Holemaskinen

Eg veit kva eg skal ha. Eit par julegåver berre. Eg hatar denne staden. Her er materialismen til stades så intenst at han knapt kan verta reinare i form, og difor vil eg inn, for å studera og eksponera meg for spelet som eg er ein del av enten eg vil eller ei.

Noreg har ei lita befolkning, og av denne vesle befolkninga er mange nett her. Me vert sogne inn gjennom svingdørene, dregne mot lyset som er lysare enn andre stader, inn i den tette varmen. Lyset gjer auga vidopne og fjernar alle filter. Butikkane bombarderer dei sarte sansane med impulsar som appellerer til dei mest primitive instinkta våre. For det skal vitskapen ha, han har kome fram til mykje smart som kan nyttast til å manipulera lystene våre. 

Rulletrappene tek meg vidare, opp, opp. Om ein vil ned att, må ein leita lenge etter ei rulletrapp som går rett veg.

Det opnar seg store hol i livet mitt. Manglar eg ikkje ante at eg hadde. Filmar eg ikkje har sett, klede eg ikkje har i skapet, kjøkkenutstyr som ikkje står på kjøkkenbenken. Eg raknar som eit holete strikketøy.

Det er klart eg må handla, for heile livet har ei røyst frå tv-en (og mange andre stader, etter kvart også inne i hovudet) fortalt meg at eg fortener det. Det er i grunnen ingen som har teke seg bryet med å fortelja meg kvifor eg fortener det, men kvifor skulle eg laga riper i ein så forførande påstand?

Men shopping er ikkje noko ein gjer berre for seg sjølv. For eg blir også fortalt at når eg kjøper ting, så bidreg eg til vekst. Vekst er liv. Stagnasjon er død. Så eg kan kjøpa med godt medvit. Eg skaper arbeidsplassar når eg dreg kortet mitt. Ein skulle tru at folk (om ein då våger å tenkja litt utanfor sitt eige nabolag/land/kontinent) hadde nok reelle behov til at ein kunne halda mange hender i aktivitet. Like fullt skal det vera logisk at ein må skapa falske behov hjå dei som allereie har behova sine dekte i plassen for å bruka kreftene på å dekka behova til dei som ikkje har nok av noko som helst.

Ingen ser glade ut her inne, korkje dei tilsette eller dei konsumerande. Likevel kjem me utan tvang. For mange unge er konsum ein hobby (då under namnet "shopping"). Og ingen vaksne klarer å halda dei i taumane. For også blant vaksne er shopping ein sentral del av livsstilen (sjølv om menn som regel vegrar seg for å nytta sjølve omgrepet), kan hende er det sjølve kjernen. Forbruket fyller livet med meining, for ein er alltid på veg til ein annan stad, her er nok av motiverande del-mål og få stagnerande endestasjonar.  

Tidlegare kjøpte ein ting fordi ein trong dei. No kjøper ein ting fordi ein har lyst på (men også her nyttar ein verbet "å trenge") noko nytt. Ein kan ikkje bruka den same kjolen/buksa/trusa eller dei same skoa/sokkane/øyredobbane for mange gonger. Ein må vera ny, for dei som ikkje klarer å skapa seg sjølve nye til ei kvar tid, er ute eller daude. Utsida er innsida. Det er til å kasta opp/gråta/le av.

Millonar av varer roper for å få merksemda mi. I tillegg sender høgtalarane i butikkane ut musikk som gjer at eg får lyst til å klaga til Arbeidstilsynet på vegne av dei tilsette. I ørska leiter eg etter ein rulletrapp som skal ta meg ned og ut, heilt til eg finn ut at eg faktisk er i fyrste etasje. Ute i den kalde lufta vert tankane klare og hola gror att. I handa har eg dei to gåvene eg skulle kjøpa, ikkje noko meir, og eg kjenner at eg er stolt. Stolt og sliten. Eg skal møta venar.

Lunt lys og smilande menneske. Ein festdeltakar spør vertskapet om dei har ei sikkerheitsnål, for buksa hans manglar knapp. Kor godt er det ikkje å få vita at Oslo City ikkje er det einaste sanne biletet av oss menneske. 

Kommentarer