Frk. K prøver å finna ut kvifor ho studerer ved humanistisk fakultet

Eg fyller dagane mine med bøker og artiklar på Humanistisk fakultet. Eg fyller livet mitt med nordisk språkvitskap. Dette gjer eg ikkje fordi eg har lyst til å bli lærar, noko eg ser meg nøydd til å presisera då fleirtalet av dei eg fortel om studia mine til, følgjer opp med spørsmålet: ”Kva skal du bli? Lærar?” Men om det var ambisjonen min her i livet, hadde eg vore smart nok til å søka meg inn på lektorutdanninga med det same. Så då plar eg heller seia at ”nei, eg blir vel ingenting”, eller så gulpar eg opp titlar som ”språkkonsulent eller forskar?”, utan at eg eigentleg veit om eg meiner nokre av delane.

Kvifor i alle dagar vel eg å bruka tida mi på dette? Kvifor set eg meg i gjeld utan å ha ein tydeleg definert yrkesambisjon? Eg vil svara på desse spørsmåla ved å lufta nokre tankar om humaniora generelt.

(Om det er fleire enn eg og mor mi som finn omgrepet ’humaniora’ ein smule abstrakt, limer eg inn ein definisjon frå nynorskordboka: ” Vitskapar om menneskekulturen, t d filosofi, historie, språk, litteratur; humanistiske fag”)

Nyttig?
I ein kommentar i Morgenbladet 11. mars, skreiv Lena Lindgren at berre tre prosent av det totale budsjettet til Noregs forskingsråd går til humaniora. Tekniske og naturvitskaplege fag får over 60 %. Er humaniora så mykje mindre viktig?

Humanistane er ikkje viktige dersom målet er størst mogleg økonomisk profitt. Det er svært vanskeleg å måla den økonomiske nytta dei humanistiske faga har for landet vårt (om ein no skal ha eit snevert, nasjonalt perspektiv på det heile). Kva hjelp det oljeindustrien om nokon på Blindern sit og nærles latinske tekstar? Kva kan ei tolking av Ibsen bidra med til utviklinga av fornybare energikjelder?

Liberal arts
Eg var tilstades under Toril Moi sitt foredrag ved Vitskapsteoretisk seminar på universitet (16/3). Tittelen på foredraget hennar var ”Kvifor må me (stadig) forsvara humaniora? - Perspektiv frå USA”.

Eg er stolt over at Moi budde på hybel på Bryne då ho var ung, men eg undrar meg over at eg måtte studera i tre år før eg fann ut at Jæren har fostra ein slik akademisk kapasitet. Jærbuen er visst ikkje så stolt over slike. Nei, her vart det visst ein digresjon, men digresjonen er ikkje heil irrelevant for hovudemnet i teksten.

Moi viste til den amerikanske tradisjonen med ”liberal arts education”, som no er ei fireårig college-utdanning med generell danning som mål. Dette står i kontrast til ”professional education”, ei yrkesretta utdanning. ”Liberal arts” står sterkt i USA, og det er få av dei som vil nedprioritera faga av den grunn at dei ikkje er ”nyttige”. Amerikanarane har lært å sjå verdien av ”liberal arts”. Faga lærer folk å tenkja fritt, og sjølvstendig tenking er viktig for ein nasjon med ambisjonar.

Å kjenna menneska
I Noreg har me ikkje den same tradisjonen, og norsk humaniora blir tvungen til å argumentera for eksistensen sin på andre måtar. I enkelte tilfelle er det mogleg å argumentera for humanistiske studie ut frå eit umiddelbart nytteperspektiv. Ein kan til dømes gjera det betre i internasjonal handel om ein har ein viss kunnskap om kulturen til dei ein skal inngå handelsavtalar med. Men Moi åtvarar mot å gå inn i ein argumentasjon som er basert på samfunnsøkonomiske prinsipp. For det er ikkje dette humaniora i botn og grunn er meint for.

Humaniora lærer oss om menneska si historie, om alt menneska har ytra og meint, og gjennom dette historiske perspektivet lærer me å sjå kritisk på vår eiga samtid. Dette er livsviktig for demokratiet. Elles vert me eit teknokrati, eit maskineri, der alle held fram med å trakka i fotspora til dei som gjekk framføre oss, og ingen tek seg bryet med å finna ut kvar vegen kan koma til å føra. Humaniora lærer individet å kjenna andre enn seg sjølv. Mellom anna gjennom nærlesing av skjønnlitterære tekstar kjem eg nærare alle som ikkje er meg, noko som er viktig om ein ønskjer å bygga eit grunnlag for å bry seg om andre. (Eg seier ikkje at alle humanistar er gode menneske, men utan humanistisk kunnskap ville samfunnet unekteleg vore ein kaldare stad.)

Så sjølv om det er vanskeleg å måla humaniora sin verdi i kroner, er det tydeleg at det har fleire gode grunnar til å eksistera. Grunnane er meir abstrakte, mindre målbare, men slett ikkje mindre verdefulle.

Grunnar til at eg og humaniora er gode vener
Og så attende til spørsmåla om kvifor eg bruker tida mi på humanistisk fakultet. Som student les eg store mengder tekst, som eg vidare må omarbeida til min eigen kunnskap, og i møte med tekstane er eg nøydd til å vera kritisk. Å kunna tileigna seg kunnskap på denne måten, er svært verdefullt i eit samfunn som fløymer over av informasjon, der alt for mange røyster skrik etter merksemd og der aktørane stadig påstår at sanninga er funnen. Då eg gjekk på juridisk fakultet, fekk eg pustevanskar. Eg trur det kan ha med å gjera at eg opplevde at eg var på veg inn i eit system der alt handla om å underordna seg autoritetane på feltet. Eg vil heller læra å kjenna menneska som utgjer systema, eg vil opparbeida meg eit overordna perspektiv på det heile, eit perspektiv som ikkje let seg rokka av ønsket om kjapp profitt,

Eg vil bli eit danna menneske.

Kommentarer

Ragnhild Thu Austnaberg sa…
Jeg har en foreleser i år, Øyvind Varkøy, som holder på å lage en bok som heter "nytten av det unyttige". Der bl a en prest skriver om bønn som dialog, mer enn "gi meg, gi meg...", noen fra idrettshøgskolen skriver om idrett som ikke bare helsebringende, han selv skriver om musikk som ikke bare underholdning eller middel til dannelse. Blir spennende å se hva som blir skrevet der... ;)
Fru K sa…
Hm... med tanke på at han vil finna nytten i det som er unyttig, vil det vel dreia seg om å setta opp andre målestokkar for kva som er nyttig. ikkje berre å få noko konkret i utbytte, som bønesvar, god helse og danning, men nytten (om det då ikkje øydelegg meir enn det gagnar å bruka eit slikt ord der det ikkje elles vert brukt) i å oppleva fridomen frå nyttekravet, fridomen me har som menneske til å berre leva, utan nokon anna grunn enn at me er i live.
PerMS sa…
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
PerMS sa…
Hei. Blei noko krøll med første forsøk på å kommentera. Her kjem andre forsøk:

Bra skrive om viktige saker. Sjølv om ein ikkje skal måtta forsvara humainora si "nytte", så treng faktisk humaniora stadig nye og streke forsvararar i dagens samfunn og universitet. Eg småles litt Dorthe Jørgensen for tida. Du kjenner kan hende til DJ? Dansk filosofiprofessor som skriv godt om estetisk filosofi / teknokrati, viten / visdom..
Ho er vel verd å lesa, sjølv, om ein må, tåla danske kommareglar, side etter , side...
Boka "Aglaias dans" er ei grei essay-samling.
Fru K sa…
Ho har eg ikkje høyrt om, så takk for tipset! Eg skal nett til å lesa ei novellesamling av Herbjørnsrud, og eg trur jammen at eg skal lesa Jørgensen etterpå.

Berre koseleg at den fyrste kommentaren din vart krøllete, for då ser det ut som eg får fleire kommentarar, og då trur folk at bloggen min er populær.
Fru K sa…
Eg ser forresten på Bibsys at boka berre eksisterer i eitt eksemplar i heile Noreg, og det er på Universitetet i Tromsø... Og boka er både utlånt og reservert. Har du eitt eksemplar til låns som eg kunne kikka i når eg kjem til Bryne i påska?
P sa…
Mi er full av lappar og skriblerier. Ikke så eigna for utlån, den heller. Er jo ikkje bombesikker på at du finn Dorthe J interessant idet heile, men ho tenkjer på desse sakene så blekket sprutar og skriv så det knakar. Kanskje eg finn ei løysing til påska.