Døropning

Ein hyggeleg kar heldt oppe døra for meg. Eg ville vera hyggeleg attende og heldt oppe neste dør for han. Til mi overrasking såg han litt skuffa ut, men han lo og sa , "ja, me har jo likestilling", eller noko i den duren.

Fyrst tenkte eg: Det var dumt av meg å halda oppe den døra. Eg hindra at han fekk sjå seg sjølv som ein galant mann.

Men no tenkjer eg: Kvinner har også rett til å vera hyggelege. Eller ein sterkare påstand: Hyggelegheita er ukjønna.

Kommentarer

Anonym sa…
Stakkars mann. I diplomatiet blir det sett på som dårlig kutyme å gjengjelde en gave for tidlig. Hvorfor?
Fru K sa…
Du har eit godt poeng, kan hende burde eg ta sjølvkritikk. Når nokon gjev ei gåve, vert relasjonen asymmetrisk. Om ein opprettar symmetrien att umiddelbart, får ikkje gåva den meinte funksjonen. Han fekk ikkje høve til å gjeva meg noko.

Men eg valde å tolka dette i ein kjønnsdiskurs. Eg meiner at tolkinga mi er plausibel, då mannen sjølv ytra noko som viste at han såg kjønnskilnaden som ein del av hans eiga forståing av situasjonen. Dette gjev meg grunnlag for å forsvara reaksjonen min, då eg vart sett som ein representant for kjønnet som mottek gåvar, medan han sjølv ville definera seg som representant for kjønnet som gjev gåver. Desse definisjonane av kjønn vil vel både du og eg bort frå? (jf. kino-episoden ol.) (førre parantes er intern, men resten av kommentaren skal ikkje lesast som intern av den grunn, og eg vil gjerne at andre enn "anonym" kjem med innspel.)