Ta debatten!

Frk. K har fått tilgang til eit internt notat som sirkulerer i Demokrati- og openheitsdepartementet. Etter innhaldet å døma er det eit utkast til ein tale som truleg kjem til å bli endra i neste ledd i kommunikasjonskjeda. Kan hende har me her tilgang til ministaren si opphavlege røyst? Heldigvis har departementet trettito kommunikasjonsrådgjevarar med strategisk teft.

"Her til lands er me svært flinke til å ta debatten. Dette er det bra at me er flinke til, for gode og opne debattar er heilt naudsynte om me skal kalla oss eit demokrati. Og det vil me jo gjerne kalla oss.

Debatten kan vera forma som spissformulerte kronikkar i den eine avisa, eller som personfokusert og djuptgravande journalistikk i den andre. Alternativt kan debatten koma i form av slåande linjer som blir formidla via radioen, eller som høgtempererte debattar på ein tv-skjerm.

Debatten blir opplyst av sterke lyskastarar, her sparer me ikkje på straumen. Sjå! Demokratiet!

På gatene ser ein opplyste borgarar med spisskompetanse på lesing av avisoverskrifter. Heldigvis har media gjort det slik at elitistane, desse som meiner at debattar må førast med ressonnement som går over fleire avissider, og som vil ha fokus på sak i plassen for på person, ikkje får dominera det offentlege rom. Desse vil lukka debatten ved å gjera det vanskeleg for folk flest å henga med. No deltek alle på like premiss, for alt er forståeleg, og det er ei overkomeleg oppgåve å fella ein akseptabel dom. Saker som ikkje eignar seg til tidtrøyte, og som gjev folk ei kjensle av at politikk er komplisert, fortener ingen plass på dagsorden. Dersom sakene vert for samansette, føler folk at dei fell utanfor. Dette kan føra til at demokratiet forvitrar. Heldigvis er me langt frå eit slikt dystert scenario.

Det er folket ein fyrst og fremst må ta på alvor, ikkje sakene. Skulle sakene ha forrang framfor folket, ville det ha vore naudsynt å oppdra folket slik at dei likte å bruka hovuda sine til å tenkja lange tankar. Det er mykje trivelegare å la folket kosa seg med lett underhaldning. Då vert jo også jobben for oss som sit med makta, så mykje lettare.

Hei Kåre! Ser dette greit ut, eller? Eg skrabla det ned på veg til jobben, så det er mogleg du må gjera visse endringar. Hei og hopp! P.S. Kva sko bør eg ha på meg når eg skal halda talen?"

Kommentarer

Runar sa…
Haha!