Journalistforakt

Etter eit semester med faget "politisk retorikk" er er eg i ferd med å bli pessimist på vegne av demokratiet si utvikling. Førre forelesing var ved  Eirik Vatnøy frå tankesmia Civita. Han har studert valkampsendingane til NRK som vart sende ved valet i 2009, og pamfletten han gav ut i det høvet, finn du her. Vatnøy peikar på tre aspekt som han stiller seg sterkt kritisk til.

Det fyrste er at politikarane får kort taletid. Journalisten bryt stadig inn med oppfølgings- og omformuleringsspørsmål, og det vert stilt krav til korte svar. Seier politikaren "ja, men...", følgjer journalisten opp med eit strengt "Ja ELLER nei?". Det er dessutan viktig for journalisten å få fram det som potensielt kan vera konfliktfylt, fordi han meiner at dei gode debattane er dei debattane som har høg temperatur. Kor lett er det å fremma kompliserte resonnement når ein får maksimalt 30 sekund å snakka på? Kor lett er det å forklara politikken sin når journalisten berre vil få deg til å seia at du tek feil, og når han mister heilskapen av syne så snart han ser eit lite punkt som kan skapa usemje? Dette er eit sitat henta frå Sollund si utspørjing av Jensen, idet Sollund avsluttar emnet dei har snakka om: "Vi ville høre om dere innrømmet at dere tok feil, men det var visst ikke så enkelt."

Vatnøy peikar også på at journalistane legg til rette for eit fiendtleg debattklima. Ein stiller negative spørsmål med innbakt kritikk, så politikaren må forsvara seg før han har fått sjansen til å fremma synspunktet sitt på den positive måten han vel skulle ønska.

Det tredje punktet i Vatnøy sin kritikk er at journalistane ser på politikk som eit spel, der ein må kåra vinnarar og taparar av debattane. Dei politiske kommentatorane kan høyrast ut som sportsjournalistar idet dei kommenterer utfallet av debatten. Kva hjelp det veljarane å få høyra dette?: "Jeg synes jeg har sett henne bedre før. Men nå er jo ikke disse utspørringene barnemat heller da.", som politisk kommentar Jacobsen sa i eit intervju av politiske kommentatorar etter ei utspørring av Navarsete. Dette fortel meg ingenting om politikken til Navarsete. Snarare får kommentatoren Navarsete til å sjå ut som ein tapar, utan å ha vist til argumenta hennar. Er det på dette grunnlaget veljarane skal gå til stemmeurnene?

Eg vil høyra kva politikarane seier. Eg vil vita kvifor dei meiner det dei gjer, altså vil eg høyra dei lange og krevjande tankerekkene som må ligga bak avgjerder i kompliserte sakar. Eg bryr meg ikkje om partiet med dette gjer seg etande for andre parti. Eg bryr meg ikkje om politikaren hadde ein dårleg dag og ikkje var like "på" som han burde. Eg bryr meg ikkje om Erna og Siv og Jens eller kven det måtte vera kan vera venar, men eg bryr meg om konsekvensane som dei politiske prosjekta deira vil ha for samfunnet. Eg vil ikkje høyra politikarar tapa og innrømma at dei tek feil. Eg vil høyra politikarar som får rom til å tru på sakene sine og til å fortelja meg kvifor dei trur på det dei gjer. Er det rart ein snakkar om politikarforakt når journalistane tvingar politikarane til å krangla? Er det rart ein ikkje trur dei er kloke når dei berre får seia ei setning av gongen?

Det er flott at journalistane vil passa på folket så ikkje dei tre andre statsmaktene får manipulera oss. Men då må journalistane våga å tru at folk kan tenkja litt sjølv, og at me har større behov for å høyra kva politikarane faktisk seier, enn me har for å høyra kva journalistane meiner at politikarane seier. Det er journalistane me burde forakta, desse som skulle vera objektive og kritiske, men som i plassen har fått det for seg at alt folket vil ha er sirkus og strategisk spel. Eg vil ikkje ha eit show som dreier seg om levevilkåra våre, eg vil at me skal ha høve til å snakka saman og slik koma fram til kva som er best for samfunnet!

Dette engasjerte innlegget mitt er basert ei enkeltståande analyse av ei valdekning. Eg vil ikkje generalisera for mykje over dette, og intensjonen er ikkje å oppmoda til generell journalistforakt. Men når nokre journalistar opptrer som dei gjer, og det i NRK, som utgjer ein av dei absolutt viktigaste kanalane folk har for å få informasjon før vala, då må eg bli sint, då må eg visa at eg ikkje tolererer dette. Politikk er djupt alvor, det dreier seg om dei vanskelege og store spørsmåla som gjeld korleis me best kan leva saman i eit samfunn. Slike spørsmål krev at der er rom for å diskutera dei. Då kan ein ikkje legga opp debatten som om det heile var eit spel med potensielt høg underhaldningsverdi.

Kommentarer