyrra fram. Eg får fnatt av påstandar om at kvinner og menn ikkje verkeleg kan vera venar. Ein går då ikkje rundt og får romantiske kjensler for alle ein møter av det motsette kjønn, og kjønnsdrifta kan ein opparbeida seg ein monaleg rasjonell kontroll over. 

Det er vel eitt eller anna som er naivt i tankegangen min, men me er jo som regel så enkle, me kvinner. Om eg får barn, skal eg oppmoda dei til å dyrka positive eigenskapar, og eg skal gjeva blankt blaffen i om eigenskapane er knytt til det feminine eller det maskuline. Det som er sikkert, er at ingen av dei skal få lov til å ha leikar som oppmodar dei til å identifisa seg med hjelpeslause objekt som berre ventar på at nokon skal redda dei. Så om sonen min eller dottera mi kjem heim med prinsessekjole på, skal eg riva plagget i sund og laga vaskefillar av det, om det syntetiske stoffet i det heile er brukande til slikt.

Kommentarer