Tekoppen din?


”Jolly good, cup of tea then Bruce.”
The White Stripes, “It’s true that we love one another”

På bordet står det ein kopp.
- Er det din tekopp? spør eg.
- Nei, seier du, trekk på skuldra, reiser deg og tuslar ut på kjøkkenet. Snart høyrer eg lyden av vatn i ein vasskokar. Boblene vert stadig større. Det luktar kanel idet du kjem attende.
- Er det tekoppen din? spør eg.
- Nei, svarer du nølande og rister på hovudet, før du spør: - Vil du ha?
- Men om koppen ikkje er din, kan du vel ikkje gjeva han til meg?
- Meiner du at du ikkje kan ta imot ein tekopp berre fordi eg sjølv ikkje går god for at det er min tekopp?
- Har du ingen tekopp?
- Hm?
- Eg seier: Har du ingen tekopp?
- Nei. Du har aldri gjeve meg nokon tekopp.
- Du kunne då ha fått tak i ein frå nokon andre?
- Nja. Du seier noko der. Jo, når eg tenkjer meg om, så har eg faktisk hatt tre tekoppar, men koppar knusar.
- Men då…,
- Du, skjerp deg, denne koppen er varm, handa mi vil snart ikkje halda han fast meir. Kan du ikkje vera så snill å ta imot?
- Kan du ikkje ta han sjølv?
- Dei færraste er komfortable med å servera te til seg sjølve.
- Ta den som står på bordet, då!
- Er han din?, spør du med eit løfta augebryn.
- Ja, kanskje det! Eller… Jo det må det vera, for det er ingen andre som bur her, er det vel?
- Nei, ikkje så vidt eg veit. Det er nok din tekopp, skal du sjå.
- Greitt, så er det er min tekopp. Men då må du gå med på at koppen du held er din eigen. Elles tek eg ikkje imot.
- Dette er tekoppen min, seier du og rekk han til meg. Eg tek imot. Med andre handa løftar eg samstundes koppen som stod på bordet, og gjev han til deg. Då berre ein person kan ha fingrane sine i kvar av dei to hankane om gongen, er det ikkje til å unngå at fingertuppane våre registrerar ein ukomfortabelt høg temperatur under tekopputvekslinga.

 
Forfattarkommentar:  Var dette ein irriterande tekst? Følte du no at frk. K har sløst med tida di att?Vel, åtvaringa står under tittelen på bloggen min, så eg har mitt på det reine. Kvifor publiserer eg tekstar som tilsynelatande er tullete? Fordi eg vil leika med ord og meining! For meg er ikkje te - teksten meiningslaus. Eg har sjølv ei tolking som eg meiner at kan forsvarast. Teksten er inspirert av ei facebookmelding frå Hedda, der ho spurte meg om noko var min cup of tea. Metaforen tok til å demontera seg i hovudet mitt, og det heile vart svært konkret. Så te - kopp - teksten kan lesast som ein tekst om preferansar. Men det er jo berre eit forslag. Orkar du lesa teksten ein gong til?

Kommentarer

Hedda sa…
haha, fin vri! du overrasket meg med den :) jeg syntes det var en søt tekst, med definitive ikke-meningsløse undertoner...