Kjøp meg!

Den mindre poetiske delen av Frk. K er studine ved humanistisk fakultet, eit fakultet der eit overveldande fleirtal av studentane ikkje veit kva dei skal bli. Ei utbreidd oppfatning er at ein stor del av oss vert lærarar eller saksbehandlarar i NAV.
Dei fleste humanistar vel faga sine av lidenskap, ikkje på grunn av konkrete karriereambisjonar. Og når framtidig karriere vert eit påtrengande samtaleemne, til dømes i familieselskap, er det berre å finna seg nokre humanistvener å ta eit par øl med. Så går angsten for framtida over for ei stund.

Men humanistisk fakultet prøver då å få noko utav oss, det skal dei ha. I dag arrangerte dei eit seminar med namnet ”kulturlivet som arbeidsplass”. Dei hadde klart å spora opp fire humanistar som hadde fått seg ein meir eller mindre relevant jobb etter studia. Berre éi av dei fire hadde fast stilling, dei tre andre var tilsette i vikariat og tidsavgrensa arbeidsavtalar.

Det viktigaste for å få ein relevant jobb i følgje dei fire, var visst ikkje å prioritera studia, nei, det viktigaste er det ein gjer ved sidan av studia. (Universitetet skjerpar for tida innsatsen for å få studentar til å fullføra på normert tid, så seminartalarane snakka ikkje oppdragsgjevarane heilt etter munnen.) Heile livssituasjonen er potensielt relevant for karriera. Det ein gjer på ved sidan av studia, bør vera ein relevant jobb eller eit relevant engasjement i ein organisasjon. Sørg i alle fall for å få bygd opp eit relevant, fagleg nettverk. Og så bør ein helst ta seg nokre semester i utlandet.

Alt eg treng å gjera for å få meg ein relevant jobb etter studia, er å nedprioritera alt som er irrelevant (herunder: vener som ikkje har relevant kompetanse eller eit relevant nettverk, irrelevant tidtrøyte som berre er morosamt, familie som ikkje har relevant kompetanse eller eit relevant nettverk, samt pausar som ikkje er absolutt naudsynte for oksygenopptaket. det er kan hende relevant å halda seg i form, for alle dei fire med relevant jobb var slanke og pene.)

Lev relevant!

Ein annan bodskap vart også kommunisert på seminaret: Det viktige er å skilja seg ut.

Sjølvsagd er det positive skilnadar som er relevante i denne samanhengen, ikkje negative avvik. Og når ein har funne ut kva som skil ein frå mengda, må ein læra seg å dyrka og selja desse fortrinna i ein jobbsøkarsituasjon.

For eit herleg prosjekt! Eg skal få forma meg sjølv til ei interessant vare, og så skal eg marknadsføra meg sjølv. Vil du kjøpa meg? Sjå! så attraktiv og lekker eg har gjort meg for deg, du min potensielle arbeidsgjevar!

Vent, eg må berre gå å kasta opp alle dei vakre orda eg har putta i meg om danning, alle perspektiva poesien og litteraturen har gjeve meg, all den kritiske tenkinga eg har prøvd å fordøya, alt det vakre som gjer meg glad, kjærleiken, det er ikkje dette marknaden vil ha, dei vil ha eit turbomenneske med organisasjonserfaring, arbeidslivserfaring og eit solid nettverk å suga viktige kontaktar og kompetanse utav.

Endeleg veit eg kva eg skal bli når eg blir stor: Ei attraktiv vare på arbeidsmarknaden!

Tankerekkene i denne teksten har gjort meg forvirra, arbeidslivsseminaret har ført meg ut i villreie: Er det BI eller humanistisk fakultet eg studerer ved?

Kommentarer