Meir is?

Me et brownies og is, drikk kaffi og te og er samde om at det er så alt for lenge sidan sist og at det ikkje må bli for lenge til neste gong. Alle fortel kva dei har gjort og korleis det går med studia eller jobben. Noko nytt? Nei.

Eg spør ein av oss om han er klar for å reisa attende til Afghanistan. Det er ikkje lenge til.

Han seier: ”No vart samtala så alvorleg”,

og han fortel om unge gutar som må setta opp testamente og skriva dødsbrev før dei reiser, som må snakka med sine kjære og med seg sjølve om kvifor dei vel å reisa ut. Om småbarnsforeldre som vert oppmoda til å skriva brev som barna kan få når dei vert gamle nok til å forstå, berre i tilfelle noko skulle skje, dei som reiser ut, må forklara kva som gjorde at mamma eller pappa var villig til å ofra livet, det er viktig å få fram at ein er glad i barnet sitt, ja, berre sånn i tilfelle. Dei yngste og uerfarne, tjueåringane som gjerne er drivne av eventyrlyst, dei må fortelja seg sjølve kvifor dei gjer dette og om det er verdt det, for om denne tanken fyrst kjem ute i felten, om ein då føler at ein må stansa for å finna ut kvifor i alle dagar ein er der ein er, så er det ikkje tid til slike refleksjonar, uansett kva ein føler, så må ein vidare, det er alltid nokon som roper deg i gang att, og då vert ikkje tankane handsama på ein god måte, då vert dei liggande til neste gong dei tek til å skrika. Han fortel kor barnslege karane vert når psykologen tek kontakt, men at han sjølv, ja, han har jo ein del erfaring etter kvart, prøver å vera open om slike ting, prøver å vera eit godt førebilete og fortelja at det er heilt vanleg å få mareritt etter å ha sett alt det dei må sjå. Men han fortel også kor irriterande det er at han sjølv har fått innkalling til psykolog for å bli debrifa når han kjem attende, for han har utarbeida sin eigen rutine på dette, han treng ei veke heilt for seg sjølv, kan hende går han i fjellet, og etter ei stund er han klar for å koma attende, attende til oss som sit og et brownies og ler, og som fyller opp trikkar og gater med norsk kvardag. Han fortel om ein som vart skutt gjennom magen, og som på grunn av skadane vart redusert til ein strek på 45 kilo, men som ufatteleg nok er frisk i dag, om ein annan som vart drepen, og så, ei historie om ein som nesten mista tærne ein gong Taliban skaut mot dei.

Og eg tenkjer: Taliban? Skyting?

Eg legg merke til at dei andre har teke opp heilt andre samtaletrådar, lyse og fine trådar, medan dei ler og kastar nøtter på kvarandre. Me let praten gli vidare inn i rolegare farvatn, for me har jo høyrt han snakka om dette før, me har både høyrt og lytta, men kva har me eigentleg forstått? Er det nokon som vil ha meir is før eg set han inn att i frysa?

Kommentarer