Nikkedokke

Framføre meg ser eg ei livsfarleg nikkedokke, ei som konsekvent har knekt koden for kva som blir forventa av ho, og som så, utan å mukka, har følgd dei normene ho meinte måtte vera i hovuda til autoritetane.

Slike flinke, effektive jenter ønskjer ein ikkje å møta på der dei sit blinde og innvovne i systemet, der dei til dømes har rolla som byråkratar som taust utfører pliktane sine, og som har gjeve nokon andre i oppgåve å ta vare på medvitet.

Å gjeva ansvaret for medvitet til nokon andre har ho vurdert som det mest rasjonelle å gjera, for ingen kan forstå alt, men systemet kan forstå mykje, for der er det så mange hjernar som veit og som tenkjer. Der dei overordna sit, har dei god utsikt over det som skjer, betre overblikk enn ho nokon gong kan få der ho sit og kikkar ut gjennom tv-ruta.

Så lenge ho følgjer reglane deira, gjer i ho i det minste ikkje noko ulovleg. Ho er rein og uklanderleg.

Likevel har eg innvendingar å koma med.

Kommentarer