Skål for måtehaldet!

Det er søndag morgon og eg tenkjer på festen i går der ein diskusjon vart avslutta før han var begynt. Eg trur han starta slik: "Eg vil auka drikkepresset i studentmiljøet", sa ein kar. "Eg er motstandar av drikkepress", sa eg. Så er det mogleg at karen gjekk på do. Det skuffa meg litt, for her har eg faktisk eitt og anna eg ville ha sagt han.

Eg har i det lengste søkt å forstå kvifor folk er så glade i å drikka store mengder alkohol. Det er mange i studentmiljøet som investerer så mykje tid og pengar i denne aktiviteten, at eitt og anna må der vel vera som gjer det verdt alt det kostar.
Sjølv kan eg kosa meg med 2-3 glas øl, vin eller kva anna der måtte stå på menyen. Eg nyt alkohol, nyt dei spanande smakane og nyt den søte, fjollete rusen. Alkoholen er ein snarveg til ei meir intens sinnstemning, til meir impulsivitet. Den sjølvkritiske sansen som elles er sterk i meg, vert svekka, alkoholen gjer at eg seier ting før eg har tenkt gjennom dei ti gonger. Det er beint fram gøy.
Men når alkoholkonsumet vert høgare, slit eg med å rettferdiggjera det eg gjer. Eg har det ikkje gøy lenger, for eg konsentrerer meg altfor hardt om å ikkje seia noko som kan vera sårande, og for å la vera å øydelegga tinga kring meg. Eg er klønete nok i edru tilstand.

No har eg aldri drukke så mykje at morgondagen vert øydelagd, men eg har svært vanskeleg for å sjå korleis dei siste timane på festen kan vera ei så høgverdig form for liv at dei fortener å få sabotera det neste døgeret. Eg har aldri vore på eit nachspiel i heile mitt liv. Men like fullt har eg hatt mange lykkelege kveldar saman med gode vener, og eg har eg eit stort sosialt nettverk. Sosialt sett saknar eg ingenting.

Eg respekterer kroppen min. Eg er kroppen min. Har ikkje kroppen det bra, så tyder det at eg ikkje har det bra. No som me er unge, er det keisamt å ta innover seg at kroppen ein dag ikkje kjem til å vera eit problemfritt konsept, og at alkoholen er ei gift som gjer jobben hardare for denne vedunderlege, sårbare konstruksjonen. Studentar er kjende for å vera harde på flaska. Det vitnar om manglande respekt for symbiosen mellom kropp og sinn.

Eg vil ikkje såra folk fordi eg ikkje tenkte meg om, eg vil ikkje gjera dumme ting som øydelegg noko for andre, eg vil ikkje ha fylleangst. Kvifor utsett folk seg for desse grensetilfella der dei ikkje lenger har full kontroll over kva dei gjer mot medmenneska sine?

Eg har respekt for min eigen fornuft. Eg vil ikkje oppføra meg så teit som fulle menneske gjer. Det er under verdigheita mi.

Eg ser at fyll og fest er bra for gruppesamhaldet. Det oppstår visse dynamikkar i festleg lag. I gruppa må ein stadig minna kvarandre om kor viktig og bra det er å ta eitt glas til. Slik oppnår ein å rettferdiggjera for kvarandre det ein driv med. Det er greitt å drikka opp studielånet og å invitera tømmermenn på besøk, for ein er ein del av noko større, ein del av ei gruppe som gjev blaffen i det som er fornuftig, ei gruppe som viser fingeren til den grå kvardagen og skapar ein tilstand av fest der dei avgrensande mekanismane er sterkt reduserte. Dette er gøy! Dette er fridom! Dette er samhald!

Og dette poenget er tungtvegande. Eg er på nippet til å godta at det gjer det verdt den sure svien. Men berre på nippet. For eg har evna til å oppleva at eg er ein del av gruppe, sjølv om gruppa ikkje er basert på fellesnemnaren alkohol. Eg har evna til å ha det intenst gøy når eg er edru. Alt eg treng er folk eg er glad i, eller folk eg framleis ikkje kjenner, men som er opne for å bli kjende med meg, så går det av seg sjølv. Eg liker dessutan å utfordra mine eigne grenser i edru tilstand. Det var taktikken min då eg innsåg at einebarn ikkje automatisk har dei beste sosiale antennene i verda. I plassen for å drikka antennene på plass, var eg i mange år fråhalds og utfordra meg sjølv til å våga å vera open og imøtekomande mot menneske. Denne prosessen tok tid, men no er også openheita ein integrert og solid del av meg. Eg liker også å gå edru på eit dansegolv, berre for å utsetta meg sjølv for å observera dei rare rørslene mine med eit klårt blikk, for så å tvinga eg meg sjølv til å akseptera dei og gleda meg over rytmen som fyller kroppen min.

Ein mild alkoholrus er ikkje å forakta i ny og ne, men når alkoholen går på bekostning av helse, økonomi og den sunne dømekrafta, då er festinga ikkje verdt det. Drikkepress burde ikkje vera ein stor og naturleg del av eit studentmiljø. Det er ikkje naudsynt for å skapa eit godt sosialt miljø. Me er då vaksne menneske som burde kunna ta ansvar for oss sjølve på ein forsvarleg måte.

Kommentarer

Bjørnar sa…
Godt og balansert sagt, Kristine!
Anna Rosa sa…
Du beskriver det veldig bra!
Hadde forresten en slikt et utfordre-meg-selv-edru-til-å-komme-over-frykt-og-heller-more-meg-episode på nå på lørdag, som eg ikkje har gjort på en stund :)
Fru K sa…
Takk, Bjørnar! Eg har ei lita vegring for å skriva argumenterande tekstar, så eg har bestemt meg for å driva eksponeringsterapi.

Eg skulle gjerne vore saman med deg då du utforda deg sjølv edru, Anna. Lenge sidan me har funne på noko gøy saman! (Me er jo så travle begge to, osb, resultatar av det hyperaktive oslo-livet.)
Anonym sa…
Makan til måteholdsekstremisme! Alt med måte, også måteholdet.
Fru K sa…
Ja, du har rett. Du veit jo at eg prøver å praktisera måtehaldet med måte, og at eg dermed vert ein sann måtehaldsekstremist. Men her gjeld det å sjå på praksisen heller enn på ordet, for i praksisen finn ein omgrepet sin sanne konsekvens, og kan hende vert det ikkje då slik ein håplaus sirkel av ord.