Keffor er denne overskriften dårleg i forhold til kva som er rett?

Korleis har språkkjensla mi utvikla seg? Og kvifor er det viktig å tenkja over dette?

Der er fleire innfallsvinklar til å snakka om språket. Eg liker best å studera språket som eit sosialt fenomen. For det er i møte med andre menneske me bruker språket (ein kan sjølvsagd også kommunisera med seg sjølv, det gjer eg støtt og stadig), og det er i samspel med andre at me tileignar oss reglar for korleis lydar og bokstavar kan brukast på ein meiningsberande måte.

Språkpolitiet
På skulen lærte eg kva som var rett og gale i skrift. Autoritetane fortalde meg at slik og slik skal det vera, og etterkvart tok eg til å meina nett det same. Når ein då har tileigna seg ei språkkjensle, står ein fritt til å irritera seg over alt som ikkje harmonerer med denne kjensla. Ein kan sukka over ei avis som kunne trenga ein skikkeleg språkvask, og ein kan le av tragikomiske særskrivingsfeil på påkosta skilt.

Det er viktig å passa på språksystemet vårt, for dersom alt vart tillate, ville systemet blitt eit einaste kaos. Å ta på seg rolla som språkpoliti er dessutan morosamt. Ein føler seg heva over alle dei som ikkje meistrar språket med same perfeksjon som ein sjølv. Å bli teken av språkpolitiet er derimot ikkje like artig. Men eg set då pris på alle dei som passar på språket mitt. (takk til mor, far, Jonas, Runar, osb.)

Så var det den der kj-lyden, då.
Men ein må utøva språkpolitimandatet med varsemd, og ein lyt tenkja over kva som gjer at ein oppfattar det eine så mykje rettare enn det andre. Eit døme frå mi eiga språkkjensle er den mykje omdiskuterte kj-lyden. Kvar gong eg høyrer [skjino] vert eg irritert. Eg tenkjer at vedkomande viser seg likegyldig overfor språket, noko som ikkje er eit særs intelligent val. Og eg tenkjer på kor ufrivillig vittig det kan bli dersom vedkomande eigentleg meinte å spørja om eg vil vera med på "ski no".

Her må eg passa på mine eigne tankar. For er det eigentleg så farleg om folk ikkje får til å seia [kj] på den måten eg har lært at er best? Mor mi var svært nøye med at eg lærte meg denne lyden då eg var lita, for tidlegare var også eg slapp i diksjonen. Eg er glad for at ho var streng med meg, for no slepp eg å bli oppfatta som litt dum av alle dei som bryr seg svært mykje om denne lyden. Men sett bort frå at eg har lært at dette er feil, er det eigentleg så heilt gale å byta ut [kj] med [skj]? Det er sjeldan at uttalefeilen utgjer ein trugsel for forståinga. Som regel er der andre ting i setninga eller i situasjonen som tilseier kva tolking av ordet som er den rette. Dermed kan ein seia at skiljet mellom [kj] og [skj] som regel er overflødig, eller "redundant" som me liker å seia det på universitetet. Og dersom mange nok sluttar å oppfatta dette som ein talefeil, vil språket bli endra. Om dette blir tilfellet, vil tida visa. Poenget mitt her er at ein feil ikkje treng vera så galen som språkkjensla mi skulle tilseia. At nokon bryt med normene eg har lært, gjer meg opprørt, men det gjev meg ikkje rett til å rakka ned på den som gjorde feilen. Språket er stadig i endring, det kan ingen vera i tvil om. Når språkendringar skjer, vil unekteleg nokon meina at noko er gale, medan andre vil læra at feilen er rett, og slik vil endringa forplanta seg i språket.

I forhold til i forhold til
Men det er fullt mogleg å kjempa mot språkendringar om ein meiner at dei utgjer eit tap for språksystemet. Systemet som vert utvikla gjennom spontan bruk, kan ha funksjonelle manglar som det er mogleg for språkbrukarane å gjera noko med. Kampar eg sjølv er villig til å kjempa, er dei der språket står i fare for å mista fine nyansar. Døme på dette er "i forhold til" som i breie lag av folket er i ferd med å bli det same som "når det gjeld". Kvifor skal "i forhold til " si tyding bli strekt ut til å også omfatta dette? "I forhold til", nytta som "samanlikna med", er presist. Men om det kan tyda begge delar, vert uttrykket straks slappare i fisken. Og så har ein bruken av "då" og "når" i talemålet. Eg er blitt gjort  merksam på at nyansen mellom desse var i ferd med å bli utviska i språket mitt, og det vil eg unngå. Eg er blitt flinkare, og jobbar framleis med saka, for eg er glad i ord-og nyanserikdom. Men også her kan ein fremma argumentet eg til ein viss grad forsvarte [skj]-inflasjonen med: Som regel kjem nyansane fram gjennom dei andre orda i ytringa og gjennom situasjonen ytringa høyrer til i.

Makt
Det ligg makt i språknormering. Å kunna seia at nokon snakkar eller skriv feil, gjev autoritet til å redusera verdien av ytringa, til å smuldra ein person sitt etos. Dette skal gjerast med varsemd! Språksystemet må bli passa på, men språkpolitiet må ikkje ta frå folk lisensen til å bli tekne på alvor.

Det kan ligga motmakt i språkbruk som bryt med etablerte normer. Ei gruppe menneske kan etablera normer basert på noko som dei med makt definerer som feil. Her er eit nusseleg døme frå barndomen min: Då eg var ei usikker jente, som på død og liv ikkje ville gjera noko som var definert som teit, hadde eg ein ven i Stavanger. Der seier dei "tog" med "å", som ein også gjer i store delar av landet elles. Ekte jærbuar uttalar "tog" med ein tydeleg o-lyd. Denne kameraten tok til å le av meg og etterapa "tog"-uttala mi, noko som resulterte i at eg bytta ut "o" med "å". Etter nokre år var eg blitt tryggare på identiteten min, eg var glad for å vera "bonde" og jærbu, heller det enn å vera ein "jålete byas". Eg tok dermed attende "o-en" min, og var stolt over å ha ein uttale som braut med majoriteten sine normer. Her kjempa eg for sjølvkjensla mi med språket som middel, og det er eg ikkje den einaste som gjer. Makt vert utøvd gjennom språknormering. Det skal me vera merksame på og varsame med.


Å ønska ei endring
Her er eit anna døme frå språkbruken min, og her er det faktisk eg som har brote med norma: Eg har til tider nytta forma "ønska" i plassen for "ønskja". Dette har eg gjort fordi eg er prøver å vera konsekvent på å bruka minst mogleg "j"-ar i verba. I mange tilfelle er dette lov, forma utan "j" er sidestilt eller klammeform. Men då eg las delar av utkastet til ny nynorskrettskriving som er ute til høyring i skrivande stund, såg eg at det var eit forslag at "ønska" skulle bli tillate. Eg har altså skrive feil. Det interessante er at nemnda som driv med utforminga av den nye rettskrivinga, i stor grad har basert dei nye forslaga på kva dei har funne ut at faktisk er i bruk blant dei som skriv nynorsk. Slik ser ein at når mange nok gjer feil, kan dette bli den nye norma. Eg håper forslaget går gjennom, elles vil eg halda fram å leva på kanten av lova. Nynorsk rettskriving er ikkje det enklaste å bli ven med. Dei som driv med normeringsarbeidet har som mål å gjera norma stramare og enklare å bruka for dei som er forplikta til å følgja rettskrivinga. For oss andre, kan andre omsyn enn ei stram norm vera viktigare, og så lenge eg ikkje er offentleg tilsett, lærar eller elev, kan eg nytta dei formene eg sjølv meiner tener språket best. Eg kunne ha skrive mykje om nynorskreforma, men det får bli til ein annan gong.

Bastant konklusjon frå språkstudina
Språket er levande mellom menneska. Det skal me vera glade for. Ein levande organisme endrar seg, og når endringane kjem, må ein vera audmjuk i møte med dei. Er dette ei endring som reduserer kvaliteten på språket, eller taper språket ingenting på at dette skjer?

Kommentarer

Anonym sa…
Jeg irriterer meg også over språkfeil (jeg prøver å ignorere talefeil), og jeg må innrømme at det kan føles ganske tilfredsstillende å være språkpoliti. Vi har jo knekt koden og kjenner normene.

På samme måte som jeg synes det er flaut å komme overpynta (eller underpynta?) til en fest, er det flaut å misforstå språknormene (håper ikke det er mange skrivefeil i denne kommentaren!). Jeg har ei venninne som absolutt ikke har det sånn. Hun blåser i alt som heter rettskrivingsregler - men så synes hun heller ikke at særskrivingsfeil på påkosta skilt er morsomme. ;)
Prøver selv å begynne å si "med tanke på" de gangene jeg vil bruke "i forhold til" feil :)

Men jeg tenkte på noe i går faktisk: når begynte "helt sikkert" å bety "høyst sannsynlig"? Det motsier jo nesten seg selv. Merkelig språkverden...
Fru K sa…
RTA: I same gate som "heilt sikkert" finn ein også "eg deltek" som svar på arrangemet på facebook. Kva skal ein no seia for at noko er sikkert og visst? "Eg deltek, eg lovar med ti knivar i hjartet"? Eg heier på deg med tanke på "i forhold til". (høyrer på den nye cden til PJ Harvey. du liker jo også musikk, kanskje du kan lika dette, du med?)

Urd: Eg tviler på at venninna di gjer så lurt i å blåsa i rettskrivinga. Lite gunstig når ein til dømes skal skriva ein jobbsøknad.

Du kan få lov til å vera språkpolitiet mitt, Urd. Bæbubæbu. (eller bør ein skriva "bæ-bu-bæ-bu"?)