Stranda (igjen og igjen)

Vinden og regnet varmar opp til stormen og striregnet som kjem i morgon. Himmelen er fargelagd med nyansar av grått. Havet speglar himmelen, og det er nesten umogleg å skilja elementa frå kvarandre i horisonten.

Eg spring fyrste strekninga nordover i medvind. Kroppen vaknar og svever saman med sandkorna. På nordenden av stranda snur eg, og eg møter motstanden som måtte koma. Vinden syng så høgt i øyra at eg ikkje høyrer om eg er andpusten. Stega tek meg ikkje så langt som krafta i dei skulle tilseia. Eg beveger meg som i ein draum. Eg kjem nesten ikkje vidare, men likevel nærmar eg meg målet, staden der åa deler stranda i to, og eg på ny vert nøydd til å springa mot nord.

Vêret gjev meg høve til å forma tankane om til velbrukte og småslitte metaforar. Strevar ein i motvind, vert ein sterkare. Spring ein i medvind, nærmar tilstanden seg euforien.

Eg hugsar korleis eg forlot stranda i 2006. Det var då eg flytta frå Jæren for fyrst gong. Eg snudde meg på toppen av sanddynene for å sjå havet, og eg sa farvel medan eg lurte på korleis eg kunne leva nokon annan stad. Då eg kom attende på ferie frå folkehøgskulen, var både eg og stranda annleis, men framleis dei same. Slik har dei siste seks åra vore: Eg har reist bort og kome attende. Og kvar gong har eg kome attende med noko nytt. Noko har skjedd, fordi det alltid skjer noko, sjølv om ein trur at ein står stille. For kvart menneske ein møter, møter ein noko heilt nytt, og dette heilt nye skaper ein ny respons. Møte med menneske krev at ein stadig må spela nye roller. Slik endrar ein seg.

Sjølv om ein til ein viss grad vel seg roller som ein ønskjer seg, så vart eg lite av det eg trudde eg skulle bli då eg forlot stranda i 2006. Eg har blitt eit menneske eg ikkje ante at eg skulle eller kunne bli. Kven er eg når eg kjem til stranda neste gong? Eg håper at det ikkje kjem til å vera tunge ting som skal forma meg dette året. Sjukdom og død kjem når ein minst ventar det. Men det same gjer kjærleik og glede. Ein må kasta seg ut i det, springa i motvind og medvind, ta pausar for å få att pusten og for å få hjartet til å roa seg. 

Eg tek dei siste stega opp sanddynene, eg snur meg og veit at stranda alltid er klar til å ta imot meg. Ho er stor nok til at tankane og kjenslene mine kan få rasa fritt over ho. Vinden og motstanden i det mjuke underlaget får kvar celle i kroppen til å fortelja meg at eg er i live. Sandkorna let seg forma etter krafta i føtene mine, medan bølgjene og vinden viskar ut fotspora mine for å gjera lerretet klart for nye inntrykk og avtrykk.

Stranda er alltid og aldri den same.

Kommentarer