Om skravling

Eg sit midt i ei landleg stille, og her får eg det for meg at eg vil undersøka skravlinga. Eller meir presist: Dei engasjerande og sosialt integrerande samtalene som vert førde mellom deltakarar som er/kjem i godt humør.

Kan hende vil nokon tru eg er galen når eg skriv dette, men når eg snakkar på mitt mest engasjerte, når samtala glir friksjonslaust over stokk og stein, når diskusjonen vert til ein sjølvgåande maskin, når deltakarane vert så opne at tilsynelatande ingen sider i boka er forboden lesing, då kjennest det som om eg mister litt av meg sjølv. Eg rekk ikkje få med meg heile meg i samtala, det går for fort!

Slike samtaler løfter humøret mot sosialt konstruerte høgder. Vel og bra! Men når eg etterpå vert sittande i mi eiga stille, klarer eg ikkje setja fingeren på kva som faktisk vart sagt. Og eg stiller meg spørsmålet: Var mennesket eg snakka med i det heile synleg for meg? Kom ho nærare meg? Kom eg nærare ho?

Ei samtale utan pausar er sosial støy.
Pausane.
Der ein tek seg tid til å tenkja på det som vart sagt. Truleg fortener orda ein tankjepause. Fordi det som vart sagt ikkje er sjølvsagd. Det sjølvsagde er det ikkje naudsynt å seia.

Ei samtale der ein ikkje held noko attende, tømer seg sjølv for innhald. Alt er ikkje relevant. Alt for mykje informasjon gjer at ein mister emnet av syne, samtala vert ein jungel av ord der det er håplaust å finna meininga.

Ei samtale der ein har neste replikk klar allereie før den andre har snakka ferdig, er ei samtale der ingen av dei som snakkar, respekterer orda som meiningsberande teikn.

Kvifor skravlar me så fælt?

Eg skravlar fordi eg blir glad og engasjert. Fordi eg opplev eit umiddelbart fellesskap med eitt eller fleire menneske. Me responderer lynraskt fordi me er innvovne i dei same sosiale konvensjonane, det er tett og trygt her! Me ler i kor og koser oss! Men me kjem ikkje nærare kvarandre enn desse samtalekonvensjonane legg til rette for. Det heseblesande tempoet og friksjonsløysa gjer at ingen rekk å sjå dei uforeinelege tankane og kjenslene, og alt anna som livet består av, men som ein ikkje finn det mogleg å snakka om så lenge ein berre nyttar ord som provisorisk, sosialt lim.

Der er ei tid for skravling. Det er det verkeleg. Ein treng dei lause banda til menneska som er kring ein i kvardagen, for også dette er verdefullt. Godt humør er verdefullt.

Men der er også ei tid for å snakka saman. For å ta orda og emnet på alvor. For å dyrka samtalekunsten, dialektikken som kan oppstå mellom tankane til to menneske. For å opna samtala opp med pausar så ein kan få tid til å finna ut at det andre mennesket er eller tenkjer noko anna enn det ein hadde forventa. Fyrst då kan ein ha håp om at orda vil føra to menneske nærare kvarandre.

Kommentarer