Småprat

Det er eg som ringer deg, og det er ikkje fordi eg må ha noko avklart, eller fordi eg er ute etter ei matoppskrift som eg veit at du har. Skal eg berre prata? Mm. Berre det. Berre gjera øyra ditt varmt og mjukt ved hjelp av eit garnnøste av meir eller mindre gjennomtenkte ord.

Kan hende er det kvinner som er verst, eller kvinner som kan kunsten best, kan hende kunne me ha redusert utøvinga av pratinga ein smule, men jøss, karar kan då også la snakketøyet gå i det vide og det breie utan at det som kjem ut i fyrste tolkingsrunde synast å vera meiningsfullt.

Når eg småpratar, gjer eg øyra ditt til ei nål, ein reiskap som gjer at eg får sydd den raude tråden gjennom tilværet mitt, eller til ei sil som gjer at eg får skilt stort frå smått. Eg gjer det for å få avkrefta eller bekrefta oppfatningane mine om saker og ting, eg gjer det for å møta motstand, for å få ros og ris, for å justera kursen,

For at det vesle livet mitt skal få lov til å eksistera i eit anna hovud, sjølvsagd i ei anna form enn det gjer i mitt eige, men like fullt, ei form for eksistens.

Men eg skjønar jo at det ikkje er alt som er like interessant. Der er skilnad på den gode småpraten og fjasete pjatt. Ein skal verna om kunsten, så han ikkje vert til søppel for fyllinga.

Å sy ein raud tråd gjennom dagen er noko anna enn å fletta inn tilfeldige trådar i ein sladder-vev, å snakka om menneske som ikkje har noko som helst å gjera med liva våre, men som ein likevel dreg inn, fordi ein så gjerne skulle ønska at ein kunne småprata på den gode måten, men så har ein gløymd korleis ein nytta ord som får den andre så nær som ein skulle ønska.

Småpratekunsten krev at ein er ærleg. Det nyttar ikkje å byggja opp ein vernande mur som består av det perifere. Ein må søka seg til sentrum gjennom dei små tinga. Bruker ein for lang tid til å koma dit, mistar ein merksemda til det verdefulle øyra i andre enden av dei usynlege bølgjene som fer frå ein telefon til ein annan.

Ja, eg vil berre prata.
Og så kan du få gjera det same. Berre prat.

Kommentarer

Urd sa…
Jeg er helt enig. Det er både fint og nødvendig småprate av og til for å skille stort fra smått, og for å la tankene slippe ut litt. Ellers kan man både bli smågal og få vondt i hodet.

Når det gjelder diskusjonen om hvem som babler mest av kvinner og menn, vil jeg bare vise til dette: http://lingvisme.wordpress.com/2009/10/03/snakkesalige-damer/
Fru K sa…
Eg gler meg til å småprata med deg over middagen vår me skal ha i dag. Så slepp me å bli smågalne.
En veldig god småpratende tekst om viktigheten av å kvalitetssmåprate med hverandre!