Frk K. om tru (tre år seinare)


«Eg lurer på kva eg seier om du køyrer meg gjennom det same intervjuet om eitt års tid, seier ho med eit lite smil og eit sukk.» Dette sitatet er henta frå eit intervju som vart gjort av og med frk. K i mars 2010. Det skulle gå tre år før frk. K var klar for eit nytt intervju om same tematikken: Tru. 

Sidan sist me møtte ho, har ho flytta seg ut på landet. – Eg liker å bu her, det gjev meg ro til å tenkja, seier ho då ho får spørsmål om korleis ho trivest. – Men eg spør meg jo av og til: Korleis i alle dagar hamna eg her? Frk. K smiler og trekk på skuldra. – Livet vert sjeldan som ein sjølv skulle tru. Men det var vel ikkje det me skulle snakka om, eller? Du får styra orda mine du, du som er journalisten.

Korleis står det til med trua di i dag? Frk. K ser ut av vindauget og kremtar. – Ho er ikkje der. Det er vel omtrent eitt år sidan eg tok til å seie det slik: Eg er ikkje kristen. I starten var orda framande for meg, men no er det berre sånn det er. – Og dette har du ikkje skrive om før no? – Nei. Eg tenkte at det stod klart nok mellom linjene. Då eg starta å blogga i 2003 var Gud med i omtrent kvart einaste innlegg. Etter kvart har han vorte ein stadig sjeldnare gjest. Tilbakegongen starta då eg i 2006 konverterte attende til nynorsken, utan at eg trur at språket har noko med saka å gjera. Det var vel heller det at eg flytta frå Jæren som starta prosessen.

Kva skjedde? –Eg trur det er betre å spørje: Kva skjedde ikkje? Eg opplevde at Gud ikkje handla slik han hadde lova meg å handla i Bibelen. Han let meg ropa på han og gråta framføre han utan at han på nokon som helst måte reagerte. Det er slitsamt å leva med ein som bryt løfte. At ein allmektig Gud oppfører seg slik, nei, det heng ikkje på greip, seier frk. K og eg får ei kjensle av å vera ein samlivsterapeut. Eg vel posisjonen til samlivsterapeuten Dag, han som ikkje har tru på parforhold i det heile. – Så han svikta deg, rett og slett? – Ja. Dette er jo i strid med dei kristne læresetningane, for her er det berre menneske som kan svikta. Og under denne prosessen møtte eg også ein kristen som retta ein åtvarande peikefinger mot meg og sa at eg ikkje måtte setja Gud på prøve. Men det var ikkje slik at eg testa Gud ved å kasta meg utfor eit fjell med ei bøn om å få vengjer. Eg prøvde berre å leva slik eg oppfatta at han ville at eg skulle leva. Når han ikkje kom for å gjeva meg den trua eg trengde for å klara det, så gjekk det ikkje. Til slutt var det eg sjølv som heldt oppe ein konstruksjon av Gud, og det var veldig slitsamt. Eg orka ikkje halde oppe berebjelkane meir, og då kollapsa det. Det var som å mista ei tung byrde. Ironisk nok liknar jo dette på det dei nyfrelste seier, seier ho med eit sukk.

Er det ingenting du saknar? – Jo! Er du galen! Det er heilt fantastisk å kjenna Gud. Heilt vedunderleg! Trua var på ingen måte noko eg i utgangspunktet hadde lyst til å mista. I fleire år gjorde eg alt som stod i mi makt for å oppretthalda relasjonen min med Gud. Men då eg oppsøkte dei stadene eg pleidde å møta han, opplevde eg å gå inn i mørkret, i staden for inn i lyset. Korkje bøna, Bibelen eller naturen fungerte som kanalar. Eg var innom mange kristne fellesskap, for det er vanskeleg å vera kristen aleine. Men det var ei pine for meg å vera til stades. Det var heilt umogleg å ta del i lovsongen, og alt dei kristne sa, var for meg klisjear. Orda deira nådde ikkje inn til meg. Eg ville ikkje la meg sjølv bli suggerert av musikken og fellesskapet. Eg ville møta Gud, ikkje bli lurt av retoriske grep. Til slutt gav eg opp, og då sa eg til Gud: «Det er du som er den allmektige far, eg er berre eit lite barn, så her er det du som må ta ansvar!» Det gjorde han ikkje. Ei stund håpa eg at eg var inne i det som den kristne mystikaren Johannes av Korset kalla for sjela si natt. Det er ein fase nokre kristne går gjennom der dei opplever at Gud er heilt borte. Til slutt kjem han attende til dei, men trua deira er forandra etter dette. Kunne det berre vera ein fase som ville gå over? Eg hadde også tidlegare sagt til Gud at han kunne knusa meg om han ville, om det var det som måtte til for at eg skulle bli den han ville at eg skulle bli. Så ei stund lurte eg på om det var det som skjedde. Men han var borte så frykteleg lenge, og etter fem år med fråvær, så fekk nok vera nok. Eg ville ikkje bruka dei vakre tjueåra mine på å kjempa for å tru når Gud ikkje løfta ein finger for å hjelpa meg. Dersom dette fører meg til helvete, så har eg ei høne å plukka med han når eg fer.

Så det er på emosjonelt grunnlag du meiner at den kristne bodskapen ikkje stemmer? – Tja, det høyrest no litt lettvint ut. Men kan hende er det så enkelt: Eg kjenner ikkje lenger at han lever i meg. Rasjonelt er det også, men det er mogleg det er sekundært. Som eg sa i førre intervju, så var der mange store spørsmål eg ikkje fann svar på. Så lenge ein har ei tru, så er ikkje det noko problem, for då kan ein svara på alle desse spørsmåla ved å seia at «ein ser som i ein spegel i ei gåte», og at Gud sine tankar er høgare enn våre. Sirkelargumentasjonen vert ein vinnar i ein kvar diskusjon med ein kristen. Men når ein ikkje lenger erfarer Gud, så får rasjonelle trugsmål mot trua det heile til å kollapsa.  

Korleis har andre kristne reagert på den nye ståstaden din? – Vel, eg må innrømma at eg ikkje har flagga fråfallet mitt så høgt. Dei næraste venane mine veit om det, men elles har eg ikkje følt behov for å gå rundt å seia «forresten, eg er ikkje kristen meir». Ein av dei beste kristne venane mine sa til meg at han trudde det kunne vera godt for meg å slutta å tru, for han hadde sett kor slitsamt gudsbiletet hadde vore for meg gjennom mange år. Eg vart glad for at han sa dette, for eg var så redd for at han skulle døma meg. Den mest uventa reaksjonen eg har fått, kom frå ein lærar eg har hatt. Sjølv er han ikkje kristen, men han vart trist av å høyra at trua mi var død. Han kunne ikkje forklara meg kvifor. Men i møte med andre kristne har eg i grunnen jatta med som om ingenting var endra, for eg kjenner så godt sjargongen i kristne miljø at eg kan la folk tru eg er kristen utan å lyga. Kall meg gjerne feig, men eg har rett og slett ikkje sett at det har vore naudsynt å bringa det på banen. Det var nok òg det at eg var redd for å skuffa nokon. Eg vil ikkje at dei skal tru at eg gav opp trua så fort eg møtte motstand. Det var ikkje slik. Det er difor eg gjev dette intervjuet no, for eg vil få sagt det på ein måte som gjer at eg får forklart, eller kan hende forsvart, den nye ståstaden min skikkeleg. Alt dette som eg seier no, ville eg neppe ha klart å få fram i ein samtale med andre.

Du vurderte aldri å bli såkalla «liberal kristen»? – Nei. For meg var det enten eller. Enten så tek eg Bibelen på alvor, eller så gjer eg det ikkje. Ein kan ikkje behandla Guds ord som ein pose med twist der ein berre plukkar ut det som er etande for samtida. Om Gud er den han seier at han er i Bibelen, så er han verdt å gjera seg upopulær for. Det vert for dumt når kristne argumenterer for at andre religionar også kan føra til frelse. For då lyg Jesus når han seier at er einaste vegen til Gud. Og kven vil tru på ein løgnar? Men meininga med dette intervjuet er ikkje å gå til åtak på liberale kristne. Eigentleg skulle eg vel ønska at eg kunne vera ein sjølv, for då får ein både i pose og sekk. Men eg klarte ikkje få hovudet mitt til å godta noko slikt, seier ho og spør om eg vil ha ein kopp med kaffi. Eg har berre to punkt att på blokka, så eg takkar nei, for eg vil ikkje at frk. K skal bli dradd ut av desse tankerekkene av noko så trivielt som ein kaffitraktar.

Trur du at du kan koma til å tru att? – Ha! Det ville vera lite konsekvent av meg å tru noko slikt. Men det hadde jo vore typisk då… Når eg fyrst har vore gjennom ei omvelting av verdsbilete, så kan det vel bli fleire. Eg håper ikkje eg vert ein av dei som stotrande må vedkjenna seg trua på nytt når eg vert førti, at eg må audmjuka meg og seia at Gud hadde rett likevel, og at det var eg som ikkje forstod. Det hadde vore på grensa til pinleg. Men dei store eksistensielle spørsmåla er eg ikkje ferdig med, så det er ikkje godt å seia kva som kan skje.

 – Då har eg kome til det siste spørsmålet mitt. Er livet ditt tomt og meiningslaust no? – På ingen måte. Eg elskar kjærleiken, eg ønskjer å dyrka visdomen, og eg undrar meg over livskrafta i naturen, men rammene mine for å utforska verda er utvida. Eg stangar ikkje lenger hovudet mot ein fasit. Relasjonen min til andre menneske er også endra på ein positiv måte. Menneska kan ikkje lenger delast inn i frelste og ufrelste. Dessutan er det endeleg fred inne i meg. Kampen er over.

Kommentarer

Hedda LF sa…
Veldig fint, frk. K, og tankevekkende. For en som har vokst opp med en 'livssynsfasit' som i det store og hele faller sammen med samfunnets forøvrig (ateistisk-sekulært, eller noe slikt), og dermed ikke har bydd på de store konfrontasjonene, gjør det inntrykk å se noen konfrontere og undersøke sitt eget verdensbilde med et slikt alvor og ærlighet. Det lar jeg meg inspirere av :)
Hedda LF sa…
Veldig fint, frk. K, og tankevekkende. For en som har vokst opp med en 'livssynsfasit' som i det store og hele faller sammen med samfunnets forøvrig (ateistisk-sekulært, eller noe slikt), og dermed ikke har bydd på de store konfrontasjonene, gjør det inntrykk å se noen konfrontere og undersøke sitt eget verdensbilde med et slikt alvor og ærlighet. Det lar jeg meg inspirere av :)
Fru K sa…
Takk! Har studia dine av Auden utfordra det ateistiske-sekulære hjå deg?
hedda lf sa…
Stadig vekk. Men mye av det går over hodet på meg. Og det er lettere å forstå hvorfor han tror enn hvordan: han får det til å høres logisk ut, men tror ikke tro bare er noe man kan resonnere seg fram til
Fru K sa…
Det trur ikkje eg heller. Diverre. I så tilfelle skulle eg ha resonnert meg attende med det same.
PerMS sa…
Eg trur den høna lever ganske trygt.