Semiosfæra

For den som skriv, utgjer språket det viktigaste verktøyet, og her finn ein motivasjonen min for å ta for meg det som er emnet for denne teksten. Eg vil i det følgjande vatna ut tankane til litteratur-og kulturvitaren Jurij Lotman og blanda dei saman med mine eigne refleksjonar. Det blir ei semiotisk, språkleg suppe.

Semiotikk er læra om teikn, og språket er eit system av teikn. Eit ord er eit teikn fordi det ikkje refererer til seg sjølv, men til noko som er utanfor språket. Eit tre eksisterer til dømes ikkje i språket, men ordet 'tre' viser til noko i verda utanfor språket. Lotman skriv om kultursemiotikk, og har eit breiare perspektiv enn det reint språklege. For Lotman består heile kulturen av ulike semiotiske system.

Språket er ifølgje Lotman med på å konstruera modellar av røynda. Ein modell vil aldri vera heilt lik det han modellerer, men han kan heller ikkje vera heilt ulik det modellerte. Når ein modell ikkje er lik røynda, er det verdt å spørja seg om kva for ein modell av røynda det skrivande mennesket er med på å oppretthalda. Kva slags modell har eg presentert for lesarane mine i løpet av bloggetida mi? Modellane mine av røynda har endra seg ein god del frå dei fyrste innlegga i 2003. Åra borte frå Bryne har gjort noko med måten eg modellerer på. Når eg skriv, ønskjer å vera medviten om kva eg serverer. Er modellen min haldbar, er han i tråd med verdiane eg ønskjer å formidla, eller er det berre surr som skurrar i møte med røynda? Eg vil skapa ei modell av verda der det vakre og ordlause får løpa fritt, der kjærleiken eksisterer, og der tankar får rom til å bli tenkte.

Lotman nyttar det vakre omgrepet semiosfære for å omtala organiseringa av teiknsystema våre. Ein viktig mekanisme er grensa mellom dei ulike romma i semiosfæra. Denne grensa hjelp ein å definera kva som er trygt, harmonisk, organisert og kjent, i motsetnad til det som er kaotisk, farleg og framandt. Korleis ser det semiotiske rommet mitt ut? Eg vil forsøka å definera det ved å sjå på kva det ikkje er. Dersom eg til dømes skreiv ei saftig rekke med banneord, ville nok det bli oppfatta som eit kaoselement i semiosfæra mi. Og endå verre, kva om eg tok til å skriva på bokmål? (Det har eg gjort i bloggen sin spede barndom. Men dette er historie. Semiosfæra mi har endra seg, nett som modellen av røynda har gjort det, nett som eg er endra.) Det er ei grense mellom språket mitt og dei andre sine språk. Det er ein herleg tanke at andre språk eksisterer, og at eg kan få lov til å utvida og endra mitt eige språk ved å la meg inspirera av språket til dei eg finn det verdt å lytta til.

Lotman skil mellom sentrum og periferi i semiosfæra. I sentrum stivnar tekstane, medan det som blir skapt i periferien, kjem i konflikt med normene som regjerer i sentrum. Dette gjer semiosfæra dynamisk. Eit døme på eit språk som ligg nært sentrum, er språkbruken i det offentlege. I denne språklege kjernen er språket ”normalt”. I periferien er språket fargerikt og markert, og det er i periferien eg ønskjer å leika meg. For at det norske språket si semiosfære skal vera levande, er det naudsynt at der eksisterer ein vital periferi der det er rom for å lausna opp i stivna omgrep og å laga ord som bidreg til alternative modeller av røynda. ”Patchwork”-posten eg skreiv på bloggen for ei stund sida, er eit døme på perifer språkbruk. Grensene må utfordrast, og eg vil sjå kor langt eg kan gå før språket sluttar å kommunisera med lesarane. Kan hende går eg av og til for langt og mistar lesaren. Men eg vil heller gå for langt enn for kort. Språket er levande, og eg vil la det utfolda seg. Og for å trekka tråden attende til modellane av røynda: Modellane treng å bli utfordra! Elles vert me fastlåste i ein modell av røynda som vert definert av dei som har makt i samfunnet. (Tv-pratarane, tabloid-skrikarane, reklame-blottarane, bullshit-politikarane, penge-maskinistane osb.)

Når det gjeld enkeltorda si stilling i Lotman sin semiotikk, så meiner han at eit ord ber med seg meir meining enn det som står i ordboka. Kvar gong eit ord vert nytta, får det knytt til seg meining som berre kan oppstå i den spesifikke situasjonen. Dette utgjer ei utfordring for den som lengtar etter å kommunisera ein bodskap i eit glasklart språk. Mottakaren av teksten kan ha andre konnotasjonar knytt til orda enn det avsendaren har. For ein poet treng ikkje dette vera eit problem. Poeten kan tvert imot spela på at språksystemet er dynamisk. Ein diktar kan gjeva rom for lesaren si personlege ordforståing, og slik opna opp teksten.

Dette var berre nokon av dei mange tankane eg møter i studiet mitt. Eg studerer for tida med ein entusiasme som er grunna i at språket er ein fascinerande konstruksjon. Tenk at me i det heile kan overføra meining frå eit biologisk vesen til eit anna! Er det berre eg som vert fylt av undring?

Kjelda eg nytta er boka "Kultursemiotikk" av Jurij Lotman, med forord av Jostein Børtnes.

Kommentarer

PerMS sa…
Flott at du tar en liten miniforelesning her på bloggen... Ikke helt ukjent stoff, men jeg blir klokere av å lese det du skriver (også denne gangen).
Jeg skal skaffe med den boka og lese den med mine arkitekt-pedagog øyne. Det du skriver om språk og tegn er ikke lite relevant innen pedagogikk (og barneoppdragelse..). Hvilke virkeligeheter tror man man kommuniserer? ... og innen arkitektur, der vi formulerer oss med solide meaterialer, volumer, farger... I begge tilfeller er uvitenhet om tegn potensielt skadelig. Pedagoger og arkitekter bør ikke KØDDE med folk. Der står jo kunstneren litt friere.

God jul, forresten
p
Fru K sa…
Så kjekt at nokon set pris på fagformidlinga mi!

Det må vera interessant å ha arkitekt-pedagog-auge. Eg har ikkje lese heile boka, så det er mogleg du finn ut at eg har misforstått noko. Om du finn noko spanande, vert eg glad for å høyra om det.

God jul!