Batman og frk. K

Frk. K har brukt dei tre siste kveldane på Nolan sin Batman-trilogi. Det spørs om ho har hatt så godt av dette, då det i teksten som følgjer, vil gå fram at ho har ein "samtale" med helten. For den som ikkje har sett filmane, og som ikkje har lyst å vita noko om dei, er det ikkje anbefalt å lesa denne teksten, då der er nokre referansar til handlinga.

K: Takk for at du ville møta meg. (Dei to sit ved eit bord i ein tom kafé. Dei har kvar sin kaffikopp.)

BM: Det er meg som skal takka.

K: Nei, det er meg.

BM: Ok.

K: Fyst vil eg snakka om kvinnene i livet ditt. Eg håper ikkje eg rippar opp i for mange kjensler.

BM: Eg trur eg skal tåla det. Det er trass alt ei stund sidan det med Rachel. Eg trur eg er komen til det punktet der det ikkje gjer ulideleg vondt å snakka om ho. Dessutan har eg jo ei anna kvinne i livet mitt no.

K: No høyrest eg veldig kynisk ut, men eg trur det var bra for deg at Rachel forsvann ut av livet ditt. Sjølvsagd var det tragisk det som skjedde, men av og til er det ikkje den fyrste ein elskar ein har det best saman med på lengre sikt.

BM: No synest eg at du er på veg ut i lite naudsynte spekulasjonar.

K: Sjølv om spekulasjonane kan vera til trøyst? Rachel var den flinke, flittige kvinna med tru på at rettferda kunne skje innanfor rettsystemet. Du er utanfor desse grensene, det same er den kvinna som du fann til slutt. Og ut frå eit feministisk perspektiv er ho også meir spanande. Rachel var sjølvstendig, det er klart, men ho var Madonna-skikkelsen i filmane, ho var utan flekk og lyte. Ein treng meir nyanserte kvinner, noko ein fekk i Catwoman, om eg får kalla ho det. Ho er korkje helgen eller skjøge. Ho er ein kvinneleg Robin Hood.

BM: Så fint at kjærleikslivet mitt tilfredsstiller feministen i deg.

K: Uff, det var ikkje slik meint. Eg håper du er lukkeleg!

BM: Takk.

K: No skal me trenga djupare inn i materien. Inn i menneska sin vondskap og inn i det som driv deg.

BM: Ja, du veit vel det meste. At eg såg mor og far min bli drepne, at eg kjende meg skuldig og makteslaust, at eg var ein liten gut med eit stort sinne og ei stor sorg. Eg var aleine.

K: Og så var du redd.

BM: Ja. Frykta mi manifesterte seg i flaggermus.

K: Ufarlege, er dei ikkje?

BM: Nei. I kraft av å vera symbol, er dei farlege.

K: Og du gjorde deg sjølv om til eit symbol, du vart eitt med det du frykta, for sjølv å bli ein som dei urettferdige frykta.

BM: Mm.

K: Om ein ser bort frå dei vanlege vinningskriminelle, så var fiendane dine ute etter éin ting, dei ville øydelegga Gotham. Dei meinte at det måtte skje fordi byen allereie hadde øydelagd seg sjølv, vondskapen der måtte stoppast. Det minner meg om mentaliteten til guden me møter i det Gamle testamentet. Han som let ein flaum øydelegga sivilisasjonen for å få slutt på synda der. Han som øydela Sodoma og Gomorra fordi han ikkje fann nok rettferdige der der. Rett nok redda han dei få rettferdige som var, men likevel...

BM: Ein øydelegg ikkje vondskapen ved å sjølv vera vond. Guden valde ein frykteleg strategi. Ein kan ikkje avretta ein heil by og seia at alt som vart utrydda var vondt, sjølv om menneska der dyrka vondskapen.

K: Du har noko til felles med nokre av fiendane dine: De har mista nokon de var glade i på grunn av andre menneske sin vondskap. Men du ville ikkje vera med på laget deira. Kvifor?

BM: På grunn av det eg nett sa, og fordi eg berre drep om eg må. Det ville undergrava rettstaten om kven som helst kunne gjera seg til ein del av den utøvande makta. Dessutan vil fiendane mine at eg skal bli ein drapsmann, for då blir eg ein av dei. Det ville ha øydelagd krafta i Batman-symbolet. Hemnen får ikkje foreldra mine og Rachel til å koma attende. Eg må kjempa vidare i deira ånd. Eg kan ikkje la mørkret mitt øydeleggja andre menneske. Sjølv om Gotham har alt for mange skuggar og alt for lite lys, så klarer eg ikkje å hata dei som bur der.

K: Difor ofrar du deg sjølv før byen. Du tek alle syndene deira på deg og hindrar at dei blir straffa.

BM: Eg hadde ikkje så mykja att å leva for. Eg prøver ikkje å vera Jesus om det er det du siktar til.

K: Anten du prøver eller ikkje, så er der nokon ting som liknar. De let dykk ikkje styra av samfunnet sine lover, noko som får styresmaktene til å mislika dykk.

BM: Sant nok. Men Jesus kjempa med andre våpen enn meg. Og så sa han at han var Gud. Eg er berre eit vanleg menneske som har nytta det eg hadde av pengar og høgteknologisk kompetanse til å bli eit symbol. Og så har eg gjort kroppen min til eit våpen.

K: Og du er villig til å lyga dersom det er det som må til for å gjeva folket håp.

BM: Kven veit, kanskje gjorde han det same?

K: Ja, kven veit.

BM: Berre dei daude...

K: Sjølv om du forhindra katastrofen og gav folket håp, er det lite som tyder på at kriminaliteten i Gotham vil forsvinna, og dei økonomiske skilnadane vil ein framleis ha. Som Bruce Wayne isolerte du deg frå menneska der i lang tid, så entusiasmen din overfor byen må ha sine grenser.

BM: Eg kjenner Gotham på godt og vondt. Berre den som kjenner nokon, kan vera verkeleg glad i dei.

K: Og no er Wayne ute av byen for godt? (Batman tek av maska og blir til Bruce Wayne.)

BW: Ja. Beklagar at eg berre tek av meg maska no, men det er så dillete å få av seg denne drakta.

K: Ikkje tenk på det, du, eg liker drakta di. Treng ikkje byen Batman meir?

BW: Det har eg ikkje sagt. Men eg treng ikkje Batman. Batman som symbol treng ikkje døy av den grunn. Det er ikkje berre meg som ber på sorg, sinne og mørker. Det er sjølvsagd få som kanaliserer kjenslene slik eg har gjort det. Men eg trur ikkje at det berre er meg som er villig til å bli ein utanforståande for å kjempa mot dei øydeleggande kreftene.

K: Er der ein arvtakar til kappa?

BW: Det vil tida visa.

(Frk. K ser mot vindauget, og når ho snur seg att er BM/BW borte.)

Kommentarer

Anonym sa…
Lekent!