Å balansera gatelangs

Eit menneske kan koma seg fram på forskjellig vis. Ein kan hoppa, hinka, spasera, gå baklengs, jogga, løpa osb.
Men når ein går på fortauet i ein by, har ein i realiteten ikkje så mange alternativ om ein vil unngå reaksjonar. Med reaksjonar meiner eg her: tankar. Folk går ikkje heilt likt (jf. hoppande gange, rask gange, subbande gange osb.), men ein vilkårleg stad går grensa mellom naturlege variantar og avartar.

Dersom ein kjem springande, vil det truleg oppstå reaksjonar hjå dei ein passerer. Desse reaksjonane kan likevel bli annullerte om ein kjem til at avviket har ei rasjonell forklaring. Slike forklaringar kan vera ein buss eller eit par joggesko. Om den som reagerer ikkje kan sjå nokon slike openbare årsakar, blir reaksjonen hengande i hovudet hans.

Dersom nokon hinkar, kan det vanskeleg forklarast. For om vedkomande hadde hatt ein god grunn, burde han ha skaffa seg krykker.

Dersom nokon haltar, kan reaksjonen vera eit spørsmål: – Har vedkomande skada seg? Eller eit uttrykk for ein form for empati: – Stakkars!

Går ein baklengs, kan det godt hende at ein er gal. Det same gjeld dersom ein jentehoppar. Sjølvsagd kan alt dette forklarast dersom ein ikkje beveger seg aleine, men i ei gruppe. Grupper finn på så mangt, grupper kan leike. Vaksne menneske leikar ikkje aleine.

Dersom ein sjanglar, forstår folk at det er rusmiddel inne i biletet. Reaksjonane vil variera med tidspunkt og vekedag. Den som sjanglar klokka to på ein måndag, vil bli møtt med sterkare tankeverksemd enn den som sjanglar klokka to natt til søndag.

Eg tek til å springa, utan løpetights eller ein trikk å rekka. Eg hoppar med dette av den sosialt oppspente lina, eg styrtar ned i ein avgrunn og ser andleta deira kring manesjen, høgt over meg.

Eg senkar farten, og stig straks opp til overflata att. Eg ser på oss og ler. Me bøyer oss for konstruksjonane, fulle av respekt for det sosiale systemet me sjølv har laga.

Hinka løpa dansa snurra hinka løpa dansa snurra hinka løpa dansa snurra og til sist: Stå stille! Då er galskapen komplett.

Kommentarer

runar sa…
Bra!
PerMS sa…
Jo, det blir alt for lite hinking på veg til toget. Ein kollega av meg syklar på eitthjulsykkel til jobben kvar isfrie dag helie året. Det er litt sirkus, men han bommar stygt på den stramme lina. Me andre vekslar blikk.
Men du, - kva er jentehopping? Høyres kjekt ut. Du som er så god med ord kan vel forklarakos ein gjer det.
P
Fru K sa…
Lenge sidan sist, Per!

Jentehopping var eit omgrep som festa seg i barndomen. Fyrst hinkar ein to gongar på det eine beinet, så to gongar på det andre, og så gjentek ein dette over den ønska distansen. Ein skal ikkje hinka høgt, berre så vidt letta frå bakken.

Eg er på Bryne t.o.m. 5. august. Ta gjerne kontakt om du/de har lyst på besøk!
PerMS sa…
Å ja, slik ja. Ei sann oppvising i sorglaust liv og ynde som kunne gjera inntrykk på ein storøygd mann (på seks - sju år), gjenteke på den rette måten over den ønska distansen.

Ja. eg har lyst på besøk, men innser at eg er litt seint ute. Er for sjeldan på Nettet. Ikkje bra.