Snart er eg eit fjell

Eg er glad for at nokon lærte meg geologi på vidaregåande. Det vesle eg hugsar, dreg lange tidslinjer gjennom dei ulike landskapa eg møter. Dette er det eg hugsar:

Elvar lagar v-dalar og delta, medan isbreane grev ut u-dalar og formar moreneryggar.

Bre-elvane lagar ravinelandskap. Is flyttar både kampesteinar og mindre steinar. Steinane skurar landskapet når breane vandrar.

Is og vatn sprenger og grev i fjellet. Steinen eg trør på, gjev etter for vatn som eg drikk. Det harde er mjukt, og det mjuke er hardt.

Alt er i rørsle. Kontinentalplater vert pressa mot kvarandre så dei vert til fjellkjeder, eller ei plate presser ei anna ned så ho smeltar i jorda sitt indre. Lava sprutar opp frå djupet og lagar nye lag med jord. Tellus vert aldri ferdig forma.

Når ein snakkar om alderen til fjell, snakkar ein om hundrevis av millionar av år. Der er unge fjell og gamle fjell.

Og så er det meg. På ei geologisk tidslinje er omfanget av eksistensen min så godt som ingenting. Dette seier meg følgjande:

Snart kan eg vera eit fjell. Atoma som er meg i dag, kan vera ein del av ein fjelltopp om ikkje så lenge.

Denne tanken får meg til å slappa av (jau, sjølvsagd skremmar han litt også, men dette gidd eg ikkje undersøka nærare no). Utfordringane mine er små i geologisk samanheng, sjølv om dei er store nok om ein måler dei med mitt eige livsløp som målestokk. Av og til er det fint å nytta ein målestokk som høyrer til i eit anna tidsperspektiv.

Fjell kjem, fjell går.



Kommentarer