Globus 3



Då eg var yngre, orka eg knapt sjå naturprogram. Globus 2 diska stadig opp med skjebnen til sårbare individ. "Sjå her er den vesle elefantungen med sand i auga på veg i motsett retning i resten av flokken..." "Men den vesle antilopa er eit lett byte for løva.." Kven kan sjå noko så søtt gå til grunne i ei nådelaus verd utan å bli rørt? Naturen vart, i det minste slik barnesinnet mitt oppfatta det, framstilt som noko som var farleg. Naturen er ein stad der søte dyr døyr.

Naturprogramma er ikkje som dei var i gamle dagar.

No følgjer ein store flokkar på vandring, og ein høyrer at nokre går under, men at dei fleste klarer seg bra. No skifter vinkelen frå bytte til rovdyr, slik at ein veit at rovdyret også treng mat, at også dette majestetiske dyret kan døy, og dermed vert det ikkje så frykteleg at det vesle dyret må bøta med livet. Ein får ikkje sjå dødskampen til dei søte og små i nærbilete, ein får sjå ryggen til eit rovdyr som nyt den sårt trengte fangsten sin. Dyr et, dei lev, og dei blir spist eller døyr på anna vis.

Sjølv om dramaturgien i programma har endra seg, får eg framleis ein vond tåreklump i meg når eg ser på programma. Det gjer vondt å sjå noko vakkert, for det vakre er ofte sårbart.

Dyktige kamerafolk får oss til å måpa, dei fangar blikka våre i noko som er så vedunderleg at me ikkje kan anna enn undra oss over korleis dyra overlev, korleis dei vart til, og korleis økosystemet er sett saman. Den entusiastiske forteljar-røysta som kommenterer isbjørnungane sine leikeslåstkampar og kvalrossen si solbading, nemner også at dersom temperaturen held fram med å auka, vil isbjørnen ikkje lenger ha eit kongerike. Det er nok ikkje tilfeldig at NRK sender ein dokumentar frå "den kvite planeten". Den politiske bodskapen kjem til sjåaren på ein subtil måte. Det er ikkje 'Natur og ungdom' som preiker for oss med peikefingrar, nei, det er som om det er naturen sjølv som får oss til å sjå på handlingane våre frå eit anna perspektiv. Naturprogramma fungerer som effektiv retorikk overfor meg. Når eg undersøker premissane for at eg let meg overtyda, vert eg ståande ved overtydinga mi.

Det er ikkje kvalane som driv med overfiske. Det er ikkje isbjørnen som får pol-isen til å smelta på grunn av kroppsvarmen sin. Naturen klarer seg sjølv. Dei et kvarandre, men dei fråtsar ikkje. Dei lagar seg ikkje større kroppar enn det dei sjølve kan makta å bera. Dyra er ikkje som oss menneske, med andre ord. Me har makt til å øydelegga, og me er dumme nok til å gjera det.

Så der sit eg framføre skjermen, full av ærefrykt for naturen og ei nagande skuldkjensle på vegne av menneskeslekta. Naturen er ikkje den farlege mekanismen som tek livet av små individ, slik som det var i gode, gamle Globus 2. Nei, no er det me som er fienden. Det er tungt å svelgja. Særleg når det synest så håplaust å gjera noko med det. Skal eg køyra mindre bil? Eg køyrer allereie minimalt! Skal eg forbruka mindre ressursar? Eg er ein student med student-økonomi, og fråtsing har eg ikkje råd til. Skal eg vera meir glad i naturen? Eg er allereie så galen at eg kan kjærteikna ein stein eg går forbi! Samfunnet vårt er ei skute det er tungt å snu, me liker ikkje å måtta få nye vanar, me liker ikkje å setta grenser for oss sjølve. Vanskelegare blir også det når vitskapen vår ikkje heilt strekk til, når ingen får klare svar på om det i det heile er noko som nyttar nok til at me kan bøta på skadane me har gjort, eller som kan forhindra at øydeleggingane vert større.

Nokon prøver å fortelja meg at kjeldesortering ikkje nyttar. Nokon fortel meg at det eg eventuelt måtte ønska å gjera for miljøet, berre er ei dråpe i eit hav fullt av smelta polaris og oljesøl. Kan hende dei har rett. Men kan eg elska naturen utan å ty til dei små håpa me har om å få gjort i det minste bittelitt for kloden? Me har den kunnskapen me har, og vitskapen jobbar forhåpentlegvis vidare me saka. Enn så lenge vil eg gjera det eg kan. Eg vil vera det rovdyret eg er, eta den maten eg treng, den plassen får eg ha i dyreriket, men fråtsing, utnytting og uvettig bruk av ressursar, høyrer ikkje til dei rettane menneska kan ta seg. Det burde me vita, me skal trass alt vera det smartaste dyret i økosystemet.

Kommentarer

runar sa…
Hør, hør!
funky_uncle sa…
Nydeleg. Lat oss eta litt mindre kjøt til kvardags, det skal visst hjelpa ein heil del. Og so har dei rettferdig kaffi på Benk i Sandnes, du får sykla dit neste gong du er i området.
Fru K sa…
Godt å høyra at eg ikkje er aleine i idealismen min. Kan hende eg heller tek toget til Benk, det er ikkje gøy å drikka kaffi når ein har sveitta seg frå Bryne til Sandnes på sykkel.

Kjekt å sjå at det er liv i bloggen din att, Funky.
Aspis sa…
Stemmer, det er nok ikke tilfeldig at NRK sender naturprogram hele tiden (tre stk. i morgen f.eks.). Klimautfordringer jo er tidenes forretningside!

Blekkulf kan forresten slappe av. Kongen er naken og moder jord klarer seg aldeles utmerket.
Fru K sa…
I går var eg på ordførarkandidat-debatt. Carl I. Hagen sa noko som liknar slåande på samanlikninga di, Aspis. Dette kom som svar på spørsmål om kven som ville satsa mest på mijøet av partia i Oslo. Hagen sa at han nok ville satsa minst, at han representerte den "gemene hop" (han snakka til studentane, det var nok difor han ordla seg slik, for å visa oss korleis me ser på "folk flest"), og han sa at han var den vesle guten som peika på at keisaren ikkje hadde klede, noko som ikkje var populært.

Her gjeld det å velja kva for nokre vitskaplege røyster ein skal lytta til, Aspis. Korkje du eller eg har peiling på feltet, men me kan la oss overbevisa av den eine eller den andre sjølvutnemnde "eksperten". Eg våger ikkje å tru at "klimahysteriet" er basert på løgnar. Eg vel å tru at menneska har øydelagd for mykje, men at me framleis kan gjera noko for at det skal bli litt mindre svart. Om du vel å tru at det ikkje er slik, og det er mange som deg, så håper eg at det er eg som tek feil, for elles vil ting gå skikkeleg galt.
PerMS sa…
Moder jord er i overgangsalderen. Svettetokter og hjerteflimmer. Ikke lekkert, - men helt naturlig. Det roer seg, skal du se, bare dama får litt tid på seg.

Det er jeg 100% sikker på, for alternativet er bare for ubehagelig.

Kongen klarer seg også helt utmerket, vi har ennå olje å ta av. Den siste olje olje blir det vel vesleprinsessa som får.

I går sa de på NRK at det er flom i New York, gang på gang... Seriøst asså: Tror det ikke før jeg ser det.

På vegne av Blekkulfs reflekterte fetter...