Helgenatt

Dei gule stengene på trikken, dei ein held seg fast i om ein må stå, eller om det krengar når ein har reist seg for å gå til utgangen, dei skiftar farge i nattelyset.

Ei kvinne lener seg på skuldra til ein mann, ein kan sjå dei i trikkevindauga om ein held seg for god for å sjå direkte på dei, ho kviskrar og ler og stryk han over kinnet før ho let handa si kvila på låret hans.

Det er laurdagskveldens magi, kjenslene blir vrengde frå utside til innside så ein kan sjå at alle som er venar er dobbelt så glade i kvarandre som det såg ut til i dagslyset, og alle som er kjærastar viser omverda det nakne begjæret sitt, den nakne omsorga, kor mjuke leppene deira er når dei møtast. Den som sit på trikken og betraktar refleksjonen i ei mørk vindaugsrute, smiler, for menneska er så gode mot kvarandre, så inderleg intersserte.


Vindaugsruta løyser seg opp, blikket blir eitt med utanomverda, 

På fortauet går ein med lepper som mumlar ”nei, nei”, med auge som borar seg inn i hans eiga sjel, pupillane drikk mørker, beina går fastare og fortare enn det som er naturleg, for han strever med å skjula vaklinga si for dei han nett har forlate, dei som framleis sit på puben med fulle glas, dei som ikkje høyrde kva det var han eigentleg sa, dei berre lo, for det var jo latteren dei var komne for, dei gjekk ut for å finna fridomen, og då han hoppa uti det frigjerande gylne havet saman med dei, fann han at fangenskap var betre, for den frie væska gjorde dei tome molekyla til boblar i hjarteblodet, nei, nei, han treng kvardagslekkjene sine, asfalten er vegen heim til senga, heim til svevnen,

Trikken har passert mannen i ein dam av oransje lyktestolpelys, han blir eit glimt på lik linje med jenta som sjanglar på høge hælar, sjanglar så bestemt ho kan, for å visa guten sin at ho nett i kveld ikkje let han seia til ho at du er jenta mi, for ho såg blikka han sende mot feil ende av bordet,


Ho går forbi mannen med pappkoppen som sjølv meiner at han har sett andlet fortrenga alle kjensler eit menneske kan forsøka å skjula,

Ei kvinne og ein mann stoppar og legg myntar i koppen og håpar at i natt kjem kanskje barnet til dei, kvinna klyp mannen i armen, han legg handa på den runde rumpa hennar,

Trikkepassasjeren trekk til seg blikket, let det kvila på dei gule stolpene, rammene, reisverket, no lyser det raudt over døra, ein reiser seg, trykkar på døropnarknappen, går ut idet andre går inn, går heim, går ut av helgenatta, inn i draumane der ein prøver å få det heile til å henga saman.  


Kommentarer

Hedda sa…
eg likar!