Kva er skogen?


Ektemannen/terapeuten hennar, (han veit at desse korta teoretisk sett ikke bør bli blanda, men han blandar dei likevel fordi han elskar ho) fortel ho at ho skal tenkja på ein løvetann, ho må trekkja pusten inn, 1-2-3-4-5 og ut 1-2-3-4-5. Heilt til angsten går over. Og når angstanfallet er borte, skal ho få sjå at angsten ikkje var noko å vera redd for, og at han ikkje var framkalla av ein reell trussel. For etter at ho har pusta ut, så står ho der framleis. Like heil. Ved hjelp av kognitiv terapi skal mannen gjera kona si frisk.

Eg har ikkje sett filmen Antichrist, men eg har sett teaterversjonen på Det norske teatret. Det var eting av tarmar, biting og klipping på kjønnsorgan og gjennomboring av bein. Historia: Eit barn døyr då det fell ut av vindauget medan foreldra har sex. Faren gret og sørgjar som forventa er, men mora blir lagt inn og dopa ned på psykiatrisk avdeling med ein såkalla "avvikande sorgreaksjon". Mannen reagerer på behandlinga ho får, så han skriv ho ut. For at ho skal bli kvitt angsten, meiner han at dei må reisa til staden der ho er mest redd. Denne staden er hytta "Eden" som ligg i skogen.

Ho er redd for skogen, fordi naturen for ho er Satans katedral. Ho har opplevd korleis naturen døyr og døyr, som eikenøtter som fell ned frå trea utan å bli til nye tre. Terapeuten vil at kvinna skal erkjenna at angsten er grunnlaus, at der ikkje er noko å vera redd for i skogen. Men ein kan ikkje fjerna døden frå menneskelivet, og livet fryktar døden. Ein konsekvens av å fortrenga dødsangsten kan vera at alle synlege teikn på død vert ein trussel mot den sårbare fortrengingsmekanismen. Dermed vert naturen ein trussel. Til slutt blir trusselen frå skogen så stor at han tek knekken på begge to. Kvinna viste fram døden for mannen. Han kunne ikkje lenger seia til seg sjølv at det ikkje er noko å vera redd for, og det var den einaste strategien han hadde på lager for å ikkje bli oppslukt av angst. Difor drap han kona si. Difor går også han til grunne.

Obduksjonsrapporten viser at føtene til sonen var deformerte, og me får vita at dette kom av at mora konsekvent tok på han feil sko på feil fot. Slik vart han hindra i å gå frå ho. I slutten av stykket vert ho så redd for å mista mannen sin at ho borer eit hol i beinet hans, dreg eit tau gjennom holet og festar ein tung stein til han. Ein vil at dei ein elskar skal vera nær ein. Kor langt går ein for å hindra dei i å stikka av? Kor hardt bind ein dei fast til seg? Frykta for å mista dei ein elskar er ikkje irrasjonell, men handlingane ein gjer på grunn av frykta, kan fort bli det. Folk døyr, eller folk finn andre å vera nær. Det skjer og det skjer. Det er klart ein er redd. I staden for å la dette bli ein usunn angst som kveler dei liva ein elskar, må ein sjå på kva denne angsten får ein til å gjera mot sine næraste. Og så må ein klara kunststykket; å la dei ein elskar få vera frie.

Mennesket er eit vesen med velgrunna angst. Ingen kan fortelja meg noko anna. Likevel er eg ikkje eit skjelvande angstvrak. Eg skal døy. Eg kan mista. Men om eg let denne angsten prega handlingane mine, stel eg mitt eige liv, og eg skyv dei eg elskar frå meg. Angsten får vera der som ein dirrande stein som eg aldri vil prøva å kasta ut. Men naturen er ikkje berre Satans katedral. Døden og tapet er ein del av meg som menneske, men det er også livet og kjærleiken. 

Då filmen kom, vart han skulda for å vera antifeministisk. Eg er ikkje samd. Kvinna vert vond og gjer grusame handlingar, noko eg tolkar som eit resultat av ei manglande evne til å takla det irrasjonelle. Men mannen fortrenger det irrasjonelle og vert ein rasjonell idiot som snevrar inn livet og nyttar rasjonaliteten som maktmiddel. Ingen av dei vert framstilt i eit gunstig lys. Her vil eg i staden vera det ingen av dei er, eit menneske som klarer å blansera det irrasjonelle og det rasjonelle i livet. Det er ein kunst!

Kommentarer