På perrongen


"Eg har gjeld", seier han. "Heroinen er dyr for tida."
Orda renn ut av auga hans. 

"Eg skulle ønska at eg hadde ein sambuar, at me inviterte eit venepar heim ein laurdagskveld og at me spelte Ludo saman. Me kunne gjerne hatt det keisamt."

Han snakkar så fort han kan for å plaga meg minst mogleg med visdomen sin. 

Eg får lyst til å fortelja han om den grå tåka eg såg frå bussen i går, korleis ho pakka inn lysa frå heimane og gjorde menneska til spøkelse.

Han tek ingen pausar og gjev ikkje rom for orda mine.

"Eg skulle ønska at eg kunne irritera meg over at eg måtte skrapa is av bilen om morgonen."

Like brått som han kom, går han. For der er fleire som ventar på toget i kveld, fleire med ei velfylt lommebok og keisame kvardagar. Om dei lyttar til han, kan han gjeva dei ei visse som er langt meir verdefull enn småpengane dei betaler for å få han til å gå.

Kommentarer

Runar sa…
Fint skrevet om vondt tema.