Grøn vegg


Eg går forbi Deichmanske hovudbibliotek (stengt pga. ombygging). Eg smiler til bysta av Arne Garborg, og eg registerer at den rosa malinga er borte frå barten hans.

Til høgre for meg er ein lysegrøn plankevegg. Håpet er lysegrønt.

Eit stykke lenger borte er det ein opning i veggen. Her er ei glasbu der det sit ein vakt, og ei innrettning med stålstenger som kanskje flyttar seg om ein går mot dei. Det er ein slik inngangsportal som berre er open for dei som har det rette id-kortet hengande frå blesaren.

Eg rundar hjørnet og håper at vakta ikkje trur eg er ute etter bråk. Ho kan jo lett koma til å tru det sidan eg har svart skinnjakke og solbriller.

Her ser eg at dei har skore nokre runde hol i plankeveggen. Hola er plasserte slik at folk flest er høge nok til å sjå gjennom dei. På andre sida av hola er der grovmaska netting. Og bak nettingen kan ein sjå sjølvaste regjeringskvartalet.

Fritt blikk?

Dei sender blikket mitt dit dei vil.

Fann eg fram saga for å få meir innsyn, ville veggen ha omforma seg til betong.

(Men veggen er der jo nett for å ta vare på det opne demokratiet vårt, det må eg ikkje gløyma.)

Kommentarer