Frk. K prøver å kritisera verdsveven som ho sjølv er innvoven i.

Då eg var lita, hadde bestefar ein pc. Den var det fint å legga kabal på. På skulen tok me etter kvart i bruk Comic sans i oppgåveskrivinga, og me gjekk amok i WordArt for å få den perfekte overskrifta til klipp-og lim prosjektet om Spice Girls. På ungdomsskulen fekk eg meg blogg. På folkehøgskulen hamna eg på Facebook.

No sit eg sit trygt innvoven i eit sosialt, interaktivt nettverk. Her sit eg saman med dei fleste av venene mine. Me ser kvarandre sjeldan, men me kikkar desto oftare på kvarandre gjennom pc-ruta. Det er på høg tid å ta på seg dei kritiske brillene sine.

I innlegget mitt ”Hurra for emotikon!”, kan eg sjå ut til å vera ei av dei som heiar på den effektive, sosiale, teknologiske utviklinga. Eg kan avkrefta dette, noko den følgjande teksten vil bekrefta. Grunnen til at eg er så udelt positivt i lesarinnlegget mitt, er at Rossavik, som teksten mitt er eit svar til, var udelt negativ.

Essensielt verktøy på verdsveven: Den kritiske sansen

Fyrst vil eg feia for eiga dør og koma med ein kritikk av mediet eg nyttar i skrivande stund: Bloggen. Prinsippet bak blogginga er både vent og vakkert, nemleg det at alle kan få høve til å ytra seg. Men i tillegg til å gjeva rom for nye røyster, har fridomen utvilsamt også ført til massiv søppelproduksjon. Der er ingen redaktørinstans som kvalitetssikrar innhaldet. Lesaren skal vita at eg tek sjølvkritikk for å ha servert ting eg burde ha jobba meir med eller som eg burde ha halde for meg sjølv. Men lesaren har sjølv eit ansvar for å halda seg unna søppelplassane. Tida di er dyrebar. Ver kritisk.

Eg lurer på kor stor verdsveven er blitt. Kan hende den beste måleeininga er enorm. Utfordringa vår er å sila informasjonen, og det er heilt essensielt å øva opp ein kritisk sans i møte med alle dei som ønskjer å fortelja oss ei sanning. Korleis veit ein om ein kan stola på ei nettside? Er det nok at sida har eit tillitsvekkande smil?

I det følgjande vil lesaren ha eit fint høve til å øva seg i å vera kritisk. Eg kjem til å referera frå eit foredrag, men eg skreiv ikkje ned noko under sjølve foredraget, og punkta eg fekk med meg, kjem truleg til å bli spissa i denne teksten for at eg betre skal få fram poenga mine. Eg hugsar best det eg reagerte sterkast på, og eg liker å bli provosert, så det er sannsynleg at fleire viktige nyansar er blitt fortrengde.

Nye arbeidsmetodar, nye hjernar
Foredraget handla om internett og menneskesinnet, og var ved Arne Krokan, professor i sosiologi ved NTNU. Krokan lufta ein hypotese om at menneskehjernen eigentleg ikkje er konstruert for å tenkja lineært, og at hjernen difor fryder seg over å få lov å tenkja i nettverk. Dessutan har hjernen ei fantastisk evne til å omskapa seg, ei evne som går under namnet plastisitet. Plastisiteten har gjort det mogleg for oss å endra arbeidsmetodar, frå raffinerte jakt-og bærsankings-metodar til teknikkar me treng for å driva med alt det rare me i dag gjer for å overleva. Utvikling ser ut til å vera ein god ting, så det er visst berre å henga seg på og forma hjernen sin i tråd med dei nye, interaktive arbeidsmetodane. Desse arbeidsmetodane gjer det mogleg å nytta kunnskapen som eksisterer i eins profesjonelle og sosiale nettverk på ein optimal måte, dei gjer det mogleg å finna store mengder informasjon og å søka opp svar på spesifikke spørsmål på ein augneblink. Effektivt? Utan tvil. Men er det dermed sagt at det er bra for menneska?

Ting tek tid
Dei som lovprisar utviklinga, må ikkje gløyma at nyvinningane også har ein pris. Det tek tid å manøvrera rundt i uavgrensa sosiale nettverk og å orientera seg i uendelege mengder med informasjon. Kva tid er det som går tapt? Tida me pleidde nytta til å lytta? Den tida me kunne ha lese ei bok i djup konsentrasjon? Tida det tek å læra seg å spela piano?

Nærleiken vs. effektiviteten
Og når ein snakkar om desse meir eller mindre abstrakte nettverka som ein skal nytta på effektive måtar, kva bilete gjev dette av relasjonane mellom menneska? Ein kommuniserer med menneske i form av profilar som er utforma med ein febrilsk trong til perfekt sjølvframstilling. Menneska gjer seg sjølve til knutepunkt i eit maskinelt, interaktiv nettverk.

Ingen vil vel påstå at dei sosiale nettverka har som ambisjon å utrydda nærleiken. Men all den tida som renn ut or fingrane våre i form av tastetrykk, kunne ha vore brukt annleis. Kanskje ikkje like effektivt, men kan hende litt nærare eit anna menneske. Andlet til andlet, ikkje face til face.

Irrelevant med irreversible endringar?
Krokan sa at ein ikkje veit om endringane i hjernen vår er irreversible. Vil me for all framtid vera nøydde til å tenkja kjapt, leita etter lekkjer, mista evna til å tenkja langsiktig medan me stadig klikkar oss vidare og svirrar rundt i eit virituelt nettverk? Vil me vera nøydde til å dela konsentrasjonen vår opp i stadig mindre bitar? Om det er den minste risiko for at dette skal skje, bør ein visa stor varsemd.

Forelesaren sa også at der er mykje digital kompetanse i eit klasserom, men kompetansen er på feil side av kateteret. Det er nok viktig at lærarane kan manøvrera på verdsveven, for det er ein kunst å vera kritisk nok og å opparbeida seg nok viljestyrke til å ikkje kasta bort tida si på alt det freistande vissvaset som er der. Dette er noko barna treng å få læra. Men eg trur ikkje det er bra om lærarane tek til å lovprisa nyvinningane.

Røynda på 70 sider
På spørsmål om kva som skjedde med menneska si evne til å fordjupa seg, hadde Krokan ikkje noko svar. Kva om me tillet at det skjer ei irreversibel endring i menneskesinnet som svekkar evna vår til djup, langvarig, krevjande refleksjon? Heller enn å løpa andpustne etter den teknologiske utviklinga, burde lærarane sørgja for at denne kunsten ikkje vert gløymt. Krokan viste til at Amazon har utvikla eit nytt format for romanar: 50 - 70 sider. Det virka som om han var godt nøgd med dette. For er det eigentleg naudysnt å kunna konsentrera seg om meir?

Klart der er ting som ikkje kan bli tilstrekkeleg forklart 70 sider. Verda er då ikkje så lite kompleks! Kan hende Krokan meiner at me betre kan læra dette ved å optimalisera bruken vår av verdsveven. Eg trur ikkje den nettverksbaserte arbeidsmetoden, uansett kor sofistikert og klok han måtte bli, kan erstatta det me har tilgang til gjennom udistrahert lineær lesing over lang tid.

Sjølv om eg kanskje kjem til å enda opp som ein konservativ meiningsytrar i eit stadig kjappare samfunn som rullar vidare utan at eg får vera med på lasset, så er eg glad for at Facebook ikkje eksisterte då eg gjekk på ungdomsskulen. Livet mitt fungerte godt før verdsveven erobra menneska. Dette er eit perspektiv eg er takksam for å ha fått med meg. På ei anna side, så er der er mange ting å henta for den som vil nyta godt av dei sosiale media. Dette gidder eg ikkje gå inn på, for eg reknar med at godene er kjende for dei fleste av lesarane mine. Eg vil konkludera med følgjande: Alt med måte. Alt bør bli møtt med opne auge.

Kommentarer