Høgsterett sine politiske funksjonar

Det er barnelærdom: Makta i Noreg er delt i tre (fire), den lovgjevande, den dømande og den utøvande makta (og den journalistiske). Av desse tre (fire) er den eine folkevald, nemleg den lovgjevande, noko som utgjer eit heilt grunnleggande demokratisk prinsipp. Ifølgje parlamentarismen skal den utøvande makta utgå frå den lovgjevande, og dermed er makta skyvd i retning av dei folkevalde. Når ein tenkjer på politikk, tenkjer ein fyrst og fremst på storting og regjering. Men burde me kanskje også tenkja litt meir på Høgsterett sin politiske funksjon?


Ved Studentersamfundet i Oslo vart det denne veka arrangert debatt om nett dette. For sjølv om dei som sit i Høgsterett ikkje er valde av folket, har dei unekteleg ein politisk funksjon gjennom makta dei har over lovene i landet. På kva måte har dei det?

Til å greia ut om dette hadde studentane fått tak i høgsterettsjustitiarius Tore Schei. Han fortalde at Høgsterett har fleire funksjonar som ein kan rekna som politiske, men han passa på å understreka at alle desse funksjonane må skje innanfor dei rammene som er lagde av Stortinget. Utan Stortinget har ikkje Høgsterett noko mandat.

Men Høgsterett har like fullt politiske oppgåver der dei tek sjølvstendige avgjerder:

Høgsterett må laga reglar når det dukkar opp saker i retten som ingen har kome på å laga lovar for. Avgjerder i Høgsterett vert kalla for prejudikat, og desse utgjer dei rettsreglane som vert kalla for ulovfesta rett. Høgsterett må også tolka lovreglar når desse er uklare. Ei anna oppgåve som ligg hjå Høgsterett, er å fastsetja straffeutmåling innanfor lovverket sine rammer. Avgjerder som gjeld kor strenge straffane skal vera for ulike lovbrot, sender utvilsamt ut politiske signal.

Ingen kan nekta for at Høgsterett lagar rettsreglar. Ingen kan nekta for at Høgsterett ikkje er folkevalde. Men dette er noko ein godtek av pragmatiske omsyn og av omsyn til rettstryggleiken. Alle slags saker kjem opp i domsstolen, og lovgjevar har ikkje alltid tenkt på alt, så difor vert domarane nøydde til å gjera det, slik er det berre. I

Høgsterett har dessutan ein kontrollfunksjon. Grunnlova er den lova som har høgast rang i Noreg. Når Stortinget lagar nye lover, må desse lovene vera i tråd med Grunnlova. Dersom dei ny lovene ikkje er i samsvar med Grunnlova, vil Høgsterett påpeika dette. Grunnlova kan vera uklar, og dermed vert det opp til Høgsterett å tolka ho og avgjerda om den nye lova kan gjerast gjeldande eller ikkje. På denne måten har Høgsterett innflyting på utforminga av lovverket.

Dei norske folkevalde har gjeve frå seg noko av makta til å utforma lovene som skal gjelda her i landet. Denne makta har dei gjeve til overnasjonale organ. Noreg bør følgja regelverk som vert oppretta i tråd med EØS-avtalen, og me har forplikta oss til å retta oss etter avgjerder i Den europeiske domstolen for menneskerettar (EMD). Her får også Høgsterett ein kontrollfunksjon, då Høgsterett tolkar norsk regelverk i forhold dei overnasjonale forpliktingane.

For å oppsummera: Høgsterett lagar nye reglar der det er eit vakuum og tolkar reglane der lovene er uklare. Dessutan kontrollerer dei norsk lov gjennom tolkingar av grunnlova og overnasjonalt regelverk. Dette er politikk utanfor partipolitikken sine rammer.

Korleis er dette problematisk? Rune Slagstad var invitert for å innleia debatten på Studentersamfundet. Av ein eller annan grunn starta han innlegget sitt med å seia at han ikkje ville vera polemisk, noko eg verkeleg ikkje kan skjøna kvifor han ikkje ville. Debatten som følgde var så livlaus at det var til å bli flau over. Var ikkje salen full av dyktige studentar innanfor jusss og statsvitskap? Om dei var tilstades, så må dei ha vore der mest for å lytta til faglege autoritetar, for å læra og nikka, for det var jammen ikkje mykje tak i dei. Ein debatt på Studentersamfundet skal ikkje bli dominert av menn med grått hår, men det vart altså denne.

Debatten gjekk på tå kring kring grauten. Problemet er at folket skal bestemma lovene i eit demokrati, og at Høgsterett utfordrar dette demokratiske grunnprinsippet. Kunne ein ha gjort det meir demokratisk? I USA er det heilt tydeleg kva for eit parti domarane i Supreme Court sympatiserer med. Dersom ein gjorde dette opent også her til lands, ville ein fått domarar som var valde av ei regjering, og ein kunne kalla dei for demokratisk valde domarar. Men dette har heilt klart sine problematiske sider, for når ein blandar inn politikk, kan det laga ein støy som kan hindra at domarane held hovudet kaldt i dei faglege, juridiske vurderingane. Det er truleg best at det politiske sirkuset held seg unna domsstolane. Kva anna kan ein gjera? Ikkje veit eg, men at den politiske funksjonen er problematisk, kan ein ikkje stikka unna ein stol på same måten som dei tre hundre studentane på Studentersamfundet såg ut til ha lyst å gjera.

Kommentarer