Dei ser på ho. Er ho den rette?

Ho fortel om kompetansehevingane ho har gjort i det siste (førre veke klarte ho tjue hevingar i eitt strekk!), og ho deler den arbeidslivsrelevante og målmedvitne livshistoria si. Ho har mellom anna møtt motgang som har gjeve ho pågangsmot, og ho har konkurrert nok til å få eit sterkt vinnarinstinkt. Dessutan har ho drive med hobbyar som gjer ho unik (sjakk, bordtennis, karate, tverrfløyte og biletkunst).

 – Kvar dag har eit nytt potensial, og eg har ein intensjon om å sjå det og fylla det opp, seier ho.
Ho oppgjev vidare at dei fleste relasjonane hennar er organiserte i strategiske nettverk (utanom familien, av naturlege grunnar). Og ho ler av tanken på å eta lunsj med nokon som ikkje har blikket retta mot effektive og kreative løysingar på utfordringane sine.

Dei ser på kvarandre og nikkar.

        – Velkomen til ein nyskapande, progressiv og framtidsretta bedrift. Me håper du vil finna deg til rette som ein dynamisk og fleksibel del av heilskapen, og at du vil jobba saman med oss for å nå visjonen om å vera best på kvalitet og kompetanse i møte med kundane våre sine behov og ønske (me har sjølvsagd brote ned visjonen i mål og delmål for å sikra eit konstant nivå av motivasjon og meistringskjensle hjå medarbeidarane våre).

 – Takk, seier ho. På heimvegen oppdaterer ho den attraktive profilen sin i eit par sosiale medium. Alle dei 789 venane hennar liker dette. 

Kommentarer