Høgpuls og kvilepuls: To like naudsynte hjarte-tilstandar


Eg bur midt i det høgpulserande, impulsutsendande hovudstadshjarta,

der universitetet stimulerer tankane mine og skyt dei ut i faglege banar, der kulturelle uttrykk og inntrykk utfordrar meg til å finna ut kven eg sjølv er, kven menneska er,

der imperativet "grip dei sjansane du får!" regjerer, der den som slappar mykje av, ikkje kan kunsten å realisera seg sjølv,

der dei verkeleg store spørsmåla er: "kva skal du bli, kva driv du med?" (ikkje: kven er du, kva elskar du)

der meistring er ei plikt for kvar studine:

for du har eit treningssenter på kvart eit hjørne, der kan du henta deg inn, samla energi i strame musklar som du så brukar opp medan du spring i skytteltrafikk mellom lesesalen, jobbane dine, venane dine,

Og det rare er: Eg liker dette hektiske livet.

Eg som trudde eg var poetinne i sinnet?


Jau.

Eg er det også.
Dette finn eg ut når eg er hjå kjærasten min som bur i huset han har bygd seg på landet,

når eg plukkar eple i hagen og ser ein rev gå forbi vindauga, når eg les dikt fordi eg nett då ikkje har nokon plikt som kallar.

Når kvilepulsen invaderer kroppen.

Stagnerer eg då? Er eg lat? Er eg feig?

Nei.

For stilla har sin eigen produktivitet. Den som veks i takt med grantrea, som skjer årringar i kjøtet,

Kreativiteten som ikkje kjem når ein ropar på han, eller når ein jagar etter han for å få taket på han. Kreativiteten som slumrar i sjela, og som vaknar når eg sit heilt stille i ein lenestol og ser på morgondisen som ligg over elva.



Kommentarer