Det er ikkje det at me ikkje stolar på deg

Du tek deg ei utdanning, og seier til verda at ja! eg vil vera sjukepleier, lærar, professor eller kva det no måtte vera.
"Så flott", seier samfunnet, "så flott at du vil tena oss, sjå her er ein arbeidsplass til deg, me treng deg, gjer ditt beste for vårt felles beste!"

Etter applausen og ei lita pause, held dei fram:

"Og forresten, ein liten ting før du tek til med det samfunnsnyttige arbeidet ditt: Det er ikkje fordi me ikkje stolar på deg,

Men du må dokumentera alt det du gjer,

Ja, me vil gjerne få understreka dette ein gong til: Det er ikkje fordi me ikkje stolar på deg,

Men berre fordi me liker å kontrollera at alle held seg til den same standarden, til reguleringane og reglane, at alle tenestane i riket er av same kvalitet,

Så difor er det best om du bruker halvparten av arbeidstida di på å skriva ned alt du gjer, og ja, noko av den resterande tida må du rekna med å bruka på å senda søknadar. Du har dermed minst ein tredjedel av arbeidsdagen att til å utøva yrket ditt på.

Dokumentasjon er tryggleik,

Dokumenta er så gode å ha dersom politikarane skal ha noko konkret å visa til fram mot neste val, eller dersom ein domstol treng eit solid bevis for at du faktisk gjorde det rette,

Kjekt å ha, som dei seier.

For alle kan jo gjera feil, det er menneskeleg det,
Og menneskelege feil kan vera fatale for pasientar, elevar, politikarar, difor er det best at du hjelp oss med å kontrollera deg.

Ja, hugs no endeleg det, det er ikkje det at me ikkje stolar på deg.

Me liker i grunnen tanken på å kunna sjå alt, berre for å kunna gleda oss over kor flinke borgarane våre er.

Fordi me set så stor pris på deg, er me ikkje berre interesserte i kva du gjer på jobben, heile livet ditt er av interesse for oss. Det er ikkje fordi me meiner at alle er potensielle kriminelle, nei, det er tvert imot fordi me med solid overvaking kan bevisa at 90 % av borgarane våre faktisk ikkje er kriminelle, difor vil me datalagra alt me kan,

Berre for å kunna gleda oss over kor flinke, snille og pliktoppfyllande dei aller fleste er.

Snille menneske treng ikkje vera redde for overvaking og kontroll, for desse har ingenting å skjula. Me kan forsikra deg om at me aldri tek feil når me dømer nokon, sjølvsagd gjer me ikkje det, for korleis kan ein som ser alt, ta feil?"

Du opnar munnen for å seia noko. Men ingen ord forlet munnen din før dei er i gang att:

"Påstår du at me ikkje har tillit til deg?
Høyrer du i det heile etter når me snakkar til deg? Me vil berre bevisa kor snill og flink du er!"

Du opnar munnen på gløtt att.

"Er du opprørsk?
Me som trudde du var ein av oss, ein av oss snille og flinke. No er det jammen godt me har alle desse elektroniske og dokumenterande auga festa på deg. Ja, berre i tilfelle desse opprørske sidene i deg skulle gjera seg litt for gjeldande. "

Kommentarer