Kva er det dei seier?

Om nokon fortel deg noko, gjennom tekst eller tale,

Gjer du lurt i å tenkja gjennom følgjande:
Gjer dei dette fordi dei vil fortelja deg noko som er nærast mogleg sanninga om verda, fortel deg dei dette fordi dei vil deg og samfunnet alt det beste,

Eller seier dei det for å nå sitt eige mål? (til dømes meir makt, meir pengar, høgare status, betre omdøme, fleire kundar)

Dersom du kjem til at det siste alternativet er mest nærliggande, dersom du finn at den som seier noko, gjer alt vedkomande kan for å tilpassa røynda slik at han sjølv kjem i eit best mogleg lys,

Då bør du gjera alt du kan for å finna utfyllande informasjon om saka, du bør søka kjelder som du trur kanskje kan snakka ut frå anna enn eigeninteresse, kan hende du då kan få høyra noko som ligg nærare sanninga.

For dei som søker sine eigne mål gjennom det dei seier, dei gjev deg ikkje noko du som tenkjande vesen burde godta. Til sjuande og sist er det sanninga som gagnar deg og samfunnet mest, for dersom ein godtek at ein sjølv handlar ut frå det som ikkje er sant, dersom ein godtek at samfunnet ikkje vågar å sjå sanninga i auga, då byggjer ein huset sitt på sandgrunn, ein lagar ei symbolsk røynd som ikkje er tilstrekkeleg festa i den objektive røynda, noko som neppe vil stå seg når den verkelege flaumen ein dag kjem.

Om du då ikkje er av dei som liker å godta alt som blir sagt fordi det er mest komfortabelt å ikkje stilla spørsmål.

Kommentarer