Frk. K undersøker si eiga tenking

Eit privilegium ein har når ein berre har to forelesingar i veka, er at ein resten av tida kan sitta på lesesalen og styra tida si som ein vil. Sjølv om eg no har mykje å gjera, har eg nytta ein stor del av dei siste dagane på å tenkja tankar som ikkje umiddelbart er relevante for oppgåvene eg burde jobba med. Dette er ikkje fordi eg er lat og har vegring for å ta fatt på masteroppgåva mi, men fordi tankane mine har nekta å gjeva meg ro til å konsentrera meg.


Temaet for tankeverksemda mi har vore grunnlaget for mi eiga tenking.

Flink jente
Eg er ei flink jente. Opp gjennom barndom og ungdomsår har eg produsert uttalige tankar i tråd med det som utdanningsinstitusjonane ønska seg. Når eg har svart på drøftingsoppgåver, har eg tilsynelatande sjølvstendig og reflektert kome til eit svar som er heilt i samsvar med kva eit fornuftig menneske skal meina. Eg har knekt koden for kva autoritetane vil at eg skal tenkja, eg har tenkt tankane deira og gjort dei til mine eigne. Slikt blir det gode karakterar av.

Eg har også vore ein flink kristen. Eg har vore ein del av eit miljø, absorbert verdsbiletet som vart framstilt, og på same vis som på skulen, har eg tenkt tilsynelatande sjølvstendige og reflekterte tankar innanfor det gjeldande systemet.

Eg har med andre ord tenkt og tenkt, men eg har aldri lufta ein einaste tanke som har fått autoritetane kring meg til å løfta på augebryna.

På ei forelesing for nokre år sidan sa professoren: "Dei store forfattarane fekk ikkje gode karakterar på skulen." Då sukka det inni meg. For det var jo forfattar eg på dette tidspunktet ville bli, og var det då berre dumt av meg å vera flink jente? Det er nok ikkje dumt å vera flink jente i den forstand at eg får tileigna meg mest mogleg kunnskap. Det er heller ikkje dumt å kjenna samfunnet sine premiss for kva som er eit veltilpassa individ, nei, det er slett ikkje dumt å kunna leva som eit veltilpassa individ, for om ein skal vera tilstades for menneska, må ein vera tilstades i samfunnet.

Men det er dumt å vera flink jente om det inneber at eg tileignar meg ei blind tru på autoritetar. Det nyttar ikkje om eg tenkjer djupt innanfor rammene dei set opp for meg, om eg ikkje også er i stand til å vurdera rammene kritisk. Om eg ikkje ikkje lærer meg å opna auga for alt det som ikkje blir sagt, då har eg ikkje mykje eg skulle ha sagt, korkje som forfattar eller akademikar.

Det gjer visst vondt å tenkja
Det kan vera smertefullt å tenkja kritisk. For klarar ein å sjå kva som ligg bak alle dei fine orda, om ein får auga på dei dominerande ideologiane, og om ein ser kor kalde nokre av dei er, då ser ein at ting kunne ha vore annleis, ja, at det rett og slett bør skje grunnleggande endringar. Men korleis skal ein som eit lite individ få gjort noko som helst mot det gigantiske pengestyrte maskineriet, der mennesket ikkje har anna verdi enn den som det måtte ha som forbrukar og produsent? Når dette gjennomsyrar politikken, får kjærleiken, nærleiken, tillita til enkeltmennesket og verdien av fellesskapet ringe kår.

Nett når det gjeld politikk, er eg feig. Eg lyttar til sutlepratet (Eller oksedriten, som det heiter på engelsk. Det er eit omgrep som omfattar prating der ytraren ikkje bryr seg om det han seier er sant eller ikkje, sanninga er rett og slett ikkje av interesse. Det som er interessant, er om folk blir overtala av dei hole orda. Sjå Hellesnes, "Det femte monarki" for ei meir solid innføring i bullshit-granskinga.), og eg stolar på folka som produserer orda, sjølv om alt dei gjer er å seia dialog, dialog og dialog.

Kvifor kjøper eg argumenta deira? Jo, fordi eg kjenner meg makteslaust. For ein ting har eg lært på skulen, og det er at politikk er komplisert. Når ein drøftar olje, jordbruk, helsevesen og slikt, så er det så frykteleg mange faktorar som spelar inn, så frykteleg mykje som er relevant, at eg innser at eg ikkje forstår nok til å ta den rette avgjerda. Når det gjeld makro-økonomi, er eg håplaust kunnskapslaus, og er det ikkje nett dette politikarane driv med? Dermed lengtar eg etter nokon som kan få meg til å tru at dei har nok kunnskap om emnet og sunne nok verdiar til at dei kan fatta kloke vedtak på vegne av meg. Dermed er eg den fødde disippel av Gahr Støre.

Men at eg ikkje har nok kunnskap, tek ikkje frå meg ansvaret eg har som borgar i eit demokrati. Dei som styrer er også små menneske, men dei har likevel valt å ta på seg ansvaret for å styra oss andre. Då kan i det minste eg ta på meg ansvaret for å tenkja sjølv, det nyttar ikkje å pakka meg inn i ei dyne av andre sine ord. For dei andre kan også ta feil. Ingen kan ha all kunnskap, ingen kan skjøna alt. Det alt kjem an på, er korleis ein vel å sjå på menneska, og kva verdiar ein meiner at skal vera fundamentale for samfunnet.

Kva blir sagt, kva blir ikkje sagt, og kva for eit av desse alternativa skal eg setja høgast?

Då er det berre å vakna, frk. K. Du har inga god grunn til å sova.

(I dette innlegget har eg vore ganske hard mot meg sjølv. Eg veit jo at eg har ei viss evne til å tenkja kritisk, eg er til dømes ein ekspert i å tenkja sjølvkritisk. Men til tider er det naudsynt å overdriva for at eg skal skjøna poenget mitt.)

Kommentarer

Heidi sa…
Spennande tekst.