Mannen som sit bak ho på toget, har stort kvitt skjegg. Ho kan sjå biletet av han i den mørke vindaugsruta.

Mannen lagar lydar medan han les avisa. Dei kan tolkast som "hm", "mm" eller humring. Eller berre tilfeldige lydbølgjer som slår ut frå eit opprørt indre.

Ho får lyst å snu seg til mannen og seia: "Eg er galen, eg også." Mannen ville nok sjå på ho då, og ho ville seia: "Ja, det er sant, sjølv om galskapen min som regel er taus og usynleg. Men som alle galne menneske spør eg meg sjølv om det er meg eller dei fleste andre det er noko gale med, og som alle andre galne konkluderer eg; det er dei fleste andre. Sjølvsagd er dei det, for kva anna enn galskap kan vera årsaka til forsøka på å kopla språket frå røynda ved å gjera språket til generator for positive, energiskapande løgnar, og ved å bruka orda til å gjera ting viktige som slett ikkje er det, medan det viktige vert pakka inn i tause teppe. Du snakkar truleg sant, som meg, for ingen skjønar kva du seier, og sanninga har røtene sine planta i si det uforståelege."

Ho teier og les i boka ho har i fanget medan ho ventar på at toget skal koma fram.

Kommentarer