Nynorskrettskrivinga

Nynorsken skal få seg ei oppstraming. Ho er for tida alt for slapp i fisken og for ullen i kantane. Den siste tida har ei lita nemnd prøvd å rydda opp. Eit av hovudmåla var å fjerna klammeformene, slik at ein i det minste fekk eit litt slankare system.

Prosessen fram mot den nye norma skulle vera open. Difor har nemnda spurt alle om kva dei meiner. Denne openheita kulminerte i ei høyring som fann stad på Nasjonalbibioteket. Talarstolen var open, og nemnda hadde særskilt spurt etter meiningar kring problemstillingar som nemnda sjølv finn problematiske. Desse innspela får vera med i prosessen fram mot det endelege høyringsutkastet som skal vera ferdig om ein månad. Så skal framlegget fram for Stortinget. Lat oss no håpa at det vert ein reform utav det denne gongen. Sist gong dei prøvde, vart framlegga til endring i nynorsk avviste, medan bokmålet si opprydding vart sett i kraft allereie i 2005.

Det var ein fantastisk flora av dialektar som flaut ut frå talarstolen under høyringa, og ein fin bukett av meiningar vart presenterte. Problema som særskild vart tekne opp, eller, problema som festa seg i hugsen min, var følgjande:

Soli stig over steinute strender
Er det greitt eller teit å fjerna -i-endingar og -ut-endingar? Skal det framleis vera tillate å skriva til dømes "steinut" og "soli"? Der var to som meinte at endingane ikkje måtte fjernast. Korleis kunne ein fjerna slikt som Aasen var så glad i og bryta banda med tradisjonen så brutalt? Og det vart då gjeve ut ei diktsamling på høgnorsk seinast i haust, kom ikkje her og sei at -i-endingar ikkje er i bruk! (Nemnda har i avgjerdene sine lagt stor vekt på det dei har funne ut om faktisk bruk.)

Eg trur nok at prinsippa til desse staute karane, den eine av dei hadde urnorsk lusekofte og ein dialekt eg knapt har høyrt før, må vika til fordel for oppryddingsiveren som rir normeringsarbeidet. Etter mitt syn kan formene få leva eit stille, stilistisk liv i periferien, nett som "efter" og "nu" får gjera det hjå riksmålsentusiastar. Formene treng ikkje vera ein del av norma som nynorskbrukarar flest held seg til.

Å kaste - å kasta
Eit anna forslag går ut på at ein skal fjerna høvet til å nytta kløyvd infinitiv. Dette er ei form som er nærliggande for nynorskbrukarar som kjem frå delar av Trøndelag og austlandsområdet. Her vart det som venta ein del reaksjonar. Dei som nyttar kløyvd infinitiv ser inga grunn til at forma skal ut av norma, for så forstyrrande er det vel ikkje for ferske nynorskingar at det er høve til å nytta tre ulike reglar for bruk av infinitiv? For meg var det aldri eit problem. Eg er oppvaksen i den trua at a-infinitiv er det einaste rette, og ingen prøvde å forvirra meg med dei andre formene sin eksistens før eg var komen i vaksen alder og kunne handtera slike problemstillingar med knusande ro.

Dykk liker is/ De liker is
Det mest radikale framlegget, i alle fall etter mitt syn, var framlegget om å bytta ut "de" som subjektspronomen i andre person fleirtal. Framlegget er grunna i at det er så mange som plasserer objektsforma "dykk" på subjektsplassen. Det heiter altså: "De er snille", og "Eg liker dykk", ikkje "Dykk er snille". Eg har sjølv rota med dette ein gong i tida, far min kommenterte det ein gong i ei tekstmelding eg sende han, og slik vart regelen lært. Strengt tatt er skiljet mellom de/dykk ikkje naudsynt for at den grammatiske tydinga skal koma fram. Ein skil til dømes som regel ikkje mellom subjektsform og objektsform av "han", og likevel har ingen problem med å forstå setningar som "Eg er forelska i han. (Og han er forleska i meg.)" Dermed er det grammatisk sett ingenting i vegen med å  nytta "dykk" som subjekt. Problemet er berre at det er få som føler seg komfortable med sjølve ordet "dykk". "Dykk" er eit kompromiss mellom ulike talemålsformer som "dikkan" og "dokke". "Dykk" prøver å gjera alle nøgde, og dermed vert visst ingen verkeleg glade. Framlegget møtte stor motbør under høyringa, så det vert neppe med i det endelege utkastet. Anten må nye nynorskingar halda fram med å skjøna skilnaden på subjekt og objekt, eller så må ein koma med eit anna framlegg, til dømes "dokk".

Diktaren som ikkje skriv dansk.
Debatten vart ikkje så heftig som ordstyraren men den finurlege humoren hadde håpa på, men ei lita temperaturauke vart det då i det minste, mykje grunna ein krølltopp frå Voss og ein stor norsk diktar.  Vossingen hevda at det var for vanskeleg for folk å sjå skilnaden på nynorsk og bokmål. Kva var vitsen med å kjempa for nynorske skilt på stasjonen når sigeren resulterer i et skilt der det står "Vi ønsker deg velkommen"? Nynorsk må få vera nynorsk!

Så vart det Edvard Hoem sin tur. Den store, kvite hårmanken hans hoppa på hovudet hans idet han fleire gongar slo handa i talarstolen for å understreka poenga sine. Eit av poenga hans var at han ikkje lika å bli skulda for å skriva dansk. (Det var han heller ikkje blitt skulda for, men kan hende vossingen har sagt noko til han ein annan gong, kva veit vel eg, men insisteringa hans virka noko malplassert i denne samanhengen.) Han skriv eit nynorsk som folk ønsker å lesa, han har jo seld over 100.000 av "Mors og fars historie". Suksessforfattaren vil ikkje at nynorsken skal bli øydelagd av smale interesser frå fjellbygdene.

Sidemålsinteresser
Ein sidemålslærar frå Oslo ville også seia sitt. Ho var villig til å ofra nokon av sine nynorskpreferansar under innstramminga, om det berre kunne føra til at oslobarna som ho er lærar for, kan få taket på språket. Eit edelt ønske som eg ikkje seier meg samd i. Nynorsken skal ikkje føya seg etter dei som i utgangspunktet ikkje har lyst til å læra seg å skriva det.

Eit ønske
Og så min private kommentar, som eg ikkje fann verdig for talarstolen: Eg er hoppande i taket begeistra for at det kan bli lov å skriva "å ønska". Når det gjeld j-ar i diverse verb, har eg til tider brote norma, og eg gler meg no over utsikta til å kunna koma inn i det gode normoppfyllande selskapet att.

Uunngåeleg kaos
Nynorskingane synest samde i saka: Ei innstraming er på sin plass. Diskusjonen dreier seg om kva som skal bort, kva ord som bør vernast, og kva bøyingsformer som skal vera tillatne. Eit heilt ryddig system får me uansett ikkje. Der det ikkje er grunnlag for systematikk, kan heller ikkje nemnda tvinga fram eit system. Men det å fjerna klammeformer er då eit skritt på vegen mot eit enklare system.

Det er alltid vanskeleg å læra eit språk. Om nynorsken skal få nye brukarar og vekka entusiasme hjå kidsa, må normeringstiltaka gå hand i hand med ein levande nynorsk skriftkultur som gjev ferske språkbrukarar motivasjon til å tileigna seg språket. Ingen blir god i eit skriftspråk utan å lesa det.

Kommentarer