Optimalt middel

Om me verkeleg meinte det me sa om at mennesket ikkje skal vera eit middel, men at mennesket er eit mål i seg sjølv,

korleis kan me då, (ja, her er det snakk om oss, dersom demokratiet då framleis fungerer,)

gå inn for å utrydda menneske med kromosonavvik før dei blir fødde? Om me bestemmer oss for at det er slik me (ressurssterke menneske) vil ha det, så viser me for all verda at me ser på kvarandre som middel, du og eg er effektive reiskap som held hjula i gang, og slik er det best om alle andre også er.

Logikken som ligg bak denne avgjerda, trur eg må vera som følgjer, sjølv om teknokratane og samfunnsøkonomane aldri vil vedkjenna seg dette: Dersom me slepp å bruka nkr på å halda liv i kromosonavvikande individ som ikkje kan gjera nytte for seg, kan me gjera samfunnet meir velfungerande, me kan bruka fleire nkr på vegutbygging (utført av folk utan kromosonavvik) og eldreomsorg (også utført av og for folk utan kromosonavvik) eller kanskje me til og med kan spandera på oss eit lyntog frå Oslo til Stavanger (som er fullt av hardtarbeidande pendlarar utan kromosonavvik).

For å trekka dette ned på eit nivå der folk ikkje kan skulda meg for å fremma groteske vrangførestillingar, vil eg visa til eit sitat frå helseminister Strøm-Erichsen. Ho seier følgjande til VL 14. des.: "Vi kan ikke stikke hodet i sanden og late som om tidlig ultralyd ikke finnes. Det er en realitet, og da er spørsmålet om det ikke skal være et trygt tilbud for alle som ønsker det."

Kan eg då få lov til å argumentera på følgjande vis? "Me kan ikkje stikka hovudet i sanden og lata som om små kamera som ein overvaka ektefellen sin med, ikkje eksisterer. Det er ein realitet, og då er spørsmålet om det ikkje skal vera eit trygt tilbod til alle som ønsker det."

Denne sjuke, sjuke trongen til kontroll over liv og død (er det ikkje merkeleg at folk framleis døyr, så flinke som me er blitt?). Denne perverterte måten å argumentera på: Me har midla til å ta kontroll, kvifor skulle me då ikkje gjera det, slik at alle mødre og fedre får lov til å vita om barnet deira er eit barn dei vil ha, eller om det er eit barn som ser ut til å møta meir smerte og større vanskar i livet sitt enn andre barn, og som det dermed vil vera meir humant å ta livet av før det veit at det lever.

Å ta slike val medan samfunnsøkonomar kikkar deg over skuldra, og coachen din kviskrar at du må tenkja på deg sjølv og ditt yrkesmessige, framleis urealiserte potensiale, er eit val ingen foreldre burde bli stilt overfor. Dette er umenneskeleg. Dette er talen til systemet, der mennesket er middel, ikkje mål.

Kommentarer

Ragnhild sa…
Liker dette du skriver her og deg :)
Anonym sa…
Jeg synes det er uetisk av deg å bruke Anne Grete Strøm-Erichsen til å framheve din egen klokskap.

med VENNLIG hilsen Ivar
Anonym sa…
Du driver stadig og bygger på metafengselet ditt ser jeg. Typisk deg, Ivar.

Odd
Fru K sa…
Takk takk!

Det er aldri uetisk å kritisera makta, uansett kor dum ein får ho til å sjå ut. Håper ikkje du legg slike band på tunga di, Ivar.

Odd, du får passa på kameraten din. Det er fort gjort å laga metastengsel mellom seg sjølv og røynda. Ein lyt halda kvarandre i handa, så går det kanskje litt betre.