Å løpa ei mil
I går sprang eg ei mil saman med mange andre menneske. Dette var ei oppleving som medførte tankeverksemd i ettertid, tankar eg såg meg nøydd til å bearbeida i skrift. Tankane tek utgangspunkt i at løpet var ei heilskapleg oppleving, då det kravde noko av meg både fysisk, sosialt og mentalt.
At eit løp krev fysisk innsats, seier seg sjølv. Korleis ein presterer fysisk, står og fell den treningsinnsatsen ein har lagt inn på førehand. Sjølv har eg trena etter mitt eige prinsipp, nemleg "lytt til kroppen"-prinsippet. Dette går ut på at eg trener utan klokke og pulsmålar, noko som kan synast ganske radikalt i ei tid der treningsduppedittar vert selde over ein låg joggesko.
Då eg aldri hadde sprunge denne distansen under ein konkurranse før, måtte eg berre ta sjansen på at tempoet ikkje var så høgt at beina mine ville stivna. Eg bestemte meg for å la pusten vera det som styrte farten, og så fekk beina berre bli så tunge som dei ville. Det kjendest herleg å vita at eg tok ein slik sjanse. Utan å ta sjansar, kan ein ikkje gjeva alt. Beina mine vart til alt hell ikkje fulle av mjølkeyre.
Eg måtta også vera sosialt vaken. Når startskotet går, er ein eit flokkdyr, noko som krev koordinasjon. Etterkvart vert flokken spreidd, ein markerer seg meir og meir som individ, og då gjeld det å sleppa forbi dei som må forbi, og å smyga seg minst mogleg provoserande forbi dei som held eit lågare tempo enn ein sjølv. Eg fekk følgje med ein som likte same fart som meg. Me veksla på å løpa litt framføre kvarandre, og sjølv om me ikkje såg kvarandre i auga eller sa eit ord, så fann eg det riktig triveleg. Då me kom til8 km , sprang han frå meg. Det var bittert å innsjå at relasjonen berre var basert på tempoet før innspurten. Men eg trøysta meg med at det var urealistisk å forventa at me skulle vera følgjesvener heilt til mål, for mannen hadde minst dobbelt så lange bein som meg.
Når det gjeld hovudet, så var det ikkje mogleg å halda det kaldt, men det var heller ikkje noko mål. Eg gjorde i plassen mitt yttarste for å stenga ute alle negative tankar, og eg jobba hardt for å stadig koma på nye positive innfallsvinklar til situasjonen. Tanken "eg har ikkje eingong sprunge4 km , og eg er allereie kjempesliten!" vart bytta ut med "eg er halvvegs om berre litt meir enn 1 km !". Og når eg fekk motvind, såg eg føre meg at eg sprang på Jærstranda, noko som umiddelbart fekk meg i godt humør. Det var uaktuelt å tenkja tanken om at kroppen var tung og sliten. Kroppen min valde eg heller å definera som lett og full av energi. Då eg kom til 7 km-skiltet, prøvde eg å lura meg sjølv til å tru at eg nett var starta på ein 3000-meter. Etter 8 km tenkte eg at alt kom til å vera overstått om kort tid, og at eg difor ikkje hadde noko å tapa på å mobilisera alt eg hadde att av krefter. Medan eg sprang, lot eg meg også til tider fascinera av det vakre landskapet.
Med litt fantasi og godvilje er det mogleg å omsetta det eg no har skrive, til å gjelda andre situasjonar der ein har valt å setta seg konkrete mål. Eit løp er ein sjanse til å henta seg livsvisdom i komprimert form, for livet er fullt av utfordringar som krev ei heilskapleg tilnærming. For å ta eit eksempel som snart vert aktuelt for min eigen del, så trur eg nok at det å skriva master-oppgåve vil krevja både sosiale, fysiske og mentale prestasjonar. Løping gjev ei svært konkret kjensle av å kjempa mot og å vinna over seg sjølv, då det heile skjer over eit avgrensa tidsrom. Vanskelegare er det å mobilisera dei konstruktive haldningane når målet ikkje er tydeleg definert og ein ikkje veit kva kampen vil innebera. Men det skader nok ikkje å prøva å setta løpslærdomen ut i live.
(Når eg no har skrive om måloppnåing, vil eg presisera at eg ikkje meiner at ein skal sjå på kvar augneblink som eit steg på vegen mot eit mål. Eg ønskjer at augneblinka mine vera verdefulle i seg sjølve, for det er i augneblinka at æva møter menneska. Men av og til vel eg å bruka ein del augneblink på å nå eit mål som eg treng ein del tid på å nå fram til. I tillegg til å vera verdefulle i seg sjølve, har desse augneblinka også ein verdi som er knytt til noko som eg jobbar for at skal koma i framtida. Resten av livet mitt er utan konkrete mål, men ikkje utan meining.)
At eit løp krev fysisk innsats, seier seg sjølv. Korleis ein presterer fysisk, står og fell den treningsinnsatsen ein har lagt inn på førehand. Sjølv har eg trena etter mitt eige prinsipp, nemleg "lytt til kroppen"-prinsippet. Dette går ut på at eg trener utan klokke og pulsmålar, noko som kan synast ganske radikalt i ei tid der treningsduppedittar vert selde over ein låg joggesko.
Då eg aldri hadde sprunge denne distansen under ein konkurranse før, måtte eg berre ta sjansen på at tempoet ikkje var så høgt at beina mine ville stivna. Eg bestemte meg for å la pusten vera det som styrte farten, og så fekk beina berre bli så tunge som dei ville. Det kjendest herleg å vita at eg tok ein slik sjanse. Utan å ta sjansar, kan ein ikkje gjeva alt. Beina mine vart til alt hell ikkje fulle av mjølkeyre.
Eg måtta også vera sosialt vaken. Når startskotet går, er ein eit flokkdyr, noko som krev koordinasjon. Etterkvart vert flokken spreidd, ein markerer seg meir og meir som individ, og då gjeld det å sleppa forbi dei som må forbi, og å smyga seg minst mogleg provoserande forbi dei som held eit lågare tempo enn ein sjølv. Eg fekk følgje med ein som likte same fart som meg. Me veksla på å løpa litt framføre kvarandre, og sjølv om me ikkje såg kvarandre i auga eller sa eit ord, så fann eg det riktig triveleg. Då me kom til
Når det gjeld hovudet, så var det ikkje mogleg å halda det kaldt, men det var heller ikkje noko mål. Eg gjorde i plassen mitt yttarste for å stenga ute alle negative tankar, og eg jobba hardt for å stadig koma på nye positive innfallsvinklar til situasjonen. Tanken "eg har ikkje eingong sprunge
Med litt fantasi og godvilje er det mogleg å omsetta det eg no har skrive, til å gjelda andre situasjonar der ein har valt å setta seg konkrete mål. Eit løp er ein sjanse til å henta seg livsvisdom i komprimert form, for livet er fullt av utfordringar som krev ei heilskapleg tilnærming. For å ta eit eksempel som snart vert aktuelt for min eigen del, så trur eg nok at det å skriva master-oppgåve vil krevja både sosiale, fysiske og mentale prestasjonar. Løping gjev ei svært konkret kjensle av å kjempa mot og å vinna over seg sjølv, då det heile skjer over eit avgrensa tidsrom. Vanskelegare er det å mobilisera dei konstruktive haldningane når målet ikkje er tydeleg definert og ein ikkje veit kva kampen vil innebera. Men det skader nok ikkje å prøva å setta løpslærdomen ut i live.
(Når eg no har skrive om måloppnåing, vil eg presisera at eg ikkje meiner at ein skal sjå på kvar augneblink som eit steg på vegen mot eit mål. Eg ønskjer at augneblinka mine vera verdefulle i seg sjølve, for det er i augneblinka at æva møter menneska. Men av og til vel eg å bruka ein del augneblink på å nå eit mål som eg treng ein del tid på å nå fram til. I tillegg til å vera verdefulle i seg sjølve, har desse augneblinka også ein verdi som er knytt til noko som eg jobbar for at skal koma i framtida. Resten av livet mitt er utan konkrete mål, men ikkje utan meining.)
Kommentarer
Dette er ein tekst som passer innanfor ein sjanger som har følgjande kjenneteikn: Ei som er journalist i ei avis får lov til å ytra sine personlege meiningar på ei side i lokalavisa si ein gong i månaden. Dei andre vekene er det andre journalistar som får ytra seg, det er ei "journalisten tek ordet-side". Dette høvet nyttar journalisten til å skriva ein heil del intetsigande pjatt. Ved sida av teksten poserer ho i halvfigur, med ei hand på hofta, som om det ho seier skulle vera tøft og vågalt.
Det er sant! Jeg likte faktisk å løpe i samme fart som deg. Men jeg forstod du ville prate. Ville gjerne også si noe, noe hyggelig, noe smart og treffsikkert. Men jeg fant ikke ord, - hadde ikke pust. Du ble for sterk. Ved 8 km stakk jeg på de lange beina mine. Brukte de siste kreftene mine til å legge bak meg den pinlige tusheten og skuffelsen av å innse at realsjonen.. ja du vet. Jeg brøt løpet så snart jeg var ute av syne for deg.
Eit løp er eit løp. Eit liv er noko heilt anna.
Band mellom menneske skal aldri vera middel på veg mot målet.
Menneska skal ikkje møta kvarandre i fart, dei skal møta kvarandre i stilleståande augneblinkar der begge to kan kvila og pusta.
Neste gong skal eg stå stille.